Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om endringar i opplæringslova og privatskolelova (krav om relevant kompetanse i undervisningsfag m.m.)

Dette dokument

  • Innst. 352 L (2014–2015)
  • Kildedok: Prop. 82 L (2014–2015)
  • Dato: 04.06.2015
  • Utgiver: kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
  • Sidetall: 7

Til Stortinget

1. Samandrag

Regjeringa gjer i proposisjonen framlegg til endringar i opplæringslova og privatskolelova. Proposisjonen inneheld framlegg om å endre reglane for krav om relevant kompetanse i undervisningsfag, framlegg om kva avgjerder i skulesamanheng som barnevernstenesta kan ta, og framlegg om å endre namnet på faget religion, livssyn og etikk, frå RLE til KRLE.

Framlegget som gjeld barnevernstenesta, er utarbeidt i samarbeid med Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Regjeringa foreslår å endre opplæringslova slik at ho opnar for å innføre krav til relevant kompetanse i undervisningsfag for alle fast tilsette lærarar. Det vil òg bli foreslått å regulere i forskrift at dei lærarane som er fritekne for kravet i dag, framover berre skal vere omfatta av kravet dersom dei underviser i faga matematikk, engelsk, norsk, samisk eller norsk teiknspråk i grunnskulen. I andre fag og på andre trinn vil desse lærarane framleis vere fritekne frå kravet om relevant undervisningskompetanse.

Framlegget om å innføre krav om relevant fagkompetanse heng nært saman med regjeringa si satsing på vidareutdanning. Regjeringa ønskjer framleis å ha tett dialog med partane om innretninga av denne satsinga og korleis ein kan nytte kapasiteten i universitets- og høgskulesektoren best mogleg. Regjeringa meiner det vil vere tilstrekkeleg kapasitet i sektoren til at det er mogleg å nå krava innan det har gått 10 år. Basert på SSB si utvalsundersøking våren 2014 av den faglege fordjupinga i undervisningsfaga hos lærarane i grunnskulen, og visse andre føresetnader, er behovet rekna til om lag 3 500 studieplassar i norsk, matematikk og engelsk kvart år dersom kompetansekrava skal fyllast innan 10 år.

Staten sine utgifter til vidareutdanning i statsbudsjettet dekkjer tilstrekkeleg mange lærarar ut frå gjeldande ordning. Løyvinga gjeld òg vidareutdanning i andre fag enn norsk, matematikk og engelsk i grunnskulen. Dimensjoneringa av tilbodet om vidareutdanning vert elles vurdert i dei årlege budsjettframlegga. For kommunane legg ein opp til at ein monaleg del av vidareutdanninga skal finne stad gjennom stipend, samtidig som kommunane bør ha eit visst høve til å velje ordning ut frå lokale behov.

Det vert understreka at kravet om relevant kompetanse i undervisningsfag ikkje inneber ei plikt for lærarar til å ta del i vidareutdanning, verken gjennom stipend- eller vikarordninga.

Regjeringa opnar for å fråvike kompetansekrava dersom det er nødvendig på grunn av mangel på kvalifisert personale. Dette framlegget tek omsyn til at det kan vere vanskeleg å finne lærarar med rett fagkompetanse i alle fag. Det er i dag skuleeigaren sjølv som må vurdere om det er eit reelt behov for å fråvike reglane.

Regjeringa tek sikte på å stramme inn unntaksordninga i løpet av perioden på 10 år, men vil vurdere behovet på nytt dersom den delen lærarar som fyller kompetansekrava, aukar raskt nok.

Regjeringa foreslår å oppheve den særlege ordninga for skular med små ungdomstrinn, det vil seie færre enn 60 elevar og færre enn 5 lærarårsverk. Regjeringa meiner at skuleeigarane vil kunne få dekt behovet for ein viss fleksibilitet gjennom den ordinære unntaksordninga. Det er særs få lærarårsverk ved desse ungdomstrinna.

