Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
I perioden frå 2002 til 2012 auka delen barn i låginntektsfamiliar frå fem til åtte prosent. Dette er hushald som gjennom tre år har hatt ei gjennomsnittleg netto inntekt under 60 prosent av medianinntekta. Med denne måten å måle fattigdom på var det 78 000 fattige barn i Noreg i 2012. Barn utgjorde ein større del av låginntektsgruppa i 2012 enn i 2002, og delen fattige barn er blitt like høg som delen fattige i befolkninga elles.
Det er fleire årsaker til at delen fattige barn har auka. Inntektsutviklinga har ført til at låginntektsgrensa har blitt høgare. Auka innvandring har medverka til at det har blitt fleire barn i låginntektsfamiliar. I 2012 hadde halvparten av barna i låginntektsfamiliar innvandrarbakgrunn. Det har også vore ein auke i talet på einslege forsørgjarar med låginntekt. Vidare har mange offentlege overføringar og ytingar ikkje blitt regulerte i samsvar med lønns- og prisveksten, og det har hatt konsekvensar for kor mange familiar som har låginntekt. Særleg er barnetrygda viktig i denne samanhengen.
Den viktigaste årsaka til låginntekt er likevel manglande yrkesdeltaking. Riksrevisjonen vil peike på at verkemiddel som medverkar til at fleire kjem i arbeid, framleis må vere sentrale i arbeidet for å redusere omfanget av barnefattigdom.
Stortinget har i fleire samanhengar gitt uttrykk for at alle barn skal kunne delta på viktige sosiale arenaer slik barnekonvensjonen legg til grunn. Det vil seie at kommunane må ha tiltak som inkluderer barn og unge frå økonomisk vanskelegstilte familiar.
Statlege tilskotsordningar har medverka til at mange kommunar har etablert tiltak som gjer det mogleg for fleire barn å delta sosialt. Mange kommunar har likevel få tiltak retta mot fattige barn og unge. Til dømes har berre éin av fem kommunar fribillettar til symjehall eller kino, og tre av fem kommunar har ordningar for å gi økonomisk støtte til kontingentar.
Det er ingen samanheng mellom kor høg delen barn i låginntektsfamiliar er i ein kommune, og kor mange tiltak kommunen har mot barnefattigdom. Kommunar som har omtalt barnefattigdom i planverket sitt, har derimot fleire tiltak enn andre kommunar. Det vil seie at manglande merksemd og svak forankring av arbeidet kan vere noko av forklaringa på kvifor nokre kommunar har få tiltak mot barnefattigdom.
Berre éin av fem kommunar har ordningar for redusert foreldrebetaling i barnehage for familiar med låg inntekt, slik det er lagt opp til i forskrift til barnehagelova. I mange kommunar ligg grensa for redusert betaling langt under låginntektsgrensa til EU, noko som vil seie at mange med låginntekt ikkje drar nytte av ordningane for redusert foreldrebetaling. Om lag halvparten av barnehagebarna går likevel i ein barnehage i ein kommune som tilbyr redusert pris, sidan det i stor grad er kommunane med mange innbyggjarar som har ordningar for redusert foreldrebetaling.
Mange kommunar opplever at det er vanskeleg å vite kva for barn og unge som treng tiltak, og korleis tiltaka bør formast for å nå målgruppa. Likevel har berre éin av ti kommunar evaluert tiltaka dei har mot barnefattigdom. Vidare har éin av fire kommunar ikkje kartlagt levekåra til innbyggjarane slik lov om sosiale tenester i Nav legg til grunn. Det kan difor vere mange kommunar som ikkje har den informasjonen som er nødvendig for å vurdere kva tiltak kommunen har behov for, og for å vurdere korleis tiltaka bør innrettast for å nå fram til økonomisk vanskelegstilte barn og unge. Måten kvar enkelt kommune har innretta arbeidet med å redusere konsekvensar av fattigdom blant barn og unge på, er avhengig av lokale forhold. Erfaringar frå andre kommunar kan likevel vere nyttige. Riksrevisjonen meiner at det er ei viktig oppgåve for både kommunane og statlege aktørar å medverke til at kunnskap om gode løysingar og metodar blir brukt i kommunane sitt arbeid med å forme tiltak som når fram til fattige barn og unge. Slik Riksrevisjonen vurderer det, kan få og lite treffsikre tiltak i kommunane avgrense dei moglegheitene barn og unge har til å delta på viktige sosiale arenaer.
Fleire statlege aktørar har verkemiddel som skal vere med på å redusere konsekvensar av fattigdom blant barn og unge: departement, direktorat og Fylkesmannen. Ifølgje Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet er samarbeidet på departementsnivå godt, og departementa meiner at dei utfyller kvarandre i arbeidet gjennom ulike perspektiv og verkemiddel.
