1.1 Om hovudinnhaldet i meldinga

Nærings- og fiskeridepartementet legg med dette fram ei melding til Stortinget om dei fiskeriavtalane Noreg har med andre land. Ei slik melding skal leggjast fram årleg. Meldinga vart første gong lagt fram i 1995.

Denne meldinga omtalar kvoteavtalane for 2014 og norsk deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar. Meldinga gjer vidare greie for bestandsutrekning, rådgjeving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltningsplanar for dei viktigaste bestandane som Noreg deler med andre land. Meldinga omtalar òg dei kontrolltiltaka som er sette i verk for å kontrollere norsk og utanlandsk fiske på avtalte kvotar, i tillegg til kontrollsamarbeidet med andre land og tiltak mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Til sist gjev meldinga ei oversikt over i kva grad norske og utanlandske fiskarar utnytta kvotane sine i 2012 og 2013, og kva slags fartøygrupper som fiskar på dei kvotane Noreg har i sonene til andre land.

Kvoteavtalane for 2014 finst på Nærings- og fiskeridepartementet sine heimesider: http://www.regjeringa.no/nfd.

1.2 Nærare om kvoteavtalane for 2014, deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar

Noreg – Russland

I fiskeriforhandlingane med Russland om ein kvoteavtale for 2014 har partane bestemt ein totalkvote for nordaust-arktisk torsk på 993 000 tonn, som er ein nedgang frå 2013. I tillegg vart det fastsett ein kvote på kysttorsk på 21 000 tonn. Partane justerte i 2009 den etablerte forvaltningsstrategien ved at det er lagt inn ein mekanisme som skal sikre at kvotefastsetjinga òg tek høgd for periodar med sterk vekst og oppskriving av bestanden. Det er sett av ein torskekvote til tredjeland på 138 530 tonn. Med overføring av ein del av den russiske kvoten til Noreg, er den samla norske kvoten av torsk nord for 62˚N på 415 735 tonn. Som følgje av tilbakeføring av unytta tredjelandskvote på 15 000 tonn er den samla norske kvoten av torsk nord for 62˚ N 451 735 tonn, inklusive kysttorsk. Forskingskvoten på 7 000 tonn er ikkje medrekna. I tillegg står det att 7 704 tonn torsk frå tredjelandskvoten som ikkje er fordelt.

Totalkvoten for hyse er fastsett til 178 500 tonn for 2014. Dette er 21 500 tonn lågare enn i fjor. Den norske kvoten vert med dette på 84 115. I tillegg kjem hyse til forskings- og forvaltningsformål som i 2014 er på 4 000 tonn.

Av omsyn til balansen i kvoteavtalen er Noreg og Russland òg for 2014 samde om likt høve til å fiske torsk og hyse i sonene til kvarandre.

Det har vore ei hovudsak i samarbeidet mellom Noreg og Russland om forvaltning og kontroll i Barentshavet i 2013, som i 2012, å styrke kontrollen med uttak og omlasting av fisk i Barentshavet. I samband med forhandlingane om ein kvoteavtale for 2014 vart partane einige om å vidareføre arbeidet med å kjempe mot det ulovlege fisket i Barentshavet og Norskehavet, og vidareføre og implementere ei rekkje av dei tiltaka partane tidlegare har vore einige om. I 2009 avtalte partane felles maskevidde, og i 2010 kom partane fram til felles minstemål og prosedyrar og kriterium for stenging og opning av fiskefelt. Torskebestanden i nord er i svært god forfatning, og for 2012 og 2013 vart det ikkje registrert nokon fangst utover fastsette kvotar i Barentshavet. Partane vart samde om at spørsmål knytt til utkast av fisk og arbeidet med å lage retningslinjer for inspeksjon av fiskefartøy i Barentshavet og Norskehavet skal vidareførast i arbeidsgrupper.

Loddebestanden har store naturlege svingingar, og partane er einige om ikkje å fastsetje TAC høgare enn at det er 95 prosent sannsynleg at 200 000 tonn får høve til å gyte. Difor, og i tråd med beskatningsstrategien, bestemte partane at det ikkje skulle drivast noko kommersielt loddefiske i perioden 2004–2008. I 2009 vart det i tråd med den vitskaplege rådgjevinga, vedteke å opne fisket etter lodde igjen. For 2014 vart loddekvoten først kraftig redusert til 15 000 tonn, men etter at ICES oppdaterte råda, vart TAC auka til 64 800 tonn i 2014.

Norsk forvaltning av kongekrabbe er basert på St.meld. nr. 40 (2006–2007) Forvaltning av kongekrabbe, som mellom anna inneber ei todelt forvaltning på norsk side. I eit kystnært område aust for 26° Ø vert bestanden forvalta som ein ressurs og fangsten regulert, medan det utanfor dette området er utkastforbod og fri fangst av kongekrabbe. Den norske totalkvoten for reguleringsåret 2013/2014 i det regulerte området er på 1 000 tonn hannkrabbar og 50 tonn hokrabbar. Reguleringsåret går frå 1. august til 31. juli. Den russiske kvoten av kongekrabbe var fastsett til 6 500 tonn for 2014.