Regjeringa gjer vidare framlegg som gjeld barnevernstenesta sine avgjerder i skulesamanheng. Framlegget klargjer kven som kan ta avgjerder på vegner av barnet etter omsorgsovertaking, og endrar ikkje fastsette rettar og plikter i opplæringslova og privatskolelova. Fleire av dei rettane som etter lovene ligg til eleven sine foreldre, høyrer naturleg inn under den daglege omsorga som barnevernstenesta overtek ansvaret for. Her gir endringsframlegget berre ei presisering. For rettar der det i dag kan vere tvil om det er barnevernstenesta eller foreldra som har rett til å ta avgjerder på vegner av barnet, vil endringa verke klargjerande.

For spesialundervisning og andre eventuelle tiltak der somme skular i praksis har henta inn samtykke frå foreldra etter ei omsorgsovertaking, vil endringsframlegget gi mindre administrasjon for skulen og barnevernstenesta.

Regjeringa gjer i proposisjonen framlegg om å endre namnet på faget religion, livssyn og etikk (RLE) til kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE). Namneendringa inneber ingen nye plikter eller rettar.

Regjeringa foreslår ingen endringar i kompetansemåla og ser ikkje på namneendringa som så vesentleg at det vil vere behov for at skulane skaffar nye læremiddel i faget.

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Christian Tynning Bjørnø, leiaren Trond Giske, Martin Henriksen, Tone Merete Sønsterud og Marianne Aasen, frå Høgre, Henrik Asheim, Norunn Tveiten Benestad, Kent Gudmundsen og Kristin Vinje, frå Framstegspartiet, Sivert Bjørnstad og Bente Thorsen, frå Kristeleg Folkeparti, Anders Tyvand, frå Senterpartiet, Anne Tingelstad Wøien, frå Venstre, Iselin Nybø, og frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, viser til proposisjonen.

2.1 Framlegg om å endre reglane om krav om relevant kompetanse i undervisningsfag

Komiteen syner til at Stortinget i 2012 vedtok at lærarar skal ha relevant kompetanse i dei faga dei skal undervise i. Kravet om relevant fagkompetanse gjeld i dag berre dei lærarane som arbeider fast i skulen, og som er ferdig utdanna i 2014 eller seinare. Det vil seie at kravet ikkje gjeld alle dei som fylte krava for å verte tilsett i undervisningsstilling før 1. januar 2014.

Komiteen meiner at fagkompetanse er nødvendig for å kunne motivere og formidle kunnskap på ein god måte. Difor støttar komiteen regjeringa sine ambisjonar om høg kompetanse i skulen, både når det gjeld tilsetting og undervisning.

Komiteen viser til at på barnetrinnet er krava til undervisningskompetanse avgrensa til å gjelde norsk, samisk, norsk teiknspråk og matematikk.

Komiteen merkar seg at kravet om å ha relevant kompetanse i undervisningsfaget etter framlegget skal gjelde alle lærarar i grunnskulen som underviser i dei sentrale faga matematikk, engelsk, norsk, samisk og norsk teiknspråk.

Komiteen merkar seg at fleire høyringsinstansar meiner at kompetanseføresegnene bør vere like for alle fag.

Komiteen viser til at fleirtalet av høyringsinstansane meiner at kompetansekrava ideelt sett bør gjelde for alle lærarar, men at den faktiske kompetansesituasjonen i skulen i dag vil gjere det særs vanskeleg for alle skular å tilfredsstille dei nye krava.

Komiteen merkar seg at fleire høyringsinstansar går mot framlegget om å gi kompetansekrava tilbakeverkande kraft.

Komiteen viser til at skular med færre enn 60 elevar og 5 lærarårsverk i dag har moglegheit til å fråvike kompetanseføresegnene i opplæringslova med forskrifter. Komiteen viser til at regjeringa i proposisjonen varslar at det særlege høvet skular med små ungdomstrinn har til å fråvike kompetansekrava for undervisning, skal strammast inn, og at regjeringa vil kome tilbake med framlegg om dette.

