3.1 Sammendrag

3.1.1 Kap. 1350 Jernbaneverket

Post 23 Drift og vedlikehald

Flaum på Vestlandet

Flaum på Vestlandet i slutten av oktober 2014 førte til at både Bergensbanen og Flåmsbanen blei stengde for trafikk. Skadane etter flaumen er berekna til å utgjere 12 mill. kroner i 2014 og gjeld opprydding og istandsettjing av dei to banane. Utgiftene er fordelte med 6 mill. kr på kvar av strekningane.

Omdisponering frå post 30

Framdrifta på ein del investeringsprosjekt på jernbane har i 2014 blitt lågare enn det som var lagt til grunn i Prop. 1 (2013–2014), jf. omtale under kap. 1350 post 30 Investeringar i linja. Prognosane viser at det vil bli eit mindreforbruk på post 30 i 2014. Både post 23 og post 30 har stikkordfullmakta «kan nyttast under» slik at Jernbaneverket kan omdisponere midlar frå post 30 til post 23. Jernbaneverket har valt å omdisponere 257 mill. kroner til post 23 Drift og vedlikehald, for å auke aktivitetsnivået til fornyinga av jernbaneinfrastrukturen.

Kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift

Løyvinga blir foreslått ført på ein eigen post, og løyvinga på post 23 Drift og vedlikehald blir foreslått redusert med 44 mill. kroner, jf. omtale under kap. 1350 post 34 Kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift.

Oppsummering

Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1350 Jernbaneverket, post 23 Drift og vedlikehald, med i alt 225 mill. kroner.

Post 30 Investeringar i linja

Framdrifta på ein del investeringsprosjekt på jernbane har i 2014 blitt lågare enn det som var lagt til grunn i Prop. 1 S (2013–2014). Prognosane viser derfor at det vil bli eit mindreforbruk på post 30 i 2014. På denne bakgrunn foreslår Samferdselsdepartementet å redusere løyvinga på kap. 1350 Jernbaneverket, post 30 Investeringar i linja, med 257 mill. kroner.

Post 34 Kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift (ny)

Departementet foreslår å løyve 44 mill. kroner på kap. 1350 Jernbaneverket, post 34 Kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift, jf. også kap. 1350 post 23 Drift og vedlikehald.

Auka fullmaktsgrense for investeringsprosjekt ikkje omtalt med kostnadsramme

Samferdselsdepartementet har i 2014 fullmakt til å pådra staten forpliktingar for framtidige budsjettår for investeringsprosjekt på jernbane som ikkje er omtalte med kostnadsramme overfor Stortinget, men slik at samla ramme for gamle og nye forpliktingar ikkje overstig 800 mill. kroner, jf. Prop. 1 S (2013–2014) og Innst. 13 S (2013–2014). Ein gjennomgang av kontraktforpliktingane viser at det er behov for å auke ramma for forpliktingar til 950 mill. kroner, jf. forslag til romartalsvedtak.

3.2 Komiteens merknader til jernbaneformål

Komiteen har registrert at det er satt av nødvendige midler i 2014 til å dekke akuttiltak på jernbanenettet på Bergensbanen og Flåmsbanen som følge av flommen i slutten av oktober 2014.

Komiteen har registrert at fremdriften på en del investeringsprosjekter på jernbane har vært lavere enn det som var lagt til grunn i Prop. 1 S (2014-2015), og at regjeringen reduserer post 30 med 257 mill. kroner, og foreslår å omdisponere midlene til nødvendige vedlikeholds- og fornyingsoppgaver. Komiteen har merket seg at denne omdisponeringen vil sikre at bevilga midler for 2014 vil få en effektiv utnyttelse.

Komiteen har også registrert at det er etablert en egen post 34 Kompensasjon for økt arbeidsgiveravgift under kap. 1350 Jernbaneverket.