Noreg – EU

I forhandlingane om ein kvoteavtale mellom Noreg og EU for 2014 vart kvoten på torsk i Nordsjøen sett til 27 799 tonn. Kvoten må sjåast i samanheng med arbeidet for å betre beskatningsmønsteret og redusere det reelle uttaket av torsk. I tråd med forvaltningsplanane er totalkvoten for hyse redusert til 38 289 tonn, medan seikvoten gjekk ned til 77 536 tonn. Bestanden av nordsjøsild er i god forfatning. Totalkvoten er sett til 470 037 tonn, noko som inneber ein nedgang på 2 prosent frå 2013. Noreg har for 2014 òg inngått kvoteavtalar med EU om fisket i Skagerrak/Kattegat og om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen.

Eit anna element i kvoteavtalen er byte av kvotar på dei eksklusive bestandane og på enkelte bestandar i Nordsjøen og vest av Dei britiske øyane. I denne utvekslinga av kvotar skal det vere balanse i dei gjensidige tildelingane. Nivået og omfanget av kvotebytet har tradisjonelt sett vore ei vidareføring av tidlegare fiskemønster hos partane, men nivået avheng òg av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane. Dei seinare åra har det utvikla seg ein situasjon der torskekvoten Noreg tilbyr EU har auka kraftig, medan bestandar EU gjev Noreg som motyting, ikkje har gjort det same. Dette gjer at Noreg i 2014 har halde tilbake rundt 20 000 tonn torsk.

Sjølv om ein ikkje gjer alt likt, har Noreg og EU eit godt og tett samarbeid på fiskeriforvaltningsområdet. Partane har forvaltningsplanar for sild, sei, torsk og hyse som legg fast bestandsnivå og tiltaksgrenser som grunnlag for å fastsetje kvotar.

I arbeidet med å forbetre beskatningsmønsteret i Nordsjøen, er utkast av fisk eit særleg og samansett problem. EU har til no praktisert eit utkastpåbod, medan utkast av fisk er forbode i Noreg. Ei løysing på utkastproblemet har vore ei hovudutfordring for Noreg og EU. EU har nyleg vedteke ein reform av sin felles fiskeripolitikk som mellom anna inneber forbod mot utkast av fisk. Reformvedtaket er eit viktig steg i rett retning. Innsatsen mot utkast vil likevel truleg prege det allereie tette forvaltningssamarbeidet mellom partane i åra framover. Ministrane med ansvar for fiskeri frå Noreg, Danmark og Sverige underteikna i november 2011 ei felles erklæring om å innføre forbod mot utkast av fisk i Skagerrak. Noreg og EU vart i juli 2012 einige om ein avtale for å implementere dette utkastforbodet frå 1. januar 2013. EU har ikkje implementert avtalen fordi avtalen vart liggjande i Europaparlamentet.

Andre kvoteavtalar

Noreg har inngått ein tosidig kvoteavtale for 2014 med Grønland, og avtalen om kontrollsamarbeid er vidareført i 2014.

Det er for 2014 utveksla kvotar med Island i tråd med «Smottholavtalen» og den tilhøyrande tosidige avtalen.

Trepartsavtalen mellom Noreg, Island og Grønland om regulering av lodde i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen er vidareført.

For første gong sidan 2010 er Noreg og Færøyane einige om ein bilateral avtale om fiskerisamarbeid og kvotebyte. Avtalen gjeld for 2014.

Det vart også i 2014 gjennomført fempartsforhandlingar om norsk vårgytande sild mellom Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland. Færøyane ønskte ein større del av kvoten for 2014, og dei andre partane ville ikkje redusere sin del av totalkvoten til fordel for Færøyane. Partane klarte difor ikkje å verte samde om ein ny fempartsavtale. Det vart i staden inngått ein firepartsavtale, utan Færøyane, for 2014. Partane er likevel, saman med Færøyane, einige om å ta ein gjennomgang av sonetilhøyrsel i 2014.

Forvaltninga av kolmule

Noreg, EU, Færøyane og Island har inngått ein kyststatsavtale om forvaltninga av kolmule for 2014. Bestanden er i god forfatning og vert hausta berekraftig. Totalkvoten aukar frå 2013 og er sett til 1,2 millionar tonn i 2014. Innanfor denne kvoten har kyststatane gjennom NEAFC òg lagt til rette for ei avsetning til andre land sitt fiske i internasjonalt farvatn.

Partane forhandla i fleire rundar for å verte einige om ein ny forvaltningsplan, men dei vart ikkje samde. Kvoten er likevel fullt ut berekraftig ifølgje rådgjevinga frå ICES.