Komiteen viser til at Stortinget i 2012 vedtok at lærarar skal ha relevant kompetanse i dei faga dei skal undervise i. Komiteen vil peike på at lærarane er dei viktigaste ressurspersonane i skulen, og at det er særs viktig at lærekreftene har den kunnskapen som skal til for å hjelpe elevane til forståing og mestring. Komiteen vil understreke at det trengst ambisjonar på skulen sine vegner, og at det er naudsynleg med ytterlegare satsing på kompetanseheving for lærarar. Komiteen meiner det bør vere eit uttala mål at alle lærarar skal ha kompetanse i faga dei underviser i.

Komiteen viser til at føremålet med lovproposisjonen er å sikre at alle lærarar har relevant kompetanse i faget dei underviser i. Komiteen oppmodar departementet til å ha tett dialog med skuleeigarane i landet om korleis det nye regelverket fungerer, og på bakgrunn av dette jamleg vurdere om regelverket er fleksibelt og tilpassa dei lærarane som vil ha behov for vidareutdanning.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti fremjar følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa opne for at lærarar som fylte krava for å verte tilsette i undervisningsstilling før 1. januar 2014, får vurdert realkompetansen sin i faget, og eventuelt få moglegheit til å gå opp til eksamen utan å delta i vidareutdanning.»

Medlemen i komiteen frå Kristeleg Folkeparti viser i denne samanhengen til at dagens etter- og vidareutdanningsmodell har fungert godt og er populær blant lærarar i skulen. Denne medlemen er derfor nøgd med at Stortinget har vedteke skjerpa kompetansekrav til nyutdanna lærarar, og meiner at dette på sikt vil gi det kompetanseløftet som trengst i skulen.

Medlemene i komiteen frå Høgre, Framstegspartiet og Venstre fremjar følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa ikkje utelukke at lærarar som fylte krava for å verte tilsette i undervisningsstilling før 1. januar 2014, får moglegheit til å gå opp til eksamen i kompetansegivande vekttallsstudier, utan å måtte delta i undervisninga.»

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet meiner det skal vere høge krav til kompetanse for tilsetting og undervisning i skulen. God fagbakgrunn er nødvendig for å kunne motivere og formidle kunnskap med tyngd, tryggleik og entusiasme.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti er positive til ambisjonen om at kompetansekrava skal gjelde alle lærarar i grunnskulen. Desse medlemene merkar seg likevel at høyringsinstansane er uroa for korleis framlegga til endringar vil verte praktiserte. Desse medlemene meiner lærarane sin kompetanse ikkje aleine kan verte definert av talet på studiepoeng. Desse medlemene understrekar at praktiseringa av dei nye kompetansekrava må klargjerast slik at ein unngår at lærarar med godkjend utdanning vert delte i eit A-lag og eit B-lag. Desse medlemene meiner også at ei vurdering av lærarane sin realkompetanse i større grad bør kunne inngå som ein del av dei nye kompetansekrava.

Desse medlemene fremjar følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa syte for at lærarar med godkjend utdanning og som i dag innfrir krava til undervisning, vert sikra gode moglegheiter for å tileigne seg dei nye kompetansekrava.»

Medlemene i komiteen frå Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet meiner framlegget til endring potensielt kan binde opp mykje ressursar når godt kvalifiserte lærarar, som har ei godkjend lærarutdanning, har jobba lenge i skuleverket og har opparbeidd seg realkompetanse innanfor faga sine, må ta vidareutdanning for å få formalisert kompetansen sin. Utdanninga i seg sjølv kostar mykje, og i tillegg må skulane ha inn vikarar i den perioden lærarar er i etter- og vidareutdanning. Desse medlemene viser til at endringa kan føre til liten mobilitet blant lærarar, ettersom det ikkje er lagt inn noka dispensasjonsmoglegheit for den einskilde lærar. Desse medlemene stør derfor ikkje forslaget om at kompetansekrava skal få tilbakeverkande kraft. Dersom dette forslaget likevel får medhald av fleirtalet i Stortinget, meiner desse medlemene at lærarar må få høve til å få vurdert realkompetansen sin i faget, og eventuelt få høve til å gå opp til eksamen utan å delta i vidareutdanning.

