Auka internasjonalisering inneber mellom anna at
talet på internasjonale familiar med barn aukar. I nokre av desse
familiane vert konfliktane så store at ein av foreldra tek med seg
barnet eller barna til utlandet, oftast til heimlandet sitt. Det
er etablert internasjonale avtalar som skal sikre at barn som er
bortførte skal førast tilbake til landet dei budde i før bortføringa,
og at konfliktar mellom foreldra med omsyn til barnet sin bustad
vert løyste i rettsapparatet i dette landet. Det internasjonale
samarbeidet om barnebortføring har i praksis vist seg ikkje å vere
nok til å sikre at alle saker om barnebortføring løyser seg innan rimeleg
tid. Slike saker er stadig framme i media, og situasjonen kan vere
særs vanskeleg for barna og foreldra. Det er difor behov for nye
tiltak som kan bidra til løysing.
I proposisjonen legg Arbeids- og sosialdepartementet
fram forslag til ei ny lov om stans i utbetalinga av offentlege
ytingar og barnebidrag når ein av foreldra har bortført eit barn
til utlandet. Som barnebortføring reknar ein tilfella der ein av
foreldra tek med seg eit barn som bur i Noreg til eit anna land
i strid med foreldreansvaret, eller eventuelt held tilbake barnet
i eit anna land etter eit lovleg opphald der.
Etter reglane i dag har barnebortføring i seg
sjølv ikkje noko å seie for utbetalinga av offentlege ytingar eller
innkrevjing og utbetaling av barnebidrag. Utbetaling av ytingar
og bidrag til den av foreldra som har teke med seg barn til utlandet
i strid med foreldreansvaret, vert ofte opplevd som offentleg finansiering
og legitimering av den ulovlege handlinga.
Opphald i utlandet kan likevel føre med seg
at vilkåra for ei yting ikkje lenger er oppfylte. Den nye lova tek
sikte på å sikre ei rask vurdering av retten til ytingar etter ei
bortføring til utlandet, slik at ytingar vert stansa så snart som
mogleg når vilkåra ikkje er oppfylte.
Etter lova skal ein ved barnebortføring også
halde tilbake barnebidrag og ytingar som ein elles har rett til
i utlandet når dette ikkje kan reknast som eit uforholdsmessig inngrep
i den konkrete situasjonen.
Lovforslaget svarar i det vesentlege til forslaget i
Prop. 200 L (2012–2013), som vart lagt fram av regjeringa Stoltenberg
II. Regjeringa trekte denne proposisjonen tilbake for å vurdere
om ein kunne få med andre tiltak som kan fremje tilbakeføringa av
barn som vert bortførte, mellom anna om ein kunne ta beslag i bortføraren
si formue i Noreg. Justis- og beredskapsdepartementet vil vurdere
om det er tilstrekkeleg grunn til å utgreie slike beslag. Saka reiser
vanskelege spørsmål, og ei utgreiing vil venteleg ta tid. Ein bør
ikkje vente med gjennomføringa av reglane om å halde tilbake ytingar
og barnebidrag i bortføringssakene, og proposisjonen vert difor
lagt fram på nytt. Departementet vil vurdere nye tiltak på bakgrunn
av erfaringane i praksis.
Formålet med lova er å fremje rask tilbakeføring av
barn som er bortført til utlandet av ein av foreldra og førebyggje
slik bortføring. Lova gjev også generelle reglar om utbetaling av
offentlege ytingar og innkrevjing av barnebidrag etter at eit barn
er bortført.
Etter forslaget gjeld lova saker med bortføring frå
Noreg til utlandet som vert rekna som bortføringssaker etter Haag-konvensjonen
frå 1980 om dei sivile sidene ved internasjonal barnebortføring
eller Europarådskonvensjonen frå 1980 om godkjenning og fullbyrding
av avgjerder om foreldreansvar og om gjenoppretting av foreldreansvar.