Forvaltninga av makrell

15.–18. mars 2010 møttest Noreg, EU, Færøyane og Island med sikte på å inngå ein ny kyststatsavtale om framtidig fordeling og forvaltning av makrell. Dette var første gong Island deltok på lik linje med dei opphavlege kyststatane. Russland deltok som observatør. Forhandlingane vart avslutta utan resultat. Usemja gjaldt Island og Færøyane sine krav om høgare del av kvoten og spørsmålet om sonetilgang.

I løpet av åra 2010–2013 har det vorte halde 13 forhandlingsrundar om forvaltning av makrell, utan at partane nærma seg nemneverdig. Noreg og EU inngjekk difor årlege bilaterale avtalar om forvaltning av makrell for desse åra. Etter ytterlegare sju forhandlingsrundar, vart det i mars 2014 klart at ein heller ikkje for 2014 ville verte samde om ein kyststatsavtale. Etter det siste møtet mellom dei fire kyststatane viste det seg å vere mogleg å oppnå einigheit mellom Noreg, EU og Færøyane. Det vart difor starta nye samtalar, og ein ny trepartsavtale om fordeling og forvaltning av makrell vart underteikna i London 12. mars 2014. Avtalen gjev Noreg ein kvote på 279 115 tonn i 2014. Avtalen gjeld for fem år, og dei tre partane er einige om å halde fast på den relative fordelinga seg imellom i avtaleperioden. I tilknyting til trepartsavtalen vart Noreg og Færøyane einige om gjensidig sonetilgang i kvarandre sine farvatn. Den gjensidige sonetilgangen som Noreg har hatt med EU gjennom den bilaterale avtalen, er også vidareført.

Forvaltninga av makrellstørje

Den regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonen (ICCAT) har ansvar for å bevare og forvalte tunfisk og tunfiskliknande artar i Atlanterhavet og Middelhavet.

I samband med kvotefastsetjinga for perioden 2007–2010 fekk Noreg for første gong forhandla fram ein kyststatskvote på austleg makrellstørje.

På bakgrunn av bestandssituasjonen og høgare totalkvote enn tilrådd, hadde Noreg i åra 2007–2013 forbod mot fiske og landing av makrellstørje i norsk og internasjonalt farvatn. I 2012 og 2013 opplyste vitskapskomiteen at dei hadde klare indikasjonar på at den negative trenden er snudd og at tilstanden til bestanden er betre. På grunn av dei positive meldingane frå vitskapskomiteen, og sidan ICCAT no fastset TAC i tråd med råda, har Noreg opna for fangst av den norske kvoten på vel 30 tonn i 2014.

Forvaltninga av uer

Partane i NEAFC (Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen) er ikkje einige om reguleringstiltak for fiske av uer verken i Irmingerhavet eller i Norskehavet i 2014.

Trass i at berre ein liten del av bestanden snabeluer har tilhald utanfor norsk fiskerijurisdiksjon, vedtok NEAFC i oktober 2013 at 19 500 tonn av kvoten på 24 000 tonn som ICES tilrår for 2014, skal fiskast på det opne hav i Norskehavet. Fisket er regulert som eit «olympisk» fiske, der alle kappfiskar inntil totalkvoten er teken og fisket vert stogga. Noreg har reservert seg mot denne avgjerda og sett ein kvote på 17 280 tonn til fiske i eigen sone. Arbeidet med å få til ei fordeling og ei betre forvaltning av ueren vil halda fram. Det vert gjennomført nye forhandlingar i mai 2014.

Deltaking i regionale forvaltningsorganisasjonar

Noreg har òg i 2013 delteke i ulike møte i globale og regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar som CCAMLR (Konvensjonen for bevaring av levande marine ressursar i Antarktis), ICCAT (Den internasjonale konvensjonen for bevaring av atlantisk tunfisk) og SEAFO (Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjon).

Noreg har òg i 2014 delteke i ulike møte i både IWC (Den internasjonale kvalfangstkommisjonen) og i NAMMCO (Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen).

Norsk hausting av kvotar

Dei norske fartøya har nytta kvoten på fellesbestandane torsk, hyse, blåkveite og lodde nord om 62º N godt i 2012 og 2013. Med unntak av reker nytta Noreg lite av sonetilgangen i russisk økonomiske sone i 2012 og 2013.

I Nordsjøen vart heile den norske kvoten av fellesbestanden sild hausta i 2012 og 2013. Torskekvoten og seikvoten vart også brukbart nytta begge åra.

I EU sitt farvatn vart den norske kolmulekvoten nytta godt. Norske linefartøy fiska ein god del av botnfiskkvotane av blålange, lange og brosme både i 2012 og 2013. Kvotane på sild, tobis og blåkveite vart òg godt nytta.

Det norske fisket i Skagerrak var i hovudsak konsentrert om reker i 2012 og 2013.

