Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Christian Tynning Bjørnø, leiaren Trond Giske, Martin Henriksen,
Tone Merete Sønsterud og Marianne Aasen, frå Høgre, Henrik Asheim,
Norunn Tveiten Benestad, Kent Gudmundsen og Kristin Vinje, frå Framstegspartiet, Sivert
Bjørnstad og Bente Thorsen, frå Kristeleg Folkeparti, Anders Tyvand, frå
Senterpartiet, Anne Tingelstad Wøien, frå Venstre, Iselin Nybø,
og frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes,
viser til proposisjonen.
Komiteen syner til
at Stortinget i 2012 vedtok at lærarar skal ha relevant kompetanse
i dei faga dei skal undervise i. Kravet om relevant fagkompetanse
gjeld i dag berre dei lærarane som arbeider fast i skulen, og som
er ferdig utdanna i 2014 eller seinare. Det vil seie at kravet ikkje gjeld
alle dei som fylte krava for å verte tilsett i undervisningsstilling
før 1. januar 2014.
Komiteen meiner at fagkompetanse
er nødvendig for å kunne motivere og formidle kunnskap på ein god
måte. Difor støttar komiteen regjeringa sine ambisjonar
om høg kompetanse i skulen, både når det gjeld tilsetting og undervisning.
Komiteen viser til at på barnetrinnet
er krava til undervisningskompetanse avgrensa til å gjelde norsk,
samisk, norsk teiknspråk og matematikk.
Komiteen merkar seg at kravet
om å ha relevant kompetanse i undervisningsfaget etter framlegget
skal gjelde alle lærarar i grunnskulen som underviser i dei sentrale
faga matematikk, engelsk, norsk, samisk og norsk teiknspråk.
Komiteen merkar seg at fleire
høyringsinstansar meiner at kompetanseføresegnene bør vere like
for alle fag.
Komiteen viser til at fleirtalet
av høyringsinstansane meiner at kompetansekrava ideelt sett bør
gjelde for alle lærarar, men at den faktiske kompetansesituasjonen
i skulen i dag vil gjere det særs vanskeleg for alle skular å tilfredsstille dei
nye krava.
Komiteen merkar seg at fleire
høyringsinstansar går mot framlegget om å gi kompetansekrava tilbakeverkande
kraft.
Komiteen viser til at skular
med færre enn 60 elevar og 5 lærarårsverk i dag har moglegheit til å
fråvike kompetanseføresegnene i opplæringslova med forskrifter. Komiteen viser
til at regjeringa i proposisjonen varslar at det særlege høvet skular
med små ungdomstrinn har til å fråvike kompetansekrava for undervisning,
skal strammast inn, og at regjeringa vil kome tilbake med framlegg
om dette.
Komiteen viser til at Stortinget
i 2012 vedtok at lærarar skal ha relevant kompetanse i dei faga dei
skal undervise i. Komiteen vil peike på at lærarane
er dei viktigaste ressurspersonane i skulen, og at det er særs viktig
at lærekreftene har den kunnskapen som skal til for å hjelpe elevane
til forståing og mestring. Komiteen vil understreke
at det trengst ambisjonar på skulen sine vegner, og at det er naudsynleg
med ytterlegare satsing på kompetanseheving for lærarar. Komiteen meiner
det bør vere eit uttala mål at alle lærarar skal ha kompetanse i
faga dei underviser i.
Komiteen viser til at føremålet
med lovproposisjonen er å sikre at alle lærarar har relevant kompetanse
i faget dei underviser i. Komiteen oppmodar departementet
til å ha tett dialog med skuleeigarane i landet om korleis det nye regelverket
fungerer, og på bakgrunn av dette jamleg vurdere om regelverket
er fleksibelt og tilpassa dei lærarane som vil ha behov for vidareutdanning.
Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet,
Kristeleg Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti fremjar
følgjande forslag:
«Stortinget ber regjeringa opne for at lærarar som
fylte krava for å verte tilsette i undervisningsstilling før 1. januar
2014, får vurdert realkompetansen sin i faget, og eventuelt få moglegheit
til å gå opp til eksamen utan å delta i vidareutdanning.»
Medlemen i komiteen frå Kristeleg Folkeparti viser
i denne samanhengen til at dagens etter- og vidareutdanningsmodell
har fungert godt og er populær blant lærarar i skulen. Denne
medlemen er derfor nøgd med at Stortinget har vedteke skjerpa
kompetansekrav til nyutdanna lærarar, og meiner at dette på sikt vil
gi det kompetanseløftet som trengst i skulen.
Medlemene i komiteen frå Høgre, Framstegspartiet
og Venstre fremjar følgjande forslag:
«Stortinget ber regjeringa ikkje utelukke at
lærarar som fylte krava for å verte tilsette i undervisningsstilling
før 1. januar 2014, får moglegheit til å gå opp til eksamen i kompetansegivande vekttallsstudier,
utan å måtte delta i undervisninga.»
Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet,
Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet meiner det skal
vere høge krav til kompetanse for tilsetting og undervisning i skulen.
God fagbakgrunn er nødvendig for å kunne motivere og formidle kunnskap
med tyngd, tryggleik og entusiasme.
Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet
og Sosialistisk Venstreparti er positive til ambisjonen
om at kompetansekrava skal gjelde alle lærarar i grunnskulen. Desse medlemene merkar
seg likevel at høyringsinstansane er uroa for korleis framlegga
til endringar vil verte praktiserte. Desse medlemene meiner
lærarane sin kompetanse ikkje aleine kan verte definert av talet
på studiepoeng. Desse medlemene understrekar at praktiseringa
av dei nye kompetansekrava må klargjerast slik at ein unngår at
lærarar med godkjend utdanning vert delte i eit A-lag og eit B-lag. Desse
medlemene meiner også at ei vurdering av lærarane sin realkompetanse
i større grad bør kunne inngå som ein del av dei nye kompetansekrava.
Desse medlemene fremjar følgjande
forslag:
«Stortinget ber regjeringa syte for at lærarar
med godkjend utdanning og som i dag innfrir krava til undervisning,
vert sikra gode moglegheiter for å tileigne seg dei nye kompetansekrava.»
Medlemene i komiteen frå Kristeleg Folkeparti
og Senterpartiet meiner framlegget til endring potensielt
kan binde opp mykje ressursar når godt kvalifiserte lærarar, som
har ei godkjend lærarutdanning, har jobba lenge i skuleverket og
har opparbeidd seg realkompetanse innanfor faga sine, må ta vidareutdanning
for å få formalisert kompetansen sin. Utdanninga i seg sjølv kostar
mykje, og i tillegg må skulane ha inn vikarar i den perioden lærarar
er i etter- og vidareutdanning. Desse medlemene viser
til at endringa kan føre til liten mobilitet blant lærarar, ettersom
det ikkje er lagt inn noka dispensasjonsmoglegheit for den einskilde
lærar. Desse medlemene stør derfor ikkje forslaget
om at kompetansekrava skal få tilbakeverkande kraft. Dersom dette
forslaget likevel får medhald av fleirtalet i Stortinget, meiner desse
medlemene at lærarar må få høve til å få vurdert realkompetansen
sin i faget, og eventuelt få høve til å gå opp til eksamen utan
å delta i vidareutdanning.
Medlemene i komiteen frå Senterpartiet
og Sosialistisk Venstreparti viser til at ein lærar må ha
god fagleg og didaktisk kompetanse. God fagbakgrunn er naudsynt
for å kunne motivere og formidle kunnskap med tyngd, tryggleik og
entusiasme. Solid fagleg kompetanse er naudsynt for å kunne differensiere opplæringa
på ein god måte. Det er òg ein positiv samanheng mellom den faglege
og didaktiske kompetansen hos læraren og læringsutbyttet hos elevane.
