1.1 Innledning

Noreg deler opp mot 90 pst. av havressursane vi haustar av, med andre land. Det er forvaltinga av desse ressursane som er tema for dei årlege fiskeriavtalane. Avtalane skal sikre at haustinga av fiskebestandane er berekraftig. Dei er difor basert på uavhengige vitskaplege råd om kvotar og forvaltningstiltak og inneheld forpliktande føresegner om kvotefordeling, forvaltningstiltak og kontrollsamarbeid.

Det er tre overordna mål som ligg til grunn for Noreg sin medverknad i dei ulike forhandlingsprosessane og dei internasjonale fora for ressursforvaltning:

  • Å fremje ei berekraftig forvaltning av dei levande marine ressursane, basert på den best tilgjengelege vitskaplege kunnskapen og ei økosystembasert tilnærming.

  • Å sikre Noreg ein rettferdig del ved kvotefordeling av felles regulerte bestandar.

  • Å sikre tilfredsstillande kontroll og handheving innan dei forvaltningsregima der Noreg tek del.

Oversikt over fiskeriavtalane

Dei internasjonale fiskeriavtalane Noreg inngår er av tre typar: tosidige avtalar, kyststatsavtalar og avtalar i regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar (RFMO-ar).

Noreg inngår tosidige avtalar med Russland, EU, Færøyane, Island og Grønland. Avtalane med Russland og EU er mest omfattande og gjeld felles forvaltning av dei bestandane vi deler i høvesvis Barentshavet og Nordsjøen. I tillegg blir det avtalt gjensidig løyve til å fiske i den andre parten si fiskerisone og byte av kvotar. EU er også formell motpart i avtalane om regulering av fisket i Skagerrak og Kattegat og svensk fiske i norsk økonomisk sone. Avtalane med Færøyane, Grønland og Island gjeld først og fremst kvotebyte. Kvotebytet har tradisjonelt vore ei vidareføring av tidlegare fiskemønster hos partane, men nivået avheng òg av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane. Dei tosidige avtalane omfattar dessutan kontrollsamarbeid og i ulik grad forskingssamarbeid.

Dei største bestandane i Norskehavet er makrell, norsk vårgytande sild (nvg-sild) og kolmule. Dette er bestandar som vandrar mellom sonene til fleire statar. Dei blir difor forvalta gjennom fleirsidige avtalar, såkalla kyststatsavtalar, mellom statane som har bestanden i sine soner. Noreg har også ein trepartsavtale om forvaltninga av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen og er part i prosessen om fordeling og regulering av uer i Irmingerhavet, mellom Grønland og Island.

FN-avtalen om fiske på det opne hav pålegg kyststatane og statar som fiskar i internasjonalt farvatn å delta i regionalt samarbeid om forvaltninga av vandrande fiskebestandar. RFMOane søkjer å kombinere ei langsiktig bevaring og best mogleg utnytting av fiskeressursane i konvensjonsområda sine. Det skjer gjennom regulering av fisket, miljøtiltak og samarbeid om kontroll. RFMO-ane har mellom anna vore viktige arenaer i kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske (uuu-fiske). Dei ulike fiskeriforvaltningsorganisasjonane vi deltek i er nærmare presentert i kapittel 3 i meldinga.

Kapittel 2 i meldinga har ei kort innføring i tema som er viktige i det internasjonale fiskerisamarbeidet. Det havrettslege rammeverket, den vitskaplege rådgjevinga og dei internasjonale havmiljøprosessane legg viktige premissar for dei årlege fiskeriavtalane. Dessutan er det internasjonale samarbeidet om kampen mot ulovleg fiske omtalt.

Verdiane vi forhandlar om

For 2014 er den samla fangstverdien av fiskeriavtalane Noreg inngjekk med andre land rekna til 32 mrd. kroner . Noreg sin del utgjorde drygt ein tredel av totalen, eller 11 mrd. kroner. I tillegg kjem verdiane som blir skapt av vidareforedling av fangsten. Den reelle verdien av avtalane er avhengig av i kor stor grad Noreg nyttar kvotane fullt ut.