På grunn av usemje om makrellforvaltninga vart det ikkje inngått bilateral avtale mellom Noreg og Færøyane i 2011, 2012 og 2013. Det vart like fullt inngått kyststatsavtale om forvaltning av kolmule. I 2012 hadde Noreg høve til å fiske 16 302 tonn kolmule. I 2013 fekk norske fartøy ikkje tilgang til å fiske kolmule i færøysk sone, det vart grunngjeve med at Noreg ikkje gav færøyske fartøy tilgang til å fiske makrell i Noregs økonomiske sone (NØS). I 2014 fekk Noreg igjen tilgang til å fiske kolmule i færøysk sone.

I 2012 og 2013 fiska norske fartøy kolmule i EU-sona, i internasjonalt farvatn og i NØS. Noreg kan overføre 10 prosent av den norske kyststatsdelen, inkludert ei overføring på 0,5 prosent frå EU.

Noreg utnytta botnfiskkvotane ved Island godt både i 2012 og 2013.

I 2012 fiska Noreg kvoten på norsk vårgytande sild i NØS, internasjonalt farvatn og ved Jan Mayen. I 2013 fiska Noreg kvoten i NØS og i internasjonalt farvatn.

I loddefisket ved Island, Grønland og Jan Mayen sesongen 2012/2013 var det ikkje grunnlag for å opne for eit sommarfiske. Dei norske fartøya fiska i januar og februar 2013, og kvoten vart godt utnytta. Heller ikkje sesongen 2012/2013 var det grunnlag for å opne for sommarfiske. Norske fartøy starta fisket i januar 2014, men fisket vart dårleg. Berre 6 fartøy fekk fangst, og dei fiska totalt 6 175 tonn.

Heller ikkje i 2012 og 2013 vart kyststatane samde om forvaltning av makrell. Noreg og EU vart difor einige om ein bilateral avtale om forvaltning av makrell desse åra. Frå og med 2011 er det innført kvotefleksibilitet over årsskiftet i fisket etter makrell.

Noreg utnytta torskekvoten i NAFO (Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen) godt både i 2012 og 2013. Ingen fartøy fiska reker i området 3L i 2012 og 2013.

Utanlandsk hausting av kvotar

Når det gjeld forvaltninga av norsk vårgytande sild, vart kyststatane i 2008 einige om å innføre kvotefleksibilitet over årsskiftet frå og med 2008. Det vart opna for å føre over inntil 10 prosent av ubrukt kvote til neste år. Det vart òg gjeve høve til å forskottere inntil 10 prosent på neste års kvote. Alt fiske ut over kvote skal trekkjast frå kvoten neste år. Færøyane og Noreg var dei einaste landa som i 2011 og 2012 fiska på forskot på 2012- og 2013-kvoten. Noreg fiska 25 624 tonn på forskot i 2011 og 19 437 tonn på forskot i 2012. EU, Island og Russland overførte unytta kvantum til 2012 og 2013.

Russland utnytta 72 prosent av torskekvoten i Noregs økonomiske sone (NØS) i 2012, i 2013 utnytta dei 99 prosent. Russland fiska 90 prosent av hysekvoten sin i NØS i 2012, medan dei i 2013 hadde ei utnytting på 64 prosent. Dei fiska 103 451 tonn og 6 818 tonn norsk vårgytande sild i område under norsk jurisdiksjon i 2012 og 2013 (tabell 5.11 og 5.12).

Hovudtyngda av EU sitt fiske i Nordsjøen og i Skagerrak skjer på botnfiskartar (torsk, hyse, sei o.a.), sild, makrell, kviting, raudspette og tobis. Ifølgje offisiell fangststatistikk har EU i dei seinare åra hatt relativt god utnytting av torske- og seikvotane sine i Nordsjøen. Utnyttinga av dei fastsette kvotane i Skagerrak har òg vore gjennomgåande høg for EU.

Grønland utnytta torskekvotane godt i 2012 og 2013. Grønlandske fartøy fiska 680 tonn sei i 2012 og 972 tonn sei i 2013.

Island fiska 99 prosent av torskekvoten i NØS nord om 62° N i 2012 og 2013. Islandske fartøy fiska ikkje av sildekvoten nord om 62° N i 2012 og 2013. Island har dei siste åra fiska ein større del av silda i si eiga sone.

I hovudsak utnyttar Sverige dei bilaterale kvotane sine godt i norsk del av Nordsjøen. Fisket deira er i stor grad retta mot kvotane av torsk, sei, makrell, sild og reker.

1.3 Overordna hovudlinjer i fiskerisamarbeidet med omverda

Som betydeleg havnasjon har Noreg eit stort ansvar for, og viktige interesser i, korleis det internasjonale samfunnet sitt forhold til bruk av havet utviklar seg. Dei viktigaste utfordringane er å få gjennomslag for føre-var-prinsippet, prinsippet om berekraftig bruk og økosystembasert forvaltning. Det er difor viktig for Noreg å ha ei internasjonal rolle som ivaretek våre interesser og vårt ansvar som havnasjon og kyststat på ein heilskapleg måte.