Difor foreslo og gjennomførte regjeringa Stoltenberg II ei rekkje
tiltak for å sikre høgare fagleg kompetanse hos lærarane. Nasjonal etter-
og vidareutdanning vart sett i gang og rektorskule oppretta. Kompetansekrava
i prioriterte fag på ungdomstrinnet vart skjerpte i forskrifta til
opplæringslova i 2008. Vidare tok den raud-grøne regjeringa i St.meld.
nr. 11 (2008–2009) Læreren – rollen og utdanningen, til orde for
å stille krav til fagkompetanse for å kunne undervise i eit fag.
Dette vart fylgd opp i Prop. L 84 (2011–2012) med framlegg om innføring
av krav om at den som skal undervise, må ha relevant kompetanse
i undervisningsfaget. Dette vart vedteke og sett i verk frå 1. januar
2014.
Sjølv om solid fagkompetanse er viktig, er det samstundes
naudsynt å ta omsyn til kva konsekvensar slike endringar vil få
for skulen, elevane si læring og dei tilsette i skulen. Desse medlemene meiner
det er gode grunnar, praktiske og prinsipielle, for å oppretthalde
gjeldande unnatak i § 10-2 og ikkje gje framlegget tilbakeverkande
kraft.
Desse medlemene er særs uroa
over kva konsekvensar framlegget vil gje. Mellom anna fryktar desse
medlemene at mange skular finn det naudsynt å erstatte mange
dyktige lærarar med lang erfaring som arbeider i skulen i dag, med vikarar
utan formell kompetanse – ikkje berre medan tilsette lærarar tek
vidareutdanning, men òg fordi det ikkje vil vere mogeleg å få tak
i tilstrekkeleg med kvalifiserte lærarar for alle dei som etter
framlegget ikkje lenger vil vere kvalifiserte. Dessutan er det ein
fare for at mange lærarar vert tvinga over i deltidsstillingar mot
sin vilje.
Desse medlemene er sterkt imot
å gje denne lovendringa tilbakeverkande kraft og meiner dette er
eit åtak på stillingsvernet til lærarane. Sjølv om ingen lærarar
vert ukvalifiserte til å arbeide som lærar, vil det råke mange som
har undervist i fleire tiår, og som med dei nye reglane ikkje lenger
kvalifiserer til å undervise i dei same faga.
Medlemen i komiteen frå Senterpartiet meiner
dette vil gjere det vanskeleg for desse lærarane å søkje på andre
stillingar, sidan skuleeigar truleg vil prioritere søkjarar med
full undervisningskompetanse.
Denne medlemen meiner at ein
lærar som har undervist i til dømes engelsk i mange år, har ein realkompetanse
som kan vere like verdfull – om ikkje meir – enn nyutdanna lærarar
med formelle studiepoeng. Det å nekte røynde lærarar å undervise
i fag der dei har lang erfaring, er ikkje berre dårleg personalpolitikk
og seniorpolitikk, men det tappar òg skulen for verdfull realkompetanse.
Denne medlemen er særskilt uroa
for kva framlegget vil føre til når det gjeld små skular. Ved små
og mellomstore skular er ein avhengig av at dei tilsette kan vere
fleksible og vil kunne undervise i fleire fag. Denne medlemen fryktar
difor at framlegget vil føre til nedlegging av skular.
Denne medlemen er uroa for at
framlegget også vil føre til ei ytterlegare teoretisering av fag-
og yrkesopplæringa når dei som er tilsette i faste undervisningsstillingar,
skal ha minst 60 studiepoeng i dei prioriterte faga. Ei slik ordning vil
særleg gje utfordringar for dei yrkesfaga som ikkje inngår i universiteta
og høgskulane sin portefølje.
Komiteen meiner ein
bør leggje stor vekt på kven som har dei beste føresetnadene for
å sørgje for interessene til barnet i det aktuelle spørsmålet. Særleg
gjeld dette for avgjerder som heng nært saman med den faglege og
sosiale utviklinga til barnet. Komiteen meiner det
er dei som har hovudomsorga for barnet, som har dei beste føresetnadene
for å vite kva behov barnet har. Samstundes bør ein ta omsyn til
at foreldra framleis bør kunne ta avgjerder i spørsmål som vert rekna
som sentrale delar av foreldreretten.