Saker som involverer land som ikkje er med i konvensjonane, skal
reknast som bortføringssaker når politiet har registrert barnet
som sakna eller har oppretta straffesak. Som barn vert rekna personar
som ikkje har fylt 16 år.
Offentlege ytingar er i forslaget til § 3 definerte som
ytingar som vert administrerte av arbeids- og velferdsforvaltninga
og Husbanken, medan barnebidrag vert avgrensa til barnebidrag som vert
kravd inn av arbeids- og velferdsetatens innkrevjingssentral.
Etter lovforslaget skal det gå meldingar til
arbeids- og velferdsforvaltninga og til Husbanken om barnebortføringar
som går inn under lova. Dette skal sikre ei rask vurdering av retten
til ytingar etter ei bortføring til utlandet, slik at ytingane kan
bli stansa så snart råd er når vilkåra for utbetaling i utlandet
ikkje er oppfylte. Det vert også presisert at det ikkje skal skje
endringar i innkrevjinga av barnebidrag på grunn av ei barnebortføring,
jf. lovforslaget §§ 4 til 6.
Etter lovforslaget § 7 skal ein også halde tilbake ytingar
og barnebidrag når dette kan fremje tilbakeføring av barnet, men
ein skal ta med i vurderinga risikoen for at barnet og bortføraren vert
påført skade. Det skal ikkje treffast avgjerd om å halde tilbake
ytingar eller barnebidrag dersom dette må reknast å vere for inngripande
ut frå den konkrete situasjonen.
Lovforslaget §§ 8 og 9 gjev heimel for innhenting
av opplysningar i saker om å halde tilbake ytingar og barnebidrag
og opnar for å be om ei vurdering frå ein sakkunnig før det vert
gjort vedtak.
Spørsmålet om å halde tilbake eller ikkje halde tilbake
ytingar og barnebidrag skal vurderast på nytt dersom nye opplysningar
eller endringar i dei faktiske tilhøva talar for det, og i alle
tilfelle skal ei sak vurderast på nytt når det er gått to år etter
bortføringa utan at saka er løyst (§ 10).
Pengar som er haldne tilbake etter lova, skal
stå på sperra og renteberande konto og utbetalast når saka er løyst,
til dømes ved tilbakeføring av barnet. Offentlege ytingar skal i
alle høve utbetalast når barnet fyller 16 år, dvs. den same aldersgrensa
som for tiltak i bortføringssaker etter Haag-konvensjonen frå 1980.
Barnebidrag på sperra konto skal utbetalast til barnet når barnet
fyller 18 år. Desse reglane går fram av lovforslaget § 11.
Lovforslaget § 12 har reglar om ytingar og barnebidrag
til den attverande av foreldra. Ein skal etter forslaget halde fram
med desse utbetalingane i inntil 6 månader etter bortføringa, men
i inntil 12 månader dersom den attverande framleis har utgifter
knytte til omsorga for barnet, eller dersom andre særlege grunnar
gjer det rimeleg. Ytingar vil i dette tilfellet seie ytingar som
vert utbetalte til den attverande som representant for barnet eller
som den attverande får på grunn av omsorga for barnet.
I lovforslaget § 13 vert det presisert at lova
også gjeld for saker der ein av foreldra eller begge har bortført
eit barn som barnevernet har teke over omsorga for. Tiltak etter
lova vil i slike tilfelle kunne nyttast mot begge foreldra.
Lovforslaget § 14 gjev reglar om handsaminga av
saker om å halde tilbake ytingar og barnebidrag. Forvaltningslova
skal gjelde, med dei presiseringane og særreglane som går fram av paragrafen.
Når det gjeld handsaming av andre saker etter
lova, til dømes spørsmålet om stans i ytingar etter lovforslaget
§ 5 av di bortføraren og barnet er i utlandet, skal dei vanlege
reglane for dei einskilde ytingane gjelde. Tilsvarande gjeld for
innkrevjing av barnebidrag. Dette vert slege fast i dei aktuelle
paragrafane.
