2.1 Sammendrag

Formålet med den nye obduksjonslova

Utkastet til ny obduksjonslov omfattar medisinske obduksjonar. Den nye lova blir avgrensa mot rettsmedisinske obduksjonar, som er regulert av straffeprosessloven § 228 om sakkyndig likundersøking og Påtaleinstruksen.

I 1985 blei det utført over 6 000 medisinske obduksjonar. I 2013 var det tilsvarande talet 2 181. Obduksjonsverksemda er viktig for undervisning, kvalitetssikring av den kliniske verksemda og utarbeiding av helsestatistikk. Under 10 pst. av alle døde blir obdusert, og det er eit mål å auke talet på obduksjonar.

Departementet foreslår at den nye lova får ein formålsparagraf som gjer det tydelegare at dei formåla som reglane om obduksjon faktisk fremjar i dag, blir vidareførte, dvs. å bidra til at obduksjonar blir gjennomført på ein verdig måte samtidig som dei bidrar til auka kunnskap om dødsprosessar og dødsårsakar, kvalitetssikring av helsevesenet samt legg til rette for undervisning og tileigning av kunnskap.

Verkeområdet for den nye obduksjonslova

Departementet sluttar seg til utvalet si vurdering av at reglane bør vere felles for alle medisinske obduksjonar og at verkeområdet for lova derfor bør utvidast slik at skiljet mellom obduksjon av pasientar som døyr heime, på veg til eller i sjukehus eller liknande institusjon blir oppheva.

Departementet er samd i at det kan vere ein fordel at reglane for medisinsk og rettsmedisinsk obduksjon så langt det er formålstenleg, er like. På den andre sida er det ulike omsyn som ligg bak reglane om medisinsk og rettsmedisinsk obduksjon, noko som kan tilseie ulike regelverk. Departementet er derfor komme til at verkeområdet for den nye obduksjonslova bør avgrensast til medisinske obduksjonar. Departementet ser for øvrig behov for å klargjere kva reglar som gjeld for forsking på biologisk materiale som er tatt ut i samband med ein rettsmedisinsk obduksjon.

Departementet sluttar seg vidare til intensjonane til utvalet om at obduksjonslova berre skal regulere sjølve obduksjonen og bruk av organ mv. som er tatt ut i samband med obduksjonen til undervisning og forsking.

Departementet foreslår å føre vidare regelen om at ein medisinsk obduksjon ikkje kan setjast i gang før det er avklart at det ikkje vil bli kravd rettsmedisinsk obduksjon. Det bør gå fram av obduksjonslova at obduksjonen skal avbrytast og politiet underrettast utan opphald, dersom det under ein medisinsk obduksjon blir avdekt forhold som tydar på unaturleg død.

Ansvar for obduksjonsverksemda

Departementet foreslår å tydeleggjere at dei regionale helseføretaka har ansvar for å sikre nødvendig kompetanse og kapasitet for gjennomføring av medisinske obduksjonar. Departementet meiner at dette vil gjere det tydeleg at obduksjonsverksemda er ein normal del av oppgåvene til spesialisthelsetenesta og at det vil kunne bidra til å auke talet på obduksjonar.

Lovfesting av plikt til å vurdere obduksjon ved alle dødsfall

Departementet foreslår at den legen som konstaterer at døden har inntreffe, så langt det er mogeleg, skal vurdere om det bør gjennomførast ein medisinsk obduksjon. Legen skal også dokumentere at vurderinga er gjort.

Samtykke til obduksjon og pårørande sin rett til å nekte

Departementet støttar forslaget frå utvalet om at det skal leggjast stor vekt på den avdøde si innstilling til obduksjon.

Departementet er samd med utvalet i at det vil vere ei unødvendig belastning for sjuke menneske å krevje at det blir innhenta førehandssamtykke til obduksjon. Dersom ein skulle krevje eit uttrykkeleg samtykke frå avdøde, vil det sannsynlegvis føre til ein ytterlegare nedgang i obduksjonsfrekvensen.

Departementet foreslår at medisinske obduksjonar også skal kunne gjennomførast når det ikkje er grunn til å tru at den avdøde ville ha motsett seg ei slik undersøking. Departementet foreslår at dei pårørande, så sant det er mogeleg, skal spørjast om det ligg føre forhold som tilseier at den avdøde ville ha motsett seg obduksjon. Dei næraste pårørande til den avdøde skal framleis kunne motsette seg obduksjon.

