Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Samtykke til obduksjon og pårørande sin rett til å nekte

Departementet støttar forslaget frå utvalet om at det skal leggjast stor vekt på den avdøde si innstilling til obduksjon.

Departementet er samd med utvalet i at det vil vere ei unødvendig belastning for sjuke menneske å krevje at det blir innhenta førehandssamtykke til obduksjon. Dersom ein skulle krevje eit uttrykkeleg samtykke frå avdøde, vil det sannsynlegvis føre til ein ytterlegare nedgang i obduksjonsfrekvensen.

Departementet foreslår at medisinske obduksjonar også skal kunne gjennomførast når det ikkje er grunn til å tru at den avdøde ville ha motsett seg ei slik undersøking. Departementet foreslår at dei pårørande, så sant det er mogeleg, skal spørjast om det ligg føre forhold som tilseier at den avdøde ville ha motsett seg obduksjon. Dei næraste pårørande til den avdøde skal framleis kunne motsette seg obduksjon.

Departementet foreslår at næraste pårørande til avdøde, så sant det er mogeleg, skal informerast om at det er ønskeleg med obduksjon, kva den inneber og om mogelegheita for å nekte obduksjon.

Rettsmedisinsk obduksjon og medisinsk obduksjon av særlege grunnar kan utførast uavhengig av ønska til avdøde, og skal derfor prioriterast før ei erklæring om avgjeving av kroppen til undervisning og forsking.