Det er tre overordna mål som ligg til grunn for Noreg sin medverknad i dei ulike forhandlingsprosessar og internasjonale ressursforvaltningsfora:

  • Å fremje norske prinsipp for forvaltning av levande marine ressursar, i første rekkje prinsippet om berekraftig forvaltning basert på best tilgjengeleg vitskapleg kunnskap og prinsippet om økosystembasert forvaltning.

  • Å sikre Noreg ein rettferdig del ved kvotefordeling av felles regulerte bestandar, i første rekkje basert på sonetilhøyrselprinsippet.

  • Å sikre tilfredsstillande kontroll og handheving innan dei forvaltningsregime som Noreg deltek i.

1.3.1 Det havrettslege rammeverket

Noreg og Russland skreiv den 15. september 2010 under ein avtale om maritim avgrensing og samarbeid i Barentshavet og Polhavet. Avtalen betyr at det omfattande og gode norsk-russiske fiskerisamarbeidet vert vidareført. Avtalen regulerer òg samarbeid om utnytting av moglege grenseoverskridande petroleumsførekomstar i desse havområda. Avtalen tredde i kraft den 7. juli 2011.

Den 28. august 2009 vart det semje om ein tekst for ein global bindande avtale om hamnestatstiltak for å førebyggje, hindre og eliminere ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske). Generalforsamlinga i FAO vedtok avtalen 22. november 2009, og Noreg skreiv under avtalen same dagen. Avtalen trer i kraft når 25 statar har slutta seg til.

I februar 2013 vart det semje om globale retningslinjer for flaggstatsansvar under FAO. Retningslinjene inneheld kriterium for evaluering av flaggstaten, som mellom anna omfattar krav om at flaggstaten har implementert bindande internasjonalt regelverk og hindrar eigne fartøy frå å delta i UUU-verksemd.

Marine spørsmål vert òg i aukande grad diskuterte innanfor rammene av globale miljøavtalar.

1.3.2 Internasjonalt arbeid for rett til mat og matsikkerheit

Generalforsamlinga i FN har peikt på global matsikkerheit som den mest krevjande utfordringa i samband med befolkningsveksten. Arbeidet i Komiteen for global matsikkerheit, som held til i Roma, har difor fått større vekt, i eit samarbeid mellom FN sin matvareorganisasjon (FAO) og fleire andre organisasjonar og program. Også i FAO sin fiskerikomité COFI, som har norsk leiar i to-årsperioden 2012 til 2014, vil matsikkerheit stå sentralt. Arbeidet i komiteen vil leggje større vekt på at fiske og fiskeoppdrett ikkje er eit mål i seg sjølv, men ein aktivitet som gjev arbeid, inntekt og mat. Frå norsk side vil dette stå sentralt i arbeidet i FAO dei neste åra.

1.3.3 Arbeid mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske og fiskerikriminalitet

Primært vert UUU-fiske handtert internasjonalt gjennom FN sin matvareorganisasjon (FAO) og i dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane. Delar av UUU-verksemda er rein kriminell verksemd og vert omtala som fiskerikriminalitet.

Havressurslova gjev utvida heimlar i kampen mot UUU-verksemd og opnar mellom anna for å kunne straffe eigne borgarar og juridiske personar for handlingar utførde i jurisdiksjonsområda til andre land.

Frå og med 2011 var alle norske fiske- og fangstfartøy på eller over 15 meter største lengd pålagde å ha om bord sporingsutstyr og elektronisk rapporteringsutstyr for rapportering av fangst- og aktivitetsdata. Overgangen til elektronisk rapportering er første steg i utfasinga av fangstdagbok i papirform og rapportering på papir generelt. Kravet er frå og med 2013 utvida til også å gjelde alle fartøy over 12 meter største lengd som fiskar i Skagerrak. Det døgnbemanna kontroll- og overvakingssenteret til Fiskeridirektoratet vart sett i drift 29. mai 2009. Senteret samordnar ei rekkje kontroll- og overvakingsoppgåver, mellom anna ved å overvake og handsame meldingar frå norske og utanlandske fartøy og ved å koordinere informasjon til og frå eigne og utanlandske kontrollstyresmakter. FMC driftar òg ein tips- og beredskapstelefon.

Noreg medverkar aktivt i kampen mot UUU-verksemd i dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane der vi er medlem: CCAMLR, ICCAT, NAFO, NEAFC og SEAFO. Mellom anna har Noreg vore ein pådrivar for å få dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane til å opprette lister over fartøy som driv UUU-verksemd, såkalla svartelisting, og arbeidd for at organisasjonane skal godta kvarandre sine UUU-lister. Vidare etablerer den globale hamnestatsavtalen på indirekte vis ei global UUU-liste ettersom det følgjer av avtalen at fartøy som er ført på UUU-lista til ein regional fiskeriforvaltningsorganisasjon, skal nektast tilgang til hamn.