Departementet foreslår at næraste pårørande til avdøde, så sant det er mogeleg, skal informerast om at det er ønskeleg med obduksjon, kva den inneber og om mogelegheita for å nekte obduksjon.

Rettsmedisinsk obduksjon og medisinsk obduksjon av særlege grunnar kan utførast uavhengig av ønska til avdøde, og skal derfor prioriterast før ei erklæring om avgjeving av kroppen til undervisning og forsking.

Gjennomføringa av obduksjonen

Departementet foreslår at det framleis berre skal vere legar som kan setje fram krav om obduksjon.

Reglane i dagens transplantasjonslov er svært knappe. Departementet ser det som ønskeleg at fleire av dei sentrale reglane om gjennomføringa av obduksjonar blir tatt inn i lova.

Helseføretaka har ei generell plikt til å sørgje for at verksemda er forsvarleg og foreslår derfor at det ikkje skal gjevast detaljerte reglar i lova om kven som skal kunne gjennomføre medisinske obduksjonar.

Departementet sluttar seg til forslaga frå utvalet om at det skal gå fram av lova at organ og anna materiale kan takast ut av kroppen for nærare undersøking og prøvetaking. Departementet støttar også forslaget om at det skal gå fram av lova at organ skal leggjast tilbake i kroppen når undersøkinga og prøvetakinga er avslutta, med mindre formålet med obduksjonen krev at organet må behaldast for å sluttføre undersøkinga, eller organet skal brukast til undervisning. Helsepersonell og helsefagstudentar skal framleis kunne få undervisning, under dette opplæring i behandlingsteknikkar, i samband med medisinske obduksjonar.

Særleg om bruk av biologisk materiale frå obduksjonar til forsking og undervisning

Departementet ønsker å framheve at pårørande som ikkje brukar retten til å nekte sjølve obduksjonen, kan nekte bruk av biologisk materiale frå medisinske obduksjonar til forsking og undervisning. Departementet foreslår derfor at regelen som i dag står i forskrift om obduksjon, blir flytta til obduksjonslova.

Dei pårørande har ikkje rett til å nekte rettsmedisinske obduksjonar. Departementet legg imidlertid til grunn at helseforskningsloven § 21 også gjeld for forsking på biologisk materiale som blir tatt ut i tilknytning til ein rettsmedisinsk obduksjon. Departementet foreslår at helseforskningsloven § 21 blir endra slik at dette kjem tydelegare fram. Forskingsprosjektet må dermed følgje reglane i obduksjonslova, mellom anna om informasjon til pårørande og dei pårørande sin rett til å nekte obduksjon. Det kan ikkje forskast på materialet når det er grunn til å tru at den avdøde ville ha motsett seg slik forsking.

Folkehelseinstituttets praksis rundt forsking på biologisk materiale som er tatt ut i samband med rettsmedisinske obduksjonar på små barn, har fått merksemd i media og i Stortinget. Helsetilsynet har opna tilsynssak mot obduksjonsverksemda ved Folkehelseinstituttet. Departementet avventar Helsetilsynets rapport frå tilsynet.

Avgjeving av lik til undervisning og forsking og anna behandling av lik

Departementet ser det som svært viktig at det også i framtida kan brukast lik i undervisninga av medisinstudentar og anna helsepersonell.

Departementet foreslår at formålet med obduksjonslova mellom anna skal vere å bidra til at avgjeving og anna behandling av lik blir utført på ein verdig måte med respekt for den avdøde og dei pårørande og å legje til rette for kvalitetssikring i helsevesenet og for undervisning og tileigning av kunnskap.

Departementet foreslår at personar som har fylt 18 år skal kunne samtykje til at kroppen deira kan brukast i undervisning og forsking etter at dei er døde. Dersom det kan godtgjerast at det er i tråd med ønsket til den avdøde, skal også den næraste pårørande kunne samtykje til at kroppen kan brukast i undervisning og forsking. Samtykke til bruk av lik til undervisning og forsking skal vere skriftlege.

Departementet foreslår at det skal gå fram av lova at departementet framleis skal peike ut institusjonar som skal kunne krevje å få utlevert lik til undervisning og forsking. Etter ein obduksjon vil liket vere ueigna for anatomiundervisning. Det blir derfor foreslått at lik ikkje skal kunne krevjast utlevert før det er avklart at det ikkje vil bli kravd rettsmedisinsk obduksjon og at det ikkje ligg føre særlege grunnar til at den avdøde bør obduserast.