Det er likevel lite samarbeid mellom aktuelle direktorat, dvs. Arbeids- og velferdsdirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi). Det er til dømes lite samarbeid mellom Arbeids- og velferdsdirektoratet og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet om tilskotsordningane som dei to direktorata forvaltar, sjølv om ordningane har medverka til ganske like tiltak. Tiltak som ferietilbod, utlån av utstyr, foreldrerettleiing og tiltak for ungdom utan arbeid er til dømes blitt etablerte med støtte frå den eine tilskotsordninga i nokre kommunar og frå den andre tilskotsordninga i andre kommunar. Riksrevisjonen meiner at det er behov for å samordne dei statlege tilskota mot barnefattigdom i større grad, blant anna for å forenkle det administrative arbeidet knytt til ordningane både i kommunane, hos Fylkesmannen og i direktorata.
Sjølv om rundt halvparten av barna i låginntektsfamiliar har innvandrarbakgrunn, er IMDi i liten grad involvert i arbeidet mot barnefattigdom. Riksrevisjonens vurdering er at IMDi har kompetanse som kommunane kan ha nytte av i arbeidet med tiltak som skal inkludere fattige barn og unge i sosiale aktivitetar.
Lov om sosiale tenester i Nav har som formål å medverke til at utsette barn og unge får eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. Det inneber blant anna at kommunale tenester må samarbeide om å fange opp barn og unge som treng hjelp, og dei må koordinere bruken av verkemiddel. Barnefattigdom er eit tema som vedkjem mange av tenestene og ansvarsområda i kommunane, og det er særleg viktig med eit godt samarbeid mellom Nav og barnevernstenesta. Når det gjeld økonomisk støtte til fritidsaktivitetar, er det likevel ei gråsone mellom desse tenestene. Riksrevisjonen meiner det er eit behov for å gjere tydeleg når ein skal bruke barnevernlova, og når ein skal bruke lov om sosiale tenester i Nav i slike saker.
Arbeids- og sosialdepartementet har hatt koordineringsansvar for Handlingsplan mot fattigdom. Handlingsplanen gir oversikt over tiltaka mot fattigdom og ser ut til å ha auka merksemda om barnefattigdom. Det er derimot usikkert i kva grad planen har medverka til at alle barn kan delta og utvikle seg, som var eit av måla med tiltaka i planen. Riksrevisjonen meiner at det ikkje i tilstrekkeleg grad har vore lagt til rette for at Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet kan følgje med på i kva grad dei statlege verkemidla medverkar til å inkludere barn og unge i sosiale aktivitetar.
I 2011 budde nesten 60 000 barn i hushald som fekk sosialhjelp. Forvaltningslova krev at ei sak skal vere så godt opplyst som råd før ein gjer vedtak. Ifølgje rundskriv til lov om sosiale tenester i Nav skal Nav-kontora vurdere den heilskaplege livssituasjonen og behova til kvart enkelt barn individuelt når dei får søknad om sosialhjelp frå personar med forsørgjaransvar. Mange Nav-kontor kartlegg ikkje systematisk livssituasjonen til barna. Til dette høyrer behovet deira for klede, sko og utstyr og om det er råd for dei å vere med på ulike fritidsaktivitetar. Fleire søknader har fått avslag fordi dei mangla opplysningar. Mange kontor vurderer heller ikkje behova til barna individuelt, men bruker i staden rutinemessig statlege eller kommunale rettleiande satsar for sosialhjelp.
Utfordringane ved Nav-kontora sitt arbeid i slike saker kan blant anna kome av mangelfulle rutinar, at det er krevjande å tolke lov og rundskriv og å utøve skjønn på dette området, eller at desse oppgåvene ikkje får nødvendig prioritet. Få kommunar har etablert ein god internkontroll i Nav. Det er eit leiaransvar å sørgje for at internkontroll blir teken i bruk som eit verkemiddel for å sikre god praksis.
I 2012 kom eit nytt rundskriv til lov om sosiale tenester, og i dette skrivet er behova til barna tydelegare lagde vekt på enn tidlegare. Fylkesmennene har gitt opplæring i det nye rundskrivet til leiarar og tilsette i Nav, i regi av Arbeids- og velferdsdirektoratet. Direktoratet har også arrangert fleire konferansar i samarbeid med fylkesmennene der barnefattigdom har vore tema. Riksrevisjonen meiner det må forventast at Nav-kontora no har dei nødvendige føresetnadene for å oppfylle krava om kartlegging og individuelle vurderingar av behova til barna, slik at det er råd å sjå ei tydeleg forbetring gjennom dei næraste åra.