I lov om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova) og i lov om retten til å delta i fiske og fangst (deltakerloven) er strafferamma heva frå tre til seks år for alvorlege lovbrot som er av grenseoverskridande og organisert karakter. Dette tredde i kraft den 1. januar 2014. Bakgrunnen for endringa er å møte vilkåra til kva som vert rekna som alvorleg kriminalitet i FNs konvensjon mot grenseoverskridande organisert kriminalitet. Gjennom å heve strafferamma i Noreg legg vi til rette for internasjonalt samarbeid mot denne type kriminell verksemd i fiskerinæringa.

Prosjektet «Fiskeriforvaltningas analysenettverk» (FFA) som vart etablert i 2009, vart i 2014 vidareført som ein del av Nærings- og fiskeridepartementet. FFA er eit konkret tiltak mot organisert kriminalitet knytt til ulovleg fiske. FFA er òg eitt av fleire tiltak mot fiskerirelatert kriminalitet i regjeringas handlingsplan mot økonomisk kriminalitet frå 2011. FFA skal sikre eit tettare samarbeid mellom ulike etatar og bidra med oppdaterte, tverrsektorielle analysar innanfor saksområdet.

1.3.4 Regulering av utanlandsk fiske i norske jurisdiksjonsområde

Det er eit generelt forbod mot fiske i Noregs økonomiske sone og i fiskerisona rundt Jan Mayen for fiskarar som ikkje er norske statsborgarar. Regjeringa kan likevel fastsetje forskrifter som opnar for eit regulert og avgrensa utanlandsk fiske i samsvar med dei fiskeriavtalane Noreg har med andre land.

I forskrift av 13. mai 1977 om utlendingars fiske og fangst i Noregs økonomiske sone er det fastsett detaljerte reglar for utøvinga av fisket. Det er krav om lisens for utanlandske fartøy som skal fiske i norsk sone for å sikre at fangstinnsatsen er i samsvar med dei tildelte kvotane, og for å gjere det mogleg med ein effektiv kontroll. Utanlandske fartøy skal sende fangstrapportar til norske styresmakter i samsvar med særskilt forskrift.

I forskrift av 23. desember 1980 om utlendingars fiske og fangst i fiskerisona ved Jan Mayen er det fastsett detaljerte reglar for utanlandsk fiske i fiskerisona. Dette regelverket er i hovudsak samanfallande med reglane for utanlandsk fiske i Noregs økonomiske sone.

Forskrifter for fiskevernsona ved Svalbard er sette i verk på eit ikkje-diskriminerande grunnlag for både norske og utanlandske fartøy.

1.3.5 Kontroll av fiske i norske jurisdiksjonsområde

Fysisk kontroll med fiskeaktivitet er ein sentral del av det norske systemet for kontroll og handheving. Dette inneber kontroll på alle nivå, til havs, under landing og ved omsetning av fiskefangstar.

I Noreg har Fiskeridirektoratet ansvaret for ressurskontrollen saman med Kystvakta og salslaga. Kontrollverksemda til fiskeristyresmaktene vert gjennomførd av Fiskeridirektoratet sentralt og den ytre etaten til direktoratet med sju regionkontor, inklusiv eit inspektørkorps langs kysten. I internasjonale samanhengar vert det norske systemet ofte framheva som ein vellukka modell for ressurskontroll.

Utanlandske styresmakter har kontrollansvaret når norske fartøy leverer fangst i utanlandske hamner og når norske fartøy fiskar i jurisdiksjonsområda til desse landa. Hamnestatskontrollen som vart innført i NEAFC frå 1. mai 2007 og i NAFO i 2009, gjev norske styresmakter eit kontrollansvar når det gjeld å verifisere fangst ved landingar frå norske fartøy i NEAFC- og NAFO-landa sine hamner.

Frå år 2000 har Fiskeridirektoratet gjennom posisjonsrapportering (satellittsporing) kunnskap om kvar fartøya oppheld seg i norsk jurisdiksjonsområde. Direktoratet kan difor setje i verk meir målretta kontroll. Erfaringane syner at ordningane med kontrollområde og kontrollpunkt har medverka positivt til å redusere kvoteunndragingane frå utanlandske fartøy.

1.4 Bestandsvurdering, rådgjeving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltningsplanar

I kapittel 4 i meldinga er det gitt ei kort oversikt over metodar for å måle fiskebestandar i felten, utrekningsverktøy (modellar), forvaltningsplanar, rådgjeving og dei såkalla referansepunkta.

