Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Forholdet til forvaltningsloven og pasient- og brukerrettighetsloven

Departementet ser at dei generelle saksbehandlingsreglane i forvaltningsloven og pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 7 ikkje passar i donasjons-, transplantasjons- og obduksjonsverksemdene. Departementet foreslår derfor ein hovudregel om at forvaltningsloven kapittel IV, V, VI og VIII og klagereglane i pasient- og brukerrettighetsloven ikkje skal gjelde for vedtak som blir treft etter den nye transplantasjonslova og vedtak om obduksjon etter den nye obduksjonslova. Departementet ser likevel ikkje same grunn til å gjere unntak for avgjerder om utgreiing, oppfølging og kompensasjon, sjå utkastet til ny transplantasjonslov §§ 9 og 18. Desse paragrafane gir rett til ytingar som det bør kunne klagast på, på same måte som avgjerder etter pasient- og brukerrettighetsloven. Departementet foreslår derfor at slike avgjerder skal vere omfatta av klagereglane i pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 7.

Tilsvarande bør pårørande kunne klage på avgjerder om obduksjon i særlege tilfelle. Avgjerda kan vere i strid med viljen til dei pårørande, og det er fylkesmannen som tar avgjerda. Avgjerda bør derfor på vanleg måte vere omfatta av forvaltningsloven.