Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å
gjøre slikt
vedtak til lov
om endringer i tomtefesteloven
(festeavgift ved forlengelse m.m.)
I
I lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste gjøres
følgende endringer:
§ 10 skal lyde:
§ 10 Lenging av åremålsfeste
til anna enn bustadhus og fritidshus
Eit åremålsfeste (feste som er skipa for eit visst åretal
eller som går ut til ei fastsett tid) til anna enn bustadhus
eller fritidshus som ikkje er sagt opp skriftleg seinast
to år før festetida er ute, vert lengd på oppseiing med lik oppseiingsrett
for partane og elles på same vilkår som før, om ikkje anna fylgjer
av det som er avtalt eller må reknast å fylgje av festeføremålet.
Dette gjeld òg festeavtaler der det er avtalt rett til fornying,
om ikkje festaren til tid som nemnt har sagt frå skriftleg at festaren
ikkje vil fornye festet eller bortfestaren skriftleg krev festevilkåra
endra.
Så lenge partar i eit festehøve som nemnt i fyrste ledd tingar
om nye festevilkår, gjeld dei tidlegare festevilkåra jamvel etter
at festetida er ute, om ikkje anna fylgjer av det som er avtalt.
§ 15 skal lyde:
§ 15 Regulering av festeavgift
Ved feste av tomt til bustadhus og fritidshus kan kvar
av partane krevje at festeavgifta blir regulert i samsvar med endringa
i pengeverdien sidan festeavtala vart inngått. Har festeavgifta
vorte regulert, er det den avgifta som lovleg vart innkrevd etter
forrige regulering, som kan bli regulert i samsvar med endringa
i pengeverdien sidan det tidspunktet. Har partane tvillaust avtalt
at festeavgifta skal stå uendra, eller har dei avtalt ei lågare
regulering enn det som fylgjer av endringa i pengeverdien, gjeld
denne avtala istaden.
For andre festehøve enn tomt til bustadhus og fritidshus
kan kvar av partane krevje den avtalte festeavgifta regulert i samsvar
med endringa i pengeverdien i tida sidan festeavtala vart inngått,
om dei ikkje tvillaust har avtalt at festeavgifta skal stå uendra
eller dei har avtalt regulering på anna måte.
Avgiftsregulering etter fyrste og andre ledd kan skje
kvart tiande år, om ikkje anna er avtalt. Avtala kan likevel ikkje
fastsetje at reguleringa skal skje oftare enn kvart år.
Ved lenging av feste etter § 33 kan bortfestaren krevje
at den årlege festeavgifta blir regulert ein gong slik at ho svarer
til 2 prosent av tomteverdet med frådrag for verdauke som festaren
har tilført tomta med eigne tiltak eller tilskott til tiltak som
er gjort av andre. Tomteverdet må ikkje setjast høgare enn det tomta
kan seljast for om det berre er tillate å setje opp det huset eller
dei husa som er på tomta. Bortfestaren kan likevel ikkje krevje
avgifta regulert meir enn til eit høgstebeløp om året for kvart
dekar tomt eller til det beløpet som regulering i samsvar med pengeverdien
ville gje. Høgstebeløpet er 9000 kroner justert ved kvart årsskifte
etter 1. januar 2002 i samsvar med endringa i pengeverdien. Dette
høgstebeløpet gjeld òg der tomta er mindre enn eitt dekar. Bortfestaren
må setje fram kravet innan tre år etter at festetida er ute. Retten
til å regulere festeavgifta etter leddet her gjeld ikkje om det
er avtalt ein rett for festaren til lenging, og det fylgjer av avtala
at bortfestaren ikkje har rett til regulering av festeavgifta utover
det som fylgjer av endringa i pengeverdien.
Partane kan krevje ny regulering av festeavgifta etter
fjerde ledd når det er gått 30 år frå førre regulering etter denne
føresegna.
Vert partane ikkje samde om ny festeavgift, og dei ikkje
har avtalt eller vert samde om annan avgjerdsmåte, høyrer avgjerda
under skjønn.
Når avgiftsregulering er avhengig av at ein av partane
krev det, kan kravet berre gjelde framtidige terminar.
Når ei festeavgift – eller høgstebeløpet – etter lov eller
avtale skal bli regulert i samsvar med endringa i pengeverdien,
skal reguleringa skje i samsvar med utviklinga i (den berekna) konsumprisindeksen
frå Statistisk sentralbyrå. Ved regulering sidan festeavtala vart
inngått i festehøve frå før 1865, skal ein regulere festeavgifta
ut frå utviklinga i konsumprisindeksen frå 1865.
Ved regulering etter fjerde ledd kan festeavgifta setjast
høgare enn høgstebeløpet i fjerde ledd tredje til femte punktum
i den grad det er naudsynt av omsyn til vernet bortfestaren har
etter Den europeiske menneskerettskonvensjonen fyrste tilleggsprotokoll artikkel
1. Det same gjeld ved regulering etter femte ledd.
§ 33 skal lyde:
§ 33 Lenging av festetomt til
bustadhus og fritidshus
Når festetida er ute for festetomt til bustadhus
eller fritidshus, og tomta ikkje blir innløyst etter § 32, lauper
festet vidare på same vilkår som før, likevel slik at bortfestaren
kan krevje regulering etter § 15 fjerde ledd. For feste
som er lenga etter fyrste punktum, gjeld § 7 fyrste ledd om festetid.
