1. Samandrag

Regjeringa gjer i proposisjonen framlegg til endringar i opplæringslova og privatskolelova. Proposisjonen inneheld framlegg om å endre reglane for krav om relevant kompetanse i undervisningsfag, framlegg om kva avgjerder i skulesamanheng som barnevernstenesta kan ta, og framlegg om å endre namnet på faget religion, livssyn og etikk, frå RLE til KRLE.

Framlegget som gjeld barnevernstenesta, er utarbeidt i samarbeid med Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Regjeringa foreslår å endre opplæringslova slik at ho opnar for å innføre krav til relevant kompetanse i undervisningsfag for alle fast tilsette lærarar. Det vil òg bli foreslått å regulere i forskrift at dei lærarane som er fritekne for kravet i dag, framover berre skal vere omfatta av kravet dersom dei underviser i faga matematikk, engelsk, norsk, samisk eller norsk teiknspråk i grunnskulen. I andre fag og på andre trinn vil desse lærarane framleis vere fritekne frå kravet om relevant undervisningskompetanse.

Framlegget om å innføre krav om relevant fagkompetanse heng nært saman med regjeringa si satsing på vidareutdanning. Regjeringa ønskjer framleis å ha tett dialog med partane om innretninga av denne satsinga og korleis ein kan nytte kapasiteten i universitets- og høgskulesektoren best mogleg. Regjeringa meiner det vil vere tilstrekkeleg kapasitet i sektoren til at det er mogleg å nå krava innan det har gått 10 år. Basert på SSB si utvalsundersøking våren 2014 av den faglege fordjupinga i undervisningsfaga hos lærarane i grunnskulen, og visse andre føresetnader, er behovet rekna til om lag 3 500 studieplassar i norsk, matematikk og engelsk kvart år dersom kompetansekrava skal fyllast innan 10 år.

Staten sine utgifter til vidareutdanning i statsbudsjettet dekkjer tilstrekkeleg mange lærarar ut frå gjeldande ordning. Løyvinga gjeld òg vidareutdanning i andre fag enn norsk, matematikk og engelsk i grunnskulen. Dimensjoneringa av tilbodet om vidareutdanning vert elles vurdert i dei årlege budsjettframlegga. For kommunane legg ein opp til at ein monaleg del av vidareutdanninga skal finne stad gjennom stipend, samtidig som kommunane bør ha eit visst høve til å velje ordning ut frå lokale behov.

Det vert understreka at kravet om relevant kompetanse i undervisningsfag ikkje inneber ei plikt for lærarar til å ta del i vidareutdanning, verken gjennom stipend- eller vikarordninga.

Regjeringa opnar for å fråvike kompetansekrava dersom det er nødvendig på grunn av mangel på kvalifisert personale. Dette framlegget tek omsyn til at det kan vere vanskeleg å finne lærarar med rett fagkompetanse i alle fag. Det er i dag skuleeigaren sjølv som må vurdere om det er eit reelt behov for å fråvike reglane.

Regjeringa tek sikte på å stramme inn unntaksordninga i løpet av perioden på 10 år, men vil vurdere behovet på nytt dersom den delen lærarar som fyller kompetansekrava, aukar raskt nok.

Regjeringa foreslår å oppheve den særlege ordninga for skular med små ungdomstrinn, det vil seie færre enn 60 elevar og færre enn 5 lærarårsverk. Regjeringa meiner at skuleeigarane vil kunne få dekt behovet for ein viss fleksibilitet gjennom den ordinære unntaksordninga. Det er særs få lærarårsverk ved desse ungdomstrinna.

Regjeringa gjer vidare framlegg som gjeld barnevernstenesta sine avgjerder i skulesamanheng. Framlegget klargjer kven som kan ta avgjerder på vegner av barnet etter omsorgsovertaking, og endrar ikkje fastsette rettar og plikter i opplæringslova og privatskolelova. Fleire av dei rettane som etter lovene ligg til eleven sine foreldre, høyrer naturleg inn under den daglege omsorga som barnevernstenesta overtek ansvaret for. Her gir endringsframlegget berre ei presisering. For rettar der det i dag kan vere tvil om det er barnevernstenesta eller foreldra som har rett til å ta avgjerder på vegner av barnet, vil endringa verke klargjerande.

For spesialundervisning og andre eventuelle tiltak der somme skular i praksis har henta inn samtykke frå foreldra etter ei omsorgsovertaking, vil endringsframlegget gi mindre administrasjon for skulen og barnevernstenesta.

Regjeringa gjer i proposisjonen framlegg om å endre namnet på faget religion, livssyn og etikk (RLE) til kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE). Namneendringa inneber ingen nye plikter eller rettar.

Regjeringa foreslår ingen endringar i kompetansemåla og ser ikkje på namneendringa som så vesentleg at det vil vere behov for at skulane skaffar nye læremiddel i faget.