Etter lovforslaget § 16 tek lova til å gjelde
frå den tid Kongen fastset. Lova skal også omfatte saker der bortføringa
skjedde før lova tok til å gjelde, likevel slik at ytingar og barnebidrag
for tidsrom før lova tok til å gjelde, ikkje kan haldast tilbake
med heimel i lova.
Forslaget til ny lov vil kunne føre til at ytingar som
vert utbetalte i saker med barnebortføring frå Noreg til utlandet,
vert stansa på et tidlegare tidspunkt enn i dag (av di det raskt
vil gå melding til arbeids- og velferdsetaten om at det har skjedd ei
barnebortføring til utlandet). Dette vil særleg kunne dreie seg
om barnetrygd, bidragsforskott, bustøtte og ytingar frå folketrygda
til einslege forsørgjarar. Det er likevel så få slike barnebortføringar
per år at det ikkje er grunnlag for å justere dei ulike stønadsbudsjetta.
Den nye ordninga med å halde tilbake offentlege ytingar
og barnebidrag vil i seg sjølv ikkje påverke stønadsbudsjetta, ettersom
det dreier seg om å halde tilbake ytingar som i alle tilfelle skulle
ha vore utbetalte. Endringa går berre ut på at ytingane ikkje lenger
skal bli utbetalte til bortføraren, men mellombels skal gå inn på
ein sperra konto.
Forslaget om å kunne halde tilbake offentlege
ytingar og barnebidrag vil føre til administrativt meirarbeid i
høve til i dag for dei ulike instansane som er involverte i handsaminga
av saker etter den nye lova.
Det vert vist til proposisjonen for ein gjennomgang
av desse konsekvensane.
Departementet legg til grunn at dei totale kostnadene
ved innføringa av den nye ordninga ikkje gjer det naudsynt å endre
dei gjeldande budsjettrammene.
I høyringsnotatet peika departementet på behovet
for å følgje med på konsekvensane av å innføre ei ordning med tilbakehald
av offentlege ytingar og barnebidrag ved barnebortføring.
Departementet er samd i at det er behov for
å evaluere ordninga. Ordninga med å halde tilbake offentlege ytingar
og barnebidrag tek sikte på å fremje tilbakeføring av barnet i bortføringssaker, og
effekten med omsyn til dette blir eit hovudpunkt ved evalueringa.
Dersom tilbakeføring av barnet skjer relativt kort
tid etter at ein set i verk åtgjerda, vil dette kunne tolkast som
ein indikasjon på at tiltaket har effekt. Det er likevel fleire
tiltak som kan vere i bruk og få verknad samtidig. Til dømes vil Justis-
og beredskapsdepartementet sende ein søknad etter Haag-konvensjonen
frå 1980 til landet der barnet oppheld seg for å be om assistanse, den
attverande av foreldra kan melde barnet sakna hos politiet eller
starte straffesak. Ved bortføringssaker til eit ikkje-konvensjonsland
vil diplomatiske midlar bli tekne i bruk. Det kan difor vere vanskeleg
å konkludere med omsyn til årsaka til at ein bortførar vel å returnere
med barnet. Det vil også vere viktig å konstatere eventuelle uheldige
sider ved ordninga.
Ein eventuell førebyggjande effekt vil ein kunne sjå
dersom talet på bortføringssaker går ned etter at ein byrjar med
å halde tilbake ytingar og barnebidrag. Det kan også vere aktuelt
å få kunnskap om effekten av ordninga ved å sende spørjeskjema til
partane etter at tiltaket har vore nytta i deira tilfelle.
Departementet vil sørgje for at ordninga med
å halde tilbake ytingar og barnebidrag ved barnebortføring vert
evaluert på eigna vis. Dette bør skje tidlegast etter at ordninga
har vore i kraft i tre år.