Medlemene i komiteen frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at ein lærar må ha god fagleg og didaktisk kompetanse. God fagbakgrunn er naudsynt for å kunne motivere og formidle kunnskap med tyngd, tryggleik og entusiasme. Solid fagleg kompetanse er naudsynt for å kunne differensiere opplæringa på ein god måte. Det er òg ein positiv samanheng mellom den faglege og didaktiske kompetansen hos læraren og læringsutbyttet hos elevane. Difor foreslo og gjennomførte regjeringa Stoltenberg II ei rekkje tiltak for å sikre høgare fagleg kompetanse hos lærarane. Nasjonal etter- og vidareutdanning vart sett i gang og rektorskule oppretta. Kompetansekrava i prioriterte fag på ungdomstrinnet vart skjerpte i forskrifta til opplæringslova i 2008. Vidare tok den raud-grøne regjeringa i St.meld. nr. 11 (2008–2009) Læreren – rollen og utdanningen, til orde for å stille krav til fagkompetanse for å kunne undervise i eit fag. Dette vart fylgd opp i Prop. L 84 (2011–2012) med framlegg om innføring av krav om at den som skal undervise, må ha relevant kompetanse i undervisningsfaget. Dette vart vedteke og sett i verk frå 1. januar 2014.

Sjølv om solid fagkompetanse er viktig, er det samstundes naudsynt å ta omsyn til kva konsekvensar slike endringar vil få for skulen, elevane si læring og dei tilsette i skulen. Desse medlemene meiner det er gode grunnar, praktiske og prinsipielle, for å oppretthalde gjeldande unnatak i § 10-2 og ikkje gje framlegget tilbakeverkande kraft.

Desse medlemene er særs uroa over kva konsekvensar framlegget vil gje. Mellom anna fryktar desse medlemene at mange skular finn det naudsynt å erstatte mange dyktige lærarar med lang erfaring som arbeider i skulen i dag, med vikarar utan formell kompetanse – ikkje berre medan tilsette lærarar tek vidareutdanning, men òg fordi det ikkje vil vere mogeleg å få tak i tilstrekkeleg med kvalifiserte lærarar for alle dei som etter framlegget ikkje lenger vil vere kvalifiserte. Dessutan er det ein fare for at mange lærarar vert tvinga over i deltidsstillingar mot sin vilje.

Desse medlemene er sterkt imot å gje denne lovendringa tilbakeverkande kraft og meiner dette er eit åtak på stillingsvernet til lærarane. Sjølv om ingen lærarar vert ukvalifiserte til å arbeide som lærar, vil det råke mange som har undervist i fleire tiår, og som med dei nye reglane ikkje lenger kvalifiserer til å undervise i dei same faga.

Medlemen i komiteen frå Senterpartiet meiner dette vil gjere det vanskeleg for desse lærarane å søkje på andre stillingar, sidan skuleeigar truleg vil prioritere søkjarar med full undervisningskompetanse.

Denne medlemen meiner at ein lærar som har undervist i til dømes engelsk i mange år, har ein realkompetanse som kan vere like verdfull – om ikkje meir – enn nyutdanna lærarar med formelle studiepoeng. Det å nekte røynde lærarar å undervise i fag der dei har lang erfaring, er ikkje berre dårleg personalpolitikk og seniorpolitikk, men det tappar òg skulen for verdfull realkompetanse.

Denne medlemen er særskilt uroa for kva framlegget vil føre til når det gjeld små skular. Ved små og mellomstore skular er ein avhengig av at dei tilsette kan vere fleksible og vil kunne undervise i fleire fag. Denne medlemen fryktar difor at framlegget vil føre til nedlegging av skular.

Denne medlemen er uroa for at framlegget også vil føre til ei ytterlegare teoretisering av fag- og yrkesopplæringa når dei som er tilsette i faste undervisningsstillingar, skal ha minst 60 studiepoeng i dei prioriterte faga. Ei slik ordning vil særleg gje utfordringar for dei yrkesfaga som ikkje inngår i universiteta og høgskulane sin portefølje.