Departementet foreslår at liket som hovudregel skal tilbakeførast til dei pårørande for kremasjon innan to år etter dødsfallet. Dei pårørande skal likevel framleis kunne samtykje til at institusjonen kan behalde liket, eller delar av liket, utover to år. Dersom den avdøde ikkje har pårørande, skal departementet kunne samtykje til at institusjonen kan behalde liket, eller delar av liket, utover to år.

Departementet er vidare samd med utvalet i at restriksjonane på gravlegging og til å føre lik ut av landet ved mistanke om unaturleg dødsfall, bør vidareførast. Departementet støttar også forslaget frå utvalet om at departementet skal kunne gi forskrift om krav til dokumentasjon ved utførsel av lik.

Implantat som kan eksplodere vil kunne skade kremasjonsovnar. Dei må derfor fjernast før kremasjonen finn stad. Av omsyn til avdøde, og pårørande til avdøde, må fjerning av implantat gjerast på ein forsvarleg måte. Departementet foreslår at nødvendig uttak av implantat før kremasjon skal utførast av helsepersonell.

Felles reglar for den nye transplantasjonslova og den nye obduksjonslova

Forholdet til forvaltningsloven og pasient- og brukerrettighetsloven

Departementet ser at dei generelle saksbehandlingsreglane i forvaltningsloven og pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 7 ikkje passar i donasjons-, transplantasjons- og obduksjonsverksemdene. Departementet foreslår derfor ein hovudregel om at forvaltningsloven kapittel IV, V, VI og VIII og klagereglane i pasient- og brukerrettighetsloven ikkje skal gjelde for vedtak som blir treft etter den nye transplantasjonslova og vedtak om obduksjon etter den nye obduksjonslova. Departementet ser likevel ikkje same grunn til å gjere unntak for avgjerder om utgreiing, oppfølging og kompensasjon, sjå utkastet til ny transplantasjonslov §§ 9 og 18. Desse paragrafane gir rett til ytingar som det bør kunne klagast på, på same måte som avgjerder etter pasient- og brukerrettighetsloven. Departementet foreslår derfor at slike avgjerder skal vere omfatta av klagereglane i pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 7.

Tilsvarande bør pårørande kunne klage på avgjerder om obduksjon i særlege tilfelle. Avgjerda kan vere i strid med viljen til dei pårørande, og det er fylkesmannen som tar avgjerda. Avgjerda bør derfor på vanleg måte vere omfatta av forvaltningsloven.

Pålegg, sanksjonar og straff

Donasjons- transplantasjons-, og obduksjonsverksemder er spesialisthelsetenester, og såleis omfatta av påleggs- og sanksjonsheimlane i spesialisthelsetjenesteloven og helsepersonelloven. Det er naturleg at verksemdene er underlagt dei same påleggs- og sanksjonsreglane uavhengig av om det konkrete forholdet er regulert av dei generelle helselovene eller av den nye transplantasjonslova eller den nye obduksjonslova. Departementet støttar derfor utvalet si vurdering av at det bør gå fram av dei nye særlovene at brot på lova og forskrifter etter lova kan føre til pålegg om retting, tvangsmulkt og bøter eller fengsel i inntil tre månader.

2.2 Komiteens merknader

Komiteen mener det er positivt at loven vil få en egen formålsparagraf og stiller seg bak denne. Det sentrale formålet med loven er å bidra til at obduksjoner og behandling av lik skjer på en verdig måte, gi kunnskap om dødsårsaker og bidra til en pålitelig dødsårsaksstatistikk og legge til rette for bedre kvalitet og kunnskap i helsetjeneste og undervisning.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Fremskrittspartiet, Senterpartiet, Venstre og Sosialistisk Venstreparti, mener det er riktig å fortsatt skille rettsmedisinske obduksjoner ut fra obduksjonsloven og at disse reguleres i straffeprosessloven.

Komiteen mener det er riktig at obduksjonsloven også skal gjelde for dødsfall utenom institusjon, ved at skillet mellom pasienter som dør hjemme, på vei til eller i sykehus eller lignende institusjon, oppheves.

Komiteen mener det er vesentlig å øke antall obduksjoner, og mener en plikt til å vurdere obduksjon ved alle dødsfall kan påvirke dette.