Rådgjevinga frå det internasjonale råd for havforskning (ICES) vart frå og med våren 2008 utarbeidd av den nye rådgjevande komiteen, ACOM. ACOM er sett saman av ein forskar frå kvart av dei 20 medlemslanda i ICES i tillegg til leiaren. ACOM er no den einaste rådgjevingskomiteen i ICES som utarbeider vitskaplege råd for kyst-/havressursar og økosystem.

Dei årvisse råda for bestandar som Noreg har interesser i kjem hovudsakleg på to ulike tidspunkt – bestandar i Barentshavet (utanom lodde) og Nordsjøen i juni, og dei pelagiske bestandane makrell, norsk vårgytande sild (nvg-sild), lodde og kolmule i oktober. Rådet for reker i Barentshavet og Skagerrak/Nordsjøen kjem utanom dei faste tidspunkta og vert vanlegvis gjevne i november. I tillegg til desse årvisse råda vert ICES ofte bedt om å gje råd om spesielle saker som forvaltningsstyresmaktene ønskjer å få utgreidd.

Frå 2010 tok ICES Maximum Sustainable Yield (MSY)-omgrepet inn i si rådgjeving. Fiskeria som ICES gjev råd om, har så langt ikkje generelt vore forvalta med MSY som målsetjing. Frå EU er det kome krav om at EU sine fiskeri skal forvaltast etter MSY-prinsippet innan 2015, og dette gjer at rådgjevinga i ICES utviklar seg i denne retninga.

Havforskingsinstituttet omset rådgjevinga frå ICES til norsk, kommenterer og utdjupar der det trengst, og legg alt ut på si internettside ( http://www.imr.no).

1.4.1 Tilstandsrapportar og rådgjeving for dei viktigaste fiskebestandane i norske farvatn

1.4.1.1 Nordaust-arktisk torsk

I 2009–2012 har det ikkje vore registrert urapportert overfiske av kvoten, noko som saman med gunstige miljøtilhøve har resultert at bestanden er i svært god forfatning. Dette heng spesielt saman med innføringa av NEAFC sitt hamnestatsregime frå 1. mai 2007, aktivt bilateralt samarbeid og auka merksemd om problemet både i næringa og på politisk hald. Figur 4.2 i meldinga syner utviklinga av totalbestanden sidan 1946. Bestanden minka frå 1993 til 1999, men har sidan det auka til eit svært høgt nivå. Ein viktig grunn til auken etter 1999 er truleg betre ungfiskvern ved å stengje område med småfisk og bruk av sorteringsrist i trålfiskeria, og betre samsvar mellom tilrådde kvotar og fiske dei siste åra. Gytebestanden er i dag på det høgaste nivået vi har hatt i etterkrigstida. ICES tilrådde ein kvote for 2014 (993 000 tonn) i tråd med den sameinte haustingsregelen. Den norsk-russiske fiskerikommisjonen følgde handlingsregelen og fastsette ein kvote for 2014 på 993 000 tonn.

1.4.1.2 Nordaust-arktisk hyse

Bestanden av nordaust-arktisk hyse auka frå 2000 til det høgaste nivået ein har hatt i perioden frå 1950. Toppnivået for totalbestanden hadde vi i 2009–2010, medan gytebestanden var på topp i 2011. Dette høge nivået kjem av at vi fekk tre sterke årsklasser på rad (2004–2006). Rekrutteringa har etter dette normalisert seg, og bestanden har hatt ein nedgang dei siste åra. Det er venta at bestandsnivået vil normalisere seg dei komande åra dersom bestanden vert forvalta i tråd med vedteken haustingsregel. ICES tilrådde ein kvote for 2014 på 150 000 tonn (tabell 4.3 i meldinga) i tråd med den sameinte haustingsregelen. Grunngjeve med eit ønske om å avgrense nedgangen i bestanden valde Den norsk-russiske fiskerikommisjonen å endre kvoten for 2013 med 37 prosent.

1.4.1.3 Nordaust-arktisk sei

Seibestanden nord for 62°N var på eit historisk høgt nivå i 2001–2007, men det er sidan registrert ein bratt nedgang både i umoden bestand og gytebestand. Nærings- og fiskeridepartementet justerte i 2013 utnyttingsgraden i haustingsregelen frå føre-var-nivå til dette nivået.

1.4.1.4 Lodde i Barentshavet

Figur 4.8 i meldinga viser utviklinga i bestand og fangst frå 1973 til 2013. Biomassen til loddebestanden vart mykje redusert frå 2002 til 2003, og dette må kallast eit bestandssamanbrot. I 2004 og 2005 heldt biomassen seg på eit lågt nivå, men vaks igjen fram til 2008 og har sidan flata ut. Rekrutteringa har teke seg opp etter 2005.