2.2 Rett til å ta avgjerder i skulesamanheng på vegner av barnet når barnevernstenesta har overteke omsorga for barnet

Komiteen meiner ein bør leggje stor vekt på kven som har dei beste føresetnadene for å sørgje for interessene til barnet i det aktuelle spørsmålet. Særleg gjeld dette for avgjerder som heng nært saman med den faglege og sosiale utviklinga til barnet. Komiteen meiner det er dei som har hovudomsorga for barnet, som har dei beste føresetnadene for å vite kva behov barnet har. Samstundes bør ein ta omsyn til at foreldra framleis bør kunne ta avgjerder i spørsmål som vert rekna som sentrale delar av foreldreretten.

Komiteen syner til framlegget og meiner det er bra at lova gir ein klarare definisjon av ansvarsdelinga mellom barnevernstenesta og foreldra. Komiteen meiner dette framlegget tek omsyn til foreldreretten. Komiteen meiner framlegget på ein god måte balanserer det ansvaret som barnevernstenesta har og det avgrensa foreldreansvaret som foreldra har etter ei omsorgsovertaking.

Komiteen syner til at det i høyringa er brei støtte til framlegget.

Komiteen stør framlegget og har ingen fleire merknader til dette.

2.3 Framlegg om å endre namnet på faget religion, livssyn og etikk (RLE) og tidsbruk i faget

Generelt

Komiteen syner til at RLE-faget er eit ordinært fag som skal samle alle elevane uavhengig av deira etniske bakgrunn og religiøse eller filosofiske overtyding.

Komiteen vil peike på at det er ein styrke ved faget at det er med på å skape forståing, respekt og leggje til rette for dialog mellom elevar med ulik forståing av trudoms- og livssynsspørsmål.

Komiteen vil difor understreke verdien av å halde faget som eit samlande fag i skulen og ikkje skape uklarheit som kan føre til at foreldre vel å søkje fritak for faget. Komiteen viser til at det er naudsynt at ein i undervisninga i faget held fram med å presentere ulike verdsreligionar og livssyn objektivt og kritisk. Dessutan skal undervisninga framleis vere pluralistisk der ulike livssyn skal anerkjennast som likeverdige.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre, understrekar at undervisning i kulturarven vår stimulerer til allsidig danning og gir rom for undring og refleksjon om viktige religiøse, etiske og filosofisk-kulturelle spørsmål. Vi lever no i eit samfunn som er meir pluralistisk enn nokon gang, og kunnskap om kvarandre, ikkje minst med omsyn til kultur og religion, er heilt naudsynleg for eit godt samfunn fritt for ekstremisme. Med bakgrunn i at det mellom elevane i grunnskulen er ei mengd ulike trusretningar, meiner desse medlemene at det har stor verdi at elevane får god kjennskap til og god kunnskap om dei ulike trussamfunna. Dette set store krav til læraren. Fleirtalet vil understreke kor viktig det er at lærarane har den kompetansen som trengst for å gi undervisning som gir elevane grunnleggjande og god kunnskap om ulike livssyn. God kunnskap om kvarandre sitt livssyn og kulturbakgrunn kan gi betre inkludering, betre kulturforståing og motverke antisemittiske og andre rasistiske haldningar blant elevane. Fleirtalet vil understreke at KRLE-faget vert verande eit ikkje-forkynnande fag med dei same kompetansemåla som dagens RLE-fag.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti er urolege for at regjeringa sitt framlegg til endring av RLE-faget vil svekkje føremålet med faget og så unødig uro og splid. Desse medlemene vil understreke verdien av at det er tillit og felles forståing rundt eit fag som nett har som føremål å skape tillit og forståing.

