Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

1. Sammendrag

Kulturdepartementet legg med dette fram forslag til lov om oppheving av lov 29. juni 2007 nr. 87 om registrering av innsamlinger (innsamlingsregistreringslova).

Ei oppheving av innsamlingsregistreringslova vil innebere at den frivillige registreringsordninga for innsamlingar ikkje lenger vil vere regulert av offentleg lovgiving, men kan førast vidare gjennom privat organisering.

Departementet vil vurdere nærare forslaget om å leggje til rette for registrering av innsamlingar i Frivilligregisteret og sjå dette i samanheng med det arbeidet regjeringa gjer for å bidra til meir bruk av Frivilligregisteret.

Innsamlingsregistreringslova tredde i kraft 1. juli 2009. Hovudmålet med ei lovregulering var å bidra til å føre vidare eller auke tilliten mellom givarar og innsamlingsaksjonar på ein betre måte enn om området blei verande uregulert.

I 2013 blei det gjennomført ei evaluering av korleis innsamlingsregistreringslova verka sett i forhold til dei ønskte måla. Evalueringa gir ingen indikasjon på at lova har fungert i tråd med intensjonen. Snarare tvert imot kan det hevdast at lova har verka motsett av formålet, i form av at lova har hatt uheldige og uintenderte konsekvensar for dei seriøse organisasjonane som har valt registrering, mens useriøse organisasjonar har kunna operere meir eller mindre fritt utan offentleg merksemd.

Departementet ønskjer å leggje til rette for at frivillige organisasjonar òg i framtida skal kunne skaffe seg inntekter gjennom pengeinnsamlingar. Offentlege pengeinnsamlingar er eit sentralt verkemiddel som blir nytta både av små og store organisasjonar på ulike nivå for å finansiere ei rad ulike aktivitetar og formål. Å leggje til rette for innsamlingar i regi av frivillige organisasjonar er på denne bakgrunnen eit viktig bidrag for å auke inntektsmoglegheitene til organisasjonane. Dette bidreg samtidig til å styrkje den sjølvstendige og uavhengige rolla til dei frivillige organisasjonane og gir større legitimitet til det arbeidet organisasjonane gjer.

Intensjonen med ei lovfesta registreringsordning for innsamlingar var å bidra til større openheit om gjennomføring av, og pengeforvaltning ved, pengeinnsamling.

Formålet med innsamlingsregistreringslova er å medverke til at midlar som blir gitt til innsamlingar, i størst mogleg grad gir overskot til beste for det formålet som er oppgitt for innsamlinga.

Det er brei semje om at Innsamlingsregisteret ikkje har bidrege vesentleg til formålet i tråd med intensjonane i forarbeida. Lova har verken hatt ein positiv effekt for å styrkje tilliten til dei seriøse innsamlingsorganisasjonane eller hatt noka rolle i å hindre useriøse innsamlingsaktørar. Departementet står på denne bakgrunnen fast ved forslaget om oppheving av innsamlingsregistreringslova.

Oppheving av lova vil innebere at pengeinnsamlingar i regi av frivillige organisasjonar ikkje blir regulerte av ei særskild lov. Departementet meiner at det at organisasjonane er avhengige av innsamla midlar, er ein god nok grunn til at organisasjonane på eige grunnlag vil setje i verk tiltak for å sikre interessene til givarane og bevare eller styrkje tilliten mellom givarar og innsamlingsaksjonar. Den private stiftelsen Innsamlingskontrollen er oppretta av humanitære organisasjonar som frivillig organ for sjølvjustis i innsamlingsbransjen for å sikre interessene til publikum.

Departementet vil vurdere nærare forslaget om å leggje til rette for registrering av innsamlingar i Frivilligregisteret og sjå dette i samanheng med det arbeidet regjeringa gjer for å bidra til meir bruk av Frivilligregisteret.

Det er brei politisk semje om at Frivilligregisteret skal takast i bruk av offentlege myndigheiter. Departementet arbeider aktivt for å auke bruken av Frivilligregisteret som eit verktøy for samordning og forenkling.

Innvendingane mot forslaget til lovendringar frå departementet kjem primært frå offentlege instansar som meiner det er nødvendig med ei pliktig registrering av innsamlingar med høve til offentleg kontroll og/eller tilsyn. Det er særleg nødvendig å identifisere tiltak for å møte truslane som er identifiserte gjennom at pengeinnsamlingar kan nyttast til finansiering av terror. Givarar kan bli misleidde til å tru at pengane går til humanitære formål, mens dei i realiteten kan misbrukast mellom anna til finansiering av terrorisme. Frivillige organisasjonar er eigna og attraktive for misbruk då sektoren er underlagd vesentleg mindre kontroll enn institusjonar som er rapporteringspliktige etter lov om tiltak mot hvitvasking og terrorfinansiering. Denne typen alvorleg kriminalitet skil seg også vesentleg frå andre typar innsamlingsrelatert kriminalitet, ettersom det er særleg viktig å avdekkje handlingane på eit tidleg tidspunkt for å kunne avverje dei. På bakgrunn av dei trusselvurderingane som ligg føre, og Noregs internasjonale forpliktingar, vil regjeringa vurdere målretta tiltak for å motverke misbruk av frivillige organisasjonar til terrorfinansiering.