Samanbrotet i bestanden etter 2002 kjem først og fremst av svake rekrutterande årsklasser og auka naturleg død. Samanbrotet kjem ikkje på grunn av fisket. Det var store sildemengder (hovudsakleg 2002- og 2004-årsklassen) i det sørlege og austlege Barentshavet, og det er grunn til å tru at den dårlege overlevinga av loddelarvar kan henge saman med dette.

Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen sette ein totalkvote for vinteren 2014 på 65 000 tonn, i tråd med tilrådinga frå ICES.

1.4.1.5 Norsk vårgytande sild

Den vaksne bestanden av norsk vårgytande sild (nvg-sild) er på årlege vandringar som dekkjer store delar av det nordlege Atlanterhavet. Det er Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland som fiskar på denne sildebestanden. Silda oppheld seg for det meste i norske farvatn, og Noreg er òg største fiskerinasjonen.

Etter det totale bestandssamanbrotet på slutten av 1960-talet vart bestanden bygd opp att til det som kan kallast historisk nivå. Oppbygginga gjekk sakte, og først rundt 1997 var fangsten tilbake på eit nivå som likna situasjonen før samanbrotet.

ICES si tilråding for fisket i 2014 er 419 000 tonn. Bakgrunn for kvotetilrådinga er haustingsregelen som kyststatane vart einige om i 1999.

1.4.1.6 Nordsjøsild

Noreg og EU forvaltar nordsjøsilda i fellesskap. Det finst nordsjøsild i Nordsjøen og Skagerrak-Kattegat (ungfisk).

Noreg og EU har ein avtale om forvaltning av nordsjøsilda frå 1998. Avtalen vart revidert i 2004. ICES åtvara etter dette mot ei negativ utvikling i bestanden, og sju år med dårleg rekruttering gav stor grunn til uro. Som følgje av dette vart forvaltningsavtalen oppdatert i 2008.

Det har vore ein serie av hovudsakleg svært låg rekruttering frå årsklassane 2001 til 2011. Ei førebels vurdering av rekrutteringa i 2013 tyder på at 2012-årsklassen er på same låge nivå som årsklassane frå og med 2001.

Noreg og EU er einige om ein ny forvaltningsplan som skal gjelde frå 2015.

1.4.1.7 Makrell

Den nordaustatlantiske makrellbestanden består av tre gytekomponentar: sørleg makrell, vestleg makrell og nordsjømakrell. Vestleg makrell er på eit relativt høgt nivå, medan nordsjøkomponenten framleis er på eit lågt nivå.

Strenge reguleringar med lågare kvotar førte til at fangstane fall til høvesvis 563 000 og 573 000 tonn i 1996 og 1997, men har seinare auka igjen, og dei siste åra har fangstane vore rekordstore. Frå 2011 til 2013 var landingane om lag 900 000 tonn.

Uttaket frå bestanden er større enn det som vert landa, i og med at det vert dumpa og sleppt makrell på feltet. Analysar viser at dette uttaket har vore så stort at totalfangsten sannsynlegvis har vore minst 60 prosent høgare enn oppgjeve. Innan pelagisk sektor tyder tilbakemeldingar frå norske og samarbeidande lands kontrollstyresmakter på at det urapporterte fisket av makrell er sterkt redusert, spesielt dei siste åra.

Tilgjengeleg informasjon tyder på at utbreiinga av gyteområdet for makrell har auka i dei siste åra, og gyteområdet var rekordstort i 2013. Beiteområdet har også auka kraftig om sommaren frå 2007–2013. Makrell vert fiska kommersielt i område som tidlegare ikkje har vore fangstområde, spesielt innanfor Islands territorialfarvatn, men også i grønlandsk farvatn.

Det er for 2014 inngått ein avtale om TAC mellom tre av partane som fiskar makrell; Noreg, EU og Færøyane. I tillegg har andre land erklært eigne kvotar. Summen av desse kvotane utgjer 1 326 681 tonn.

1.4.1.8 Kolmule

Kolmulebestanden i det nordaustlege Atlanterhavet vert sett på som ein felles bestand i bestandsvurderingane og rådgjevinga i ICES.

På midten av 1990-talet byrja kolmulebestanden å produsere ei rekkje årsklasser som var fleire gonger sterkare enn det som tidlegare var observert. Dette førte til ei mangedobling av bestanden og ein tilsvarande auke i fangstkvantumet. Situasjonen med sterke årsklassar år etter år ser ut til å vere dramatisk endra. Årsklassane som vart gytt i 2005–2008 ser ut til å vere blant dei svakaste som er observert. Dei siste åra er det observert auka rekruttering.

Etter ein svært langvarig forhandlingsprosess vart kyststatane (Noreg, EU, Færøyane og Island) den 16. desember 2005 samde om forvaltninga og fordelinga av kolmule frå 2006 og framover. Denne sameinte planen vart revidert i 2008 og vurdert av ICES i 2009. ICES stadfesta at den reviderte forvaltningsplanen var i samsvar med føre-var-prinsippet.