Figur 1.2 i meldinga viser korleis den økonomiske verdien var fordelt mellom dei viktigaste avtalane i 2014. Denne fordelinga vil variere ein del frå år til år, som følgje av endringar i storleiken på kvotane og prisane i marknaden for dei ulike artane. Figuren illustrerer like fullt den økonomiske tyngda av dei ulike avtalane.

Torsken i Barentshavet er den kommersielt viktigaste bestanden Noreg har, og den norske kvoten hadde ein verdi på nær 5 mrd. kroner med dei oppnådde prisane i 2014. Det er grunnen til at meir enn halvparten av dei samla verdiane av fiskeriavtalane kjem frå avtalen med Russland. Om lag ein tredel av verdiane skriv seg frå kyststatsavtalane for dei tre pelagiske bestandane i Norskehavet. Makrellen er for tida den viktigaste med ein verdi på nær 2 mrd. kroner. Avtalen med EU om forvaltninga av fellesbestandane i Nordsjøen stod for 8 pst. av verdiane. Dette er lågare enn normalt, fordi prisen på nordsjøsild var særleg låg i 2014. Skagerrak-avtalen med EU stod for 2 pst. av dei samla verdiane.

1.2 Fiskeriavtalane for 2015

Figur 1.3 i meldinga viser den avtalte totalkvoten for viktige bestandar for Noreg i 2014 og 2015, medan figur 1.4 i meldinga viser den fastsette norske delen av kvotane på desse bestandane. Dei endelege kvotane til Noreg vil skilje seg noko frå denne fordelinga, fordi vi byter kvotar i dei ulike avtalane etter at totalkvotane er fastsette.

Avtalen med Russland

Noreg og Russland har avtalt totalkvotar for 2015 på fellesbestandane i Barentshavet og fordelinga mellom Noreg, Russland og avsetning til tredjeland. Landa har også avtalt gjensidig rett til å delta i fisket i kvarandre sine soner og har bytt kvotar som gjeld både fellesbestandar og nasjonale bestandar.

Både torsken og hysa i Barentshavet har vore på eit svært høgt nivå dei siste åra. Dei to bestandane blir delt likt mellom Noreg og Russland, etter at ein har sett av ein kvote til tredjeland. Tredjelandskvoten blir bytt mot kvotar på andre artar. Torskekvoten er redusert med 12 pst. frå 2014 til 2015, men er framleis høg historisk sett. Kvotenivået er venta å sikre eit høgt utbyte på lang sikt. Hysekvoten er ført vidare på same nivå som i 2014. Hysebestanden er i god stand, men med noko lågare rekruttering enn dei siste åra.

Nytt for 2015 er at Noreg og Russland vedtok å innføre kvotefleksibilitet mellom år i fisket etter torsk og hyse. Vedtaket inneber at partane kan overføre inntil 10 pst. av kvoten til neste år, eller fiske inntil 10 pst. av eigen kvote på forskot.

For 2015 vart det òg for første gong semje om felles totalkvote og fordeling av snabeluer i Barentshavet. Totalkvoten er på 30 000 tonn, og fordelt med 72 pst. til Noreg, 18 pst. til Russland og 10 pst. til tredjeland.

Noreg og Russland er einige om å vidareføre arbeidet i 2015 i analysegruppa, som er sentral i det gode norsk-russiske kontrollsamarbeidet. Partane bestemte også å halde fram arbeidet for å redusere utkast av fisk og arbeidet med å lage felles retningslinjer for korleis inspeksjon av fiskefartøy i Barentshavet og Norskehavet skal gå føre seg.

Avtalane med EU

Noreg og EU har eit felles ansvar for å forvalte fiskeressursane i Nordsjøen. I kvoteavtalen for 2015 er kvotane for torsk, raudspette og hyse auka noko, medan kvotane for sei, kviting og sild er reduserte. Byteavtalen vart som i 2014. Avtalen inneheld òg føresegner om gjensidig løyve til å fiske i den andre parten si fiskerisone.

