Forslag fra Arbeiderpartiet:
Forslag 1
Tomtefesteloven § 15 fjerde ledd skal lyde:
Ved lenging av feste etter § 33 kan bortfestaren krevje
at den årlege festeavgifta blir regulert ein gong slik at ho svarer
til 1,25 prosent av tomteverdet med frådrag for verdauke som festaren har
tilført tomta med eigne tiltak eller tilskott til tiltak som er
gjort av andre. Tomteverdet må ikkje setjast høgare enn det tomta
kan seljast for om det berre er tillate å setje opp det huset eller dei
husa som er på tomta. Bortfestaren kan likevel ikkje krevje avgifta
regulert meir enn til det beløpet som regulering i samsvar med pengeverdien
ville gje eller til eit høgstebeløp om året for kvar dekar tomt
som justeres ved kvart årsskifte etter 1. januar 2002 i samsvar
med endringa i pengeverdien. For tomter på ein dekar eller mindre
er høgstebeløpet 9 000 kroner. For tomter mellom ein og to dekar
er høgstebeløpet 9 000 kroner pluss storleiken på tomta utover ein
dekar multiplisert med 4 500 kroner. For større tomter er høgstebeløpet
13 500 kroner pluss storleiken på tomta utover to dekar mulitiplisert
med 2 500 kroner. Bortfestaren må setje fram kravet innan tre år
etter at festetida er ute. Retten til å regulere festeavgifta etter
leddet her gjeld ikkje om det er avtalt ein rett for festaren til
lenging, og det fylgjer av avtala at bortfestaren ikkje har rett
til regulering av festeavgifta utover det som fylgjer av endringa
i pengeverdien. Ved regulering etter fjerde ledd kan festeavgifta
setjast høgare enn høgstebeløpet i fjerde ledd tredje til sjette
punktum i den grad det er naudsynt av omsyn til vernet bortfestaren
har etter Den europeiske menneskerettskonvensjonen fyrste tilleggsprotokoll
artikkel 1.
Forslag fra Senterpartiet:
Forslag 2
Tomtefesteloven § 15 fjerde ledd skal lyde:
Ved lenging av feste etter § 33 kan bortfestaren krevje
at den årlege festeavgifta blir regulert ein gong slik at ho svarer
til 2,5 prosent av tomteverdet med frådrag for verdauke som festaren
har tilført tomta med eigne tiltak eller tilskott til tiltak som
er gjort av andre. Tomteverdet må ikkje setjast høgare enn det tomta
kan seljast for om det berre er tillate å setje opp det huset eller
dei husa som er på tomta. Bortfestaren kan likevel ikkje krevje
avgifta regulert meir enn til eit høgstebeløp om året for kvar dekar
tomt eller til det beløpet som regulering i samsvar med pengeverdien
ville gje. Høgstebeløpet er 9 000 kroner justert ved kvart årsskifte
etter 1. januar 2002 i samsvar med endringa i pengeverdien. Dette høgstebeløpet
gjeld òg der tomta er mindre enn eitt dekar. Bortfestaren må setje
fram kravet innan tre år etter at festetida er ute. Retten til å
regulere festeavgifta etter leddet her gjeld ikkje om det er avtalt
ein rett for festaren til lenging, og det fylgjer av avtala at bortfestaren
ikkje har rett til regulering av festeavgifta utover det som fylgjer
av endringa i pengeverdien.