Komiteen mener loven er et godt redskap for å sikre flere obduksjoner, samtidig som respekten for avdødes og pårørendes integritet og vilje ivaretas. Komiteen er enig i at pårørende skal gis reell mulighet til å motsette seg obduksjon.

Komiteen mener gjeldende transplantasjonslov i liten grad regulerer gjennomføring av obduksjoner, og støtter de presiseringer rundt dette som kommer i ny obduksjonslov. Komiteen presiserer at helseforetakene har ansvar for at obduksjoner gjennomføres på forsvarlig vis, og viser til at departementet kan gi mer detaljerte regler i egen forskrift.

Lik inngår som en viktig del av undervisning og forskning ved universitetene i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø. Komiteen mener tilgang på lik er viktig for å opprettholde forsvarlig nivå på norsk helseundervisning og forskning. Det er derfor vesentlig at dette er forsvarlig regulert og sikrer tillitsfull og verdig behandling, og komiteen viser til at departementet kan gi mer detaljerte regler om dette i egen forskrift.

Komiteen støtter en fortsatt streng regulering av bruk av fostervev til forskning. Komiteen støtter også endringene som er foreslått i helseforskningsloven, som gir pårørende rett til å nekte uttak av biologisk materiale til bruk i undervisning og forskning i forbindelse med rettsmedisinske obduksjoner, samt rett til informasjon om dette – den samme retten som gis i forbindelse med medisinske obduksjoner etter utkastet til ny obduksjonslov § 7.

Komiteen slutter seg til de nødvendige endringer i andre lover nevnt i proposisjonen, samt opphevingen av lov 4. juni 1898 inneholdende visse Bestemmelser om Behandlingen av Lig.

Komiteens medlem fra Kristelig Folkeparti viser til lovforslaget som gjelder obduksjon. Nesten 50 prosent av obduksjonene som gjøres i Norge er rettsmedisinske, og vi har fått signaler fra Rettsmedisinsk forening om at det er ønskelig at rettsmedisinske obduksjoner inkluderes i denne lovgivningen, da denne type obduksjoner ikke inkluderes i regjeringens forslag. En tydeliggjøring og konkretisering i lovtekst av denne type obduksjoner kan bidra til å forebygge krevende situasjoner, slik som våren 2014 hvor Folkehelseinstituttets praksis rundt forskning på biologisk materiale fra små barn som døde plutselig og uventet – uten at foreldrene var gitt mulighet til å reservere seg – ble slått opp i tabloidpressen.

Dette medlem mener rettsmedisinske obduksjoner bør inkluderes i obduksjonsloven, og fremmer derfor følgende forslag:

«I lov om obduksjon og avgjeving av lik til undervisning og forsking skal § 2 Verkeområde første ledd lyde:

Lova gjeld for medisinsk obduksjon og donasjon av lekam til undervisning og forsking og anna behandling av lik. Reglane i § 7 gjeld tilsvarande for forsking på biologisk materiale som er tatt ut i samband med ein rettsmedisinsk obduksjon. Paragraf 8 første og tredje ledd gjeld tilsvarande for rettsmedisinske obduksjonar.»

Dette medlem viser til at Folkehelseinstituttet mener en tydeliggjøring av rettsmedisinsk obduksjon i lovtekst og informasjonstiltak rettet mot pårørende når det gjelder obduksjon og uttak til videre forskning, er viktig og nødvendig. De stiller seg derimot kritisk til et formkrav slik Den norske patologforening ønsker, da Rettsmedisinsk forening og Folkehelseinstituttet mener pårørendes reservasjonsrett er et tilstrekkelig og godt vern. Disse aktørene mener et slikt formkrav er en tungvint ordning som vil legge beslag på allerede knappe ressurser og kan forsinke prosesser ytterligere. Dette medlem støtter denne vurderingen. Dette medlem viser til at både Rettsmedisinsk forening, Folkehelseinstituttet og Foreningen for uventet barnedød støtter de videreføringer i nåværende lov som gir pårørende reservasjonsrett, men hvor det ikke er et formkrav.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti og Senterpartiet viser til at Helsedirektoratet har fått i oppdrag å lage retningslinjer om informasjon om obduksjon og forskning til pårørende når et lite barn dør. Her tydeliggjøres retten til å reservere seg mot videre forskning. Disse medlemmer merker seg de viktige signaler fra fagmiljøene, og mener reservasjonsrett i kombinasjon med nødvendige og styrkede informasjonstiltak, slik lovforslaget legger opp til, er den riktige veien å gå.