Desse medlemene syner til ein overveldande motstand blant høyringsinstansane, både til regjeringa sitt framlegg om endring av namnet til faget KRLE og ei tydlegare regulering av tidsbruken i faget. Likestillings- og diskrimineringsombodet, Utdanningsforbundet, Foreldreutvalet for grunnopplæringa, Nasjonalt fagråd for kristendomskunnskap og religionsvitskap, Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn, Norsk Religionspedagogisk Forskningsforum, Pedagogstudentane, Det teologiske Menighetsfakultetet, Det utdanningsvitskapelege fakultetet ved Universitetet i Oslo, Kyrkjeleg Pedagogisk Senter, Kristent Pedagogisk Forum, Human-Etisk Forbund og ein rad høgskular og universitet er mellom dei mange som åtvarar mot forslaget til omlegging av faget.

Namnet på faget

Komiteen syner til at det sidan faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering (KRL) vart innført i norsk skule i 1997, har vore gjorde fleire endringar i faget. Som følgje av at fleirtalet i Menneskerettskomiteen i FN i 2003 kom til at faget KRL, inkludert fritaksordninga, var i strid med FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar, vart det gjort endringar både i opplæringslova og læreplanane i faget. Komiteen syner til at dei endringane som vart gjorde i lova og læreplanen i 2005, i hovudsak kom i møte kritikken i dommen frå EMD.

For å unngå tvil om faget var i samsvar med menneskerettane vart det gjort fleire endringar i opplæringslova i 2008. Komiteen syner til at til dømes ble namnet på faget endra til religion, livssyn og etikk (RLE) for å signalisere at alle religionar og livssyn, inklusiv kristendom, skal ha ei kvalitativt likeverdig handsaming i undervisninga.

Komiteen syner til at regjeringa no gjer framlegg om å endre opplæringslova § 2-3 og § 2-4 slik at namnet på faget religion, livssyn og etikk (RLE) igjen vert endra og skal heite kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE).

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre, viser til at dommen frå Strasbourg mot det gamle KRL-faget gjekk ut på at kristendommen vart gitt kvalitativ forrang gjennom nokre formuleringar i læreplanen. Fleirtalet viser til at dette er endra i dagens fag. Dommen var samstundes tydeleg på at ein kan gi ein religion som har ein spesiell plass i eit samfunn, kvantitativ forrang i religionsfaget. Fleirtalet meiner det er naturleg at fagnamnet speglar innhaldet i faget.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti syner til at faget før endringa i 2008 hadde kristendom i sjølve namnet på faget. Endringane som vart gjorde i 2008, var eit kompromiss mellom fleire parti på Stortinget. Desse medlemene viser til høyringa og er samde med fleirtalet av høyringsinstansane som meiner det vil vere lite klokt å gjere endringar som vil føre til ny uro kring faget. Desse medlemene meiner det viktigaste er å behalde faget som eit samlande fag i grunnskulen, og at det vil vere særs uheldig dersom ei namneendring fører til at fleire vel å søkje fritak frå faget.

Regulering av tidsbruken i faget

Komiteen syner til at framlegget òg omfattar endringar i læreplanen for faget religion, livssyn og etikk ved å innføre eit krav om at om lag halvdelen av undervisningstida i faget skal nyttast til kristendomskunnskap. Komiteen viser til at kristendommen allereie er kvantitativt vektlagd meir enn dei andre religionane, og at dette går fram av ordlyden i læreplanen i faget: «Kristendomskunnskap skal av den grunn ha den kvantitativt største andelen av lærestoffet». Komiteen er samd i at kristendommen skal telje meir enn dei andre religionane og livssyna, ettersom denne religionen spelar ei så viktig historisk rolle i Noreg. Komiteen meiner dette ikkje er i strid med kravet om kvalitativt likeverd mellom alle religionar og livssyn.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre, viser til at føresegna om at kristendommen skal utgjere om lag halve undervisninga i faget, er heilt i tråd med det som heile tida har vore intensjonen for faget. Fleirtalet viser til at då den raud-grøne regjeringa fjerna føresegna i 2008, vart det uttrykt tydeleg at kristendommen framleis skulle ha ein større plass i faget enn andre religionar.