§ 34 annet ledd første punktum skal lyde:
Ved krav om innløysing av ei festetomt til bustadhus eller
fritidshus som høyrer til ein bygdeallmenning, kan bortfestaren
i staden tilby festaren lengingetter § 33.
§ 36 skal lyde:
§ 36 Framsetjing av krav om
innløysing
Krav på innløysing etter § 32 må festaren
setje fram skriftleg seinast eitt år før innløysingstida er inne.
I dei høve som er nemnde i § 32 andre ledd, er fristen eitt år etter
at festaren døydde.
Er kravet sett fram seinare, kan Kongen gje oppfrisking
om oversitjinga er orsakande. Når innløysingsvilkåra vert fastsett
ved skjønn etter § 37 andre ledd, høyrer også spørsmål om oppfrisking
under skjønnet.
Retten til innløysing når festetida
er ute, fell ikkje bort utan når bortfestaren seinast to år før
festetida er ute, har sendt skriftleg oppseiing til festaren med
varsel om kva tidspunkt festetida går ut, om retten til innløysing
og om fristen for å krevje det. Dette gjeld ikkje når
festetida går ut for tomt festa bort for festaren si livstid.
§ 37 første ledd skal lyde:
Ved innløysing av tomt som er festa bort til bustadhus
eller fritidshus, skal innløysingssummen vere 25 gonger årleg festeavgift
etter regulering på innløysingstida, om ikkje ein mindre innløysingssum er
avtalt. Ved innløysing der innløysingstida er inne ti år
eller kortare før avtala kunne ha vorte lengd etter § 33, kan bortfestaren
krevje regulering av festeavgifta etter § 15 fjerde ledd på innløysingstida. Om ikkje
anna er avtalt, kan bortfestaren likevel krevje at innløysingssummen
for andre tomter enn dei som er festa bort på uavgrensa tid utan
oppseiingsrett for bortfestaren, skal vere 40 prosent av tomteverdet
på innløysingstida med frådrag for verdauke som festaren har tilført
tomta med eigne tiltak eller tilskott til tiltak som er gjort av
andre. Tomteverdet må ikkje setjast høgare enn det tomta kan seljast
for om det berre er tillate å setje opp det eller dei husa som er
på tomta.
§ 42 fjerde ledd skal lyde:
Ved feste av tomt til bustadhus eller fritidshus gjeld
reglane om innløysing og lenging i kapittel VI også i høvet mellom
festaren og grunneigaren.
II
1. Loven gjelder
fra 1. juli 2015.
2. For festeavtaler som er forlenget på
samme vilkår som før i medhold av tomtefesteloven § 33 slik bestemmelsen
lyder før ikrafttredelsen av denne loven, eller i medhold av midlertidig lov
14. desember 2012 nr. 89 § 1, kan bortfesteren kreve regulering
av festeavgiften etter reglene i § 15 fjerde ledd frem til 1. januar
2018.
3. Fører regulering av festeavgiften etter
nr. 2 eller etter § 15 fjerde ledd i denne loven til at den årlige
festeavgiften øker med mer enn 8000 kroner sammenliknet med det
som lovlig kunne kreves før reguleringen, kan bortfesteren for festeavgift
som forfaller før 1. januar 2017, ikke kreve den delen av den nye
festeavgiften som overstiger dette beløpet.
4. Ved innløsning gjelder § 37 første
ledd annet punktum bare hvis innløsningstiden er inne eller festetiden
er ute 1. juli 2016 eller senere. Er innløsningstiden inne før 1.
juli 2016, skal det ved beregningen av innløsningssummen ikke tas hensyn
til regulering av festeavgiften i medhold av overgangsregelen i
nr. 2, jf. § 15 fjerde ledd. I tilfeller som nevnt i § 32 annet
ledd gjelder § 37 første ledd annet punktum bare hvis festeren døde
etter ikrafttredelsen av loven.
5. Er en avtale om feste av tomt til bolighus
eller fritidshus gjort før 1. januar 2002, gjelder i tillegg til
§ 15 følgende regler for den første reguleringen som skjer fra 1.
januar 2002 eller senere:
a) Når
regulering skal skje i samsvar med endringen i pengeverdien, kan
bortfesteren kreve regulering i samsvar med endringen siden festeavtalen
ble inngått, selv om festeavgiften har vært regulert før.
b) Bortfesteren kan kreve avgiften regulert
i samsvar med det som tvilløst er avtalt. Men er avtalen inngått
26. mai 1983 eller før, kan bortfesteren likevel ikke kreve avgiften
regulert mer enn til et høyestebeløp om året for hvert dekar tomt
eller til det beløpet som regulering i samsvar med pengeverdien
ville gi. Høyestebeløpet etter andre punktum er 9000 kroner justert
ved hvert årsskifte etter 1. januar 2002 i samsvar med endringen
i pengeverdien. Dette høyestebeløpet gjelder også der tomten er
mindre enn ett dekar.
c) Gjør avtalen at verdien av tomt uten
hus er en del av regnegrunnlaget for ny festeavgift, skal verdien
ikke bli satt høyere enn det tomten kan selges for om det bare er
tillatt å sette opp det eller de husene som er på tomten.
6. Endringen av § 10 gjelder bare for feste
av tomt til bolighus eller fritidshus som forlenges etter ikrafttredelsen
av denne loven. Er festet forlenget før ikrafttredelsen av loven,
gjelder de tidligere reglene i § 10.
7. Kongen kan gi nærmere overgangsregler, herunder
regler som utfyller eller gjør unntak fra reglene i nr. 2 til 6.