Av fellesbestandane i Nordsjøen er det silda og seien som har den største kommersielle verdien for Noreg. Noreg har drygt 29 pst. av den totale sildekvoten og 52 pst. av seikvoten. Medan tilstanden for nordsjøsilda er god, er gytebestanden under føre-var-grensa for seien. Dei fastsette kvotane er i tråd med vedtekne forvaltningsplanar.

Noreg og EU har i tillegg inngått avtalar om fisket i Skagerrak/Kattegat og om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen (nabolandsavtalen). Det er silde- og rekefisket i Skagerrak som er av størst interesse for norske fiskarar. Det har dei siste åra vore ein prosess med sikte på å endre rammeverket for Skagerrakavtalen, slik at avtalen blir i tråd med moderne havrett. Det har resultert i ein ny avtale om norsk, dansk og svensk fiske i Skagerrak, signert 15. januar 2015.

Kyststatsavtalane

Makrell

Makrellbestanden har auka dei siste åra og er no i god stand. Hausten 2014 vart det gjort eit nytt forsøk på å inkludere Island i trepartsavtalen frå 2014 om makrell. Også Grønland deltok i forhandlingane, då det dei siste åra har utvikla seg eit makrellfiske i grønlandsk farvatn. Partane vart ikkje einige om ein felles avtale.

Noreg, EU og Færøyane inngjekk difor ein trepartsavtale om forvaltning av makrell for 2015, i tråd med rammeavtalen frå 2014. Partane er i avtalen einige om ein totalkvote på 1 054 000 tonn i 2015. Den norske kvoten er på 237 250 tonn, som svarar til 26,67 pst. av delen til dei tre partane i avtalen. I tillegg er det sett av eit kvantum for fiske av andre land. I samsvar med avtalen for 2015 skal partane utarbeide ny forvaltningsplan for makrell.

Norsk vårgytande sild

Norsk vårgytande sild (nvg-sild) har vore den største fiskebestanden i Nord-Atlanteren og den største sildebestanden i verda. Bestanden er no svakare. EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland er kyststatar til nvg-silda. Noreg har sidan 2007 hatt 61 pst. av nvg-silda. Dei to siste åra har Færøyane kravd ein høgare del av den totale kvoten, men dei andre kyststatane ville ikkje redusere sine delar av totalkvoten til fordel for Færøyane. Partane har difor ikkje klart å bli samde om ein ny fempartsavtale. I 2014 inngjekk Noreg, EU, Island og Russland ein firepartsavtale med ein kvote til Færøyane basert på deira tradisjonelle del av silda.

Det er ikkje inngått nokon ny firepartsavtale for 2015, men det ligg føre ei felles forståing av ein totalkvote på 283 013 tonn. Noreg har fastsett ein kvote på 172 638 tonn som tilsvarar vår tradisjonelle del av totalkvoten. Partane har utarbeidd ein ny rapport som kartlegg sonetilhøyrsla til bestanden, og det er halde tre forhandlingsrundar for å bli einige om ei ny fordeling av bestanden. Dette har ikkje lukkast, og i 2015 vil det bli arbeidd vidare for å komme fram til ein avtale frå 2016.

Kolmule

Kolmulen er den tredje store pelagiske bestanden i Nordaust-Atlanteren. Bestanden gikk ned frå 2003 til 2009, men trenden har no snudd og gytebestanden har nær dobla seg. Bestanden er no i god stand og blir hausta berekraftig. Etter krav frå EU har partane utarbeidd ein felles rapport om sonetilhøyrsle for kolmulebestanden. Denne skal gje grunnlag for forhandlingar om nye delar mellom partane. Med basis i rapporten har Noreg, EU, Færøyane og Island forhandla om ein kyststatsavtale om forvaltninga av kolmule for 2015. Å bli samde om fordeling av bestandar er ein tidkrevjande prosess, og ein har førebels ikkje lukkast i dette. Partane har difor ei felles forståing av ein totalkvote på 1 260 000 tonn, inkludert avsetning til andre land sitt fiske i internasjonalt farvatn. Noreg har fastsett ein kvote på 498 173 tonn. Partane vil halde fram med forhandlingane i 2015 for å bli einige om ein ny avtale frå 2016.

Dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane

Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC) har i første rekkje ein samordnande funksjon i reguleringa av fisket etter bestandar som vandrar mellom partar sine økonomiske soner og internasjonalt farvatn. Dette gjeld kolmule, norsk vårgytande sild, makrell og uer. Det er vanskeleg å bli samde om forvaltninga av snabeluer i internasjonalt farvatn både i Irmingerhavet og i Norskehavet, og NEAFC har difor ikkje fastsett regulering av ueren i desse områda.

NEAFC utvida verkeområdet for hamnestatskontroll i 2014, slik at den no er fullt på linje med den internasjonale hamnestatsavtalen som er forhandla fram under FAO.

Den norske kvoten på vågekval blir fastsett på bakgrunn av det arbeidet som er gjort i den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) sin vitskapskomité. For 2015 har Noreg fastsett ein kvote på 1 286 vågekval. Vitskapskomiteen i IWC starta i 2014 ein ny gjennomgang av det norske fangstgrunnlaget for vågekval. Komiteen konkluderte med at nye genetiske analysar ikkje gjev grunnlag for å dele opp i underområde for Barentshavet, Svalbardområdet og Norskehavet. Bestandestimatet som norske forskarar presenterte, vart også i hovudsak godteke. Gjennomgangen blir avslutta i 2015 med behandlinga i vitskapskomiteen.

Noreg hadde i åra 2007–2013 forbod mot fiske og landing av makrellstørje. Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk (ICCAT) har no klare indikasjonar på at tilstanden til bestanden er mykje betre. Komiteen er likevel tilbakehalden med å tilrå store kvoteaukingar. Totalkvoten for 2015 er sett til 16 142 tonn. Noreg opna for fangst av den norske kvoten i 2014. Den norske kvoten var på 30,97 tonn i 2014, men fisket lukkast ikkje. Den norske kvoten er auka til 36,57 tonn for 2015.

Kommisjonen for bevaring av dei marine levande ressursane i Antarktis (CCAMLR) har vedteke å vidareføre kvotane på krill i Antarktis på same nivå som tidlegare. Tilrådd fangst er 5,61 millioner tonn. Kvoten er ikkje delt mellom dei enkelte medlemmane. Den norske flåten fiska om lag 160 000 tonn krill i sesongen 2013/2014.

1.3 Fisket etter avtalane i 2013 og 2014

Norske fiskarar utnyttar generelt kvotane godt, og for dei kommersielt viktigaste bestandane blir kvotane nytta så godt som fullt ut. Tilgangen til å fiske i andre land sine soner blir nytta i ulik grad.

Forhandlingane med EU var seint ferdige, både i 2013 og 2014. Dette påverka i særleg grad EU sitt fiske i Nordsjøen i 2014. Noreg nytta heile den norske sildekvoten, i tillegg var torske- og seikvoten brukbart nytta begge åra. Ifølgje offisiell fangststatistikk har EU i dei seinare åra hatt relativt god utnytting av fellesbestandane i Nordsjøen.

I EU-farvatna vart dei norske kvotane av dei pelagiske artane kolmule og brisling godt nytta. Norske linefartøy fiska ein god del av botnfiskkvotane av blålange, lange og brosme både i 2013 og 2014. Det norske fisket i Skagerrak har dei siste åra i hovudsak vore konsentrert om reke og sild. EU har fiska mest av artane torsk, hyse, raudspette og reker i Skagerrak. Sverige fiska store delar av kvotane sine i norsk økonomisk sone.

Alle kyststatane har nytta kvotane sine av dei pelagiske artane norsk vårgytande sild, kolmule og makrell. Lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen var dårleg i sesongen 2012/2013, men for sesongen 2014/2015 har det vore opna både for sommar- og vinterfiske, og dette har ført til at Noreg har nytta heile kvoten sin.