Fleirtalet har merka seg at trass i dette har faget etter kvart blitt praktisert særs ulikt frå stad til stad. Ved nokre skular har kristendommen blitt nedprioritert. Andre stader har den fått høvesvis stor plass. Fleirtalet meiner vi ved å innføre ei sentral føresegn om at kristendommen skal utgjere om lag halve faget, vil få eit likare religionsfag over heile landet. Fleirtalet vil leggje vekt på at faget framleis skal vere eit kunnskapsbasert fellesfag og gi kunnskap om både kristendom, andre religionar, livssyn og etikk.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til framlegget om å kvantifisere timetalet i faget som lærarane skal bruke på kristendom. Desse medlemene syner til at det å fastsetje eit krav om tidsbruk i eit emne bryt med prinsippet som ligg til grunn for alle fag i grunnskulen om at læraren skal regulere tidsbruken ut frå sitt faglege skjønn og måloppnåinga til elevane. Desse medlemene meiner soleis at det bryt med prinsippet i Kunnskapsløftet om at læreplanane er målstyrte, og at det er opp til læraren å organisere undervisninga i tråd med kompetansekrava i det einskilde faget.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti er uroa for at ei sterkare regulering av tidsbruken i faget vil avgrense moglegheitene for lokal differensiering og tilpassa opplæring. Tidsbruken i faget bør vere grunna på ei pedagogisk vurdering og ikkje ei politisk markering. Desse medlemene meiner gjeldande ordlyd i læreplanen er tilstrekkeleg for å reflektere kristendommen sin plass i det norske samfunnet.

Medlemen i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti meiner RLE er eit særs viktig fag i skulen. RLE gir kunnskapar og dugleik til hjelp i arbeidet mot føredommar og diskriminering, og er med på å fremje gjensidig respekt og toleranse. Faget gir høve til å ta opp vanskelege spørsmål knytte til liv og død, psykisk helse, tro og tvil, seksualitet og mobbing, og er ein av få arenaer i skulen der ein kan diskutere tabu og ungdomsproblem. Denne medlemen meiner derfor at det er ei feilprioritering å auke vekta på kristendomsundervisning, fordi det inneber mindre tid til andre viktige tema i RLE-faget. Det finst heller inga faglege råd som stør ei slik omlegging. Denne medlemen meiner ei slik politisk styrt omprioritering, utan grunnlag i faglege råd, er ein heilt uakseptabel måte å drive fagutvikling på.

2.4 Andre framlegg

Komiteen viser til framlegget om tekniske endringar i opplæringslova og har ingen merknader.

Komiteen fekk 20. mai 2015 eit notat frå Sametinget i samband med komiteen si handsaming av proposisjonen, og sende 21. mai 2015 notatet til Kunnskapsdepartementet v/statsråden for kommentar. Komiteen viser til statsråden sitt svarbrev 26. mai 2015 og har inga ytterlegare kommentarar utover dette.

3. Forslag frå mindretal

Forslag frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti:

Forslag 1

Stortinget ber regjeringa opne for at lærarar som fylte krava for å verte tilsette i undervisningsstilling før 1. januar 2014, får vurdert realkompetansen sin i faget, og eventuelt få moglegheit til å gå opp til eksamen utan å delta i vidareutdanning.

Forslag frå Høgre, Framstegspartiet og Venstre:

Forslag 2

Stortinget ber regjeringa ikkje utelukke at lærarar som fylte krava for å verte tilsette i undervisningsstilling før 1. januar 2014, får moglegheit til å gå opp til eksamen i kompetansegivande vekttallsstudier, utan å måtte delta i undervisninga.

Forslag frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti:

Forslag 3

Stortinget ber regjeringa syte for at lærarar med godkjend utdanning og som i dag innfrir krava til undervisning, vert sikra gode moglegheiter for å tileigne seg dei nye kompetansekrava.

4. Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak til lov

om endringar i opplæringslova og privatskolelova (krav om relevant kompetanse i undervisningsfag m.m.)

I

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa blir det gjort følgjande endringar:

§ 2-3 første ledd første punktum skal lyde:

Grunnskoleopplæringa skal omfatte kristendom, religion, livssyn og etikk, norsk, matematikk, framandspråk, kroppsøving, kunnskap om heimen, samfunnet og naturen, og estetisk, praktisk og sosial opplæring.

§ 2-4 skal lyde:

§ 2-4 Undervisninga i faget kristendom, religion, livssyn og etikk

Kristendom, religion, livssyn og etikk er eit ordinært skolefag som normalt skal samle alle elevar. Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande.

Undervisninga i kristendom, religion, livssyn og etikk skal gi kjennskap til kristendommen, andre verdsreligionar og livssyn, kjennskap til kva kristendommen har å seie som kulturarv og til etiske og filosofiske emne.

Undervisninga i kristendom, religion, livssyn og etikk skal bidra til forståing, respekt og evne til dialog mellom menneske med ulik oppfatning av trudoms- og livssynsspørsmål.

Undervisninga i kristendom, religion, livssyn og etikk skal presentere ulike verdsreligionar og livssyn på ein objektiv, kritisk og pluralistisk måte. Dei same pedagogiske prinsippa skal leggjast til grunn for undervisninga i dei ulike emna.

§ 2-12 tredje ledd skal lyde:

For private grunnskolar gjeld også §§ 2-2, 2-5 første, andre, tredje og sjette ledd, 2-9, 2-10, 2-11, 8-2, 9-1, 9-2, 9-3, 9-4, 9-5, 9-6, kapittel 9a, §§ 10-1, 10-2, 10-6, 10-6a, 10-9, 11-1, 11-2, 11-3,1 11-4, 11-7, 11-10, 13-3b, 13-7a, 13-10, 14-1, 14-4, 15-3 og 15-4.

§ 10-2 tredje ledd andre punktum og femte ledd blir oppheva.

§ 13-2 andre ledd skal lyde:

Ansvaret omfattar barn og unge i institusjonar i fylkeskommunen som barne-, ungdoms- og familieetaten har ansvaret for etter barnevernlova § 5-1, og barn og unge i private og kommunale institusjonar som er godkjende etter barnevernlova § 5-8. Dersom opplæringa skjer i institusjonen, skal institusjonen sørgje for nødvendige lokale til formålet.

Ny § 15-6 skal lyde:

§ 15-6 Rett til å ta avgjerder på vegner av barnet når barnevernstenesta har overteke omsorga

Dersom barnevernstenesta har overteke omsorga etter barnevernlova §§ 4-8 eller 4-12, har barnevernstenesta rett til å ta avgjerder på vegner av barnet. Tilsvarande gjeld ved vedtak om flytteforbod etter barnevernlova § 4-8 og vedtak om plassering etter barnevernlova § 4-6 andre ledd.

Det er likevel foreldra til barnet som har rett til å velje privat skole, jf. § 2-1, samtykke til fritak frå heile opplæringsplikta, jf. § 2-1, velje målform, jf. § 2-5, krevje fritak frå delar av undervisninga med omsyn til religion eller livssyn, jf. § 2-3a og krevje opplæring i finsk og i og på samisk, jf. §§ 2-7 og 6-2.

II

I lov 4. juli 2003 nr. 84 om private skolar med rett til statstilskot skal ny § 7-7 lyde:

§ 7-7 Rett til å ta avgjerder på vegner av barnet når barneverntenesta har overteke omsorga

Dersom barnevernstenesta har overteke omsorga etter barnevernlova §§ 4-8 eller 4-12, har barnevernstenesta rett til å ta avgjerder på vegner av barnet. Tilsvarande gjeld ved vedtak om flytteforbod etter barnevernlova § 4-8 og vedtak om plassering etter barnevernlova § 4-6 andre ledd.

Det er likevel foreldra til barnet som har rett til å krevje fritak frå delar av undervisninga med omsyn til religion eller livssyn, jf. § 3-12, og til å velje privat skole, jf. opplæringslova § 2-1.

III

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.

Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 4. juni 2015

Trond Giske

Anne Tingelstad Wøien

leiar

ordførar