Komiteen syner til framlegget
og meiner det er bra at lova gir ein klarare definisjon av ansvarsdelinga
mellom barnevernstenesta og foreldra. Komiteen meiner
dette framlegget tek omsyn til foreldreretten. Komiteen meiner
framlegget på ein god måte balanserer det ansvaret som barnevernstenesta
har og det avgrensa foreldreansvaret som foreldra har etter ei omsorgsovertaking.
Komiteen syner til at det i høyringa
er brei støtte til framlegget.
Komiteen stør framlegget og har
ingen fleire merknader til dette.
Komiteen syner til
at RLE-faget er eit ordinært fag som skal samle alle elevane uavhengig
av deira etniske bakgrunn og religiøse eller filosofiske overtyding.
Komiteen vil peike på at det
er ein styrke ved faget at det er med på å skape forståing, respekt og
leggje til rette for dialog mellom elevar med ulik forståing av
trudoms- og livssynsspørsmål.
Komiteen vil difor understreke
verdien av å halde faget som eit samlande fag i skulen og ikkje
skape uklarheit som kan føre til at foreldre vel å søkje fritak
for faget. Komiteen viser til at det er naudsynt
at ein i undervisninga i faget held fram med å presentere ulike
verdsreligionar og livssyn objektivt og kritisk. Dessutan skal undervisninga
framleis vere pluralistisk der ulike livssyn skal anerkjennast som
likeverdige.
Fleirtalet i komiteen, medlemene
frå Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre,
understrekar at undervisning i kulturarven vår stimulerer til allsidig
danning og gir rom for undring og refleksjon om viktige religiøse,
etiske og filosofisk-kulturelle spørsmål. Vi lever no i eit samfunn
som er meir pluralistisk enn nokon gang, og kunnskap om kvarandre,
ikkje minst med omsyn til kultur og religion, er heilt naudsynleg
for eit godt samfunn fritt for ekstremisme. Med bakgrunn i at det
mellom elevane i grunnskulen er ei mengd ulike trusretningar, meiner desse
medlemene at det har stor verdi at elevane får god kjennskap
til og god kunnskap om dei ulike trussamfunna. Dette set store krav
til læraren. Fleirtalet vil understreke kor viktig
det er at lærarane har den kompetansen som trengst for å gi undervisning
som gir elevane grunnleggjande og god kunnskap om ulike livssyn.
God kunnskap om kvarandre sitt livssyn og kulturbakgrunn kan gi
betre inkludering, betre kulturforståing og motverke antisemittiske
og andre rasistiske haldningar blant elevane. Fleirtalet vil
understreke at KRLE-faget vert verande eit ikkje-forkynnande fag
med dei same kompetansemåla som dagens RLE-fag.
Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet,
Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti er urolege for
at regjeringa sitt framlegg til endring av RLE-faget vil svekkje føremålet
med faget og så unødig uro og splid. Desse medlemene vil
understreke verdien av at det er tillit og felles forståing rundt
eit fag som nett har som føremål å skape tillit og forståing.
Desse medlemene syner til ein
overveldande motstand blant høyringsinstansane, både til regjeringa
sitt framlegg om endring av namnet til faget KRLE og ei tydlegare
regulering av tidsbruken i faget. Likestillings- og diskrimineringsombodet,
Utdanningsforbundet, Foreldreutvalet for grunnopplæringa, Nasjonalt fagråd
for kristendomskunnskap og religionsvitskap, Samarbeidsrådet for
trus- og livssynssamfunn, Norsk Religionspedagogisk Forskningsforum,
Pedagogstudentane, Det teologiske Menighetsfakultetet, Det utdanningsvitskapelege
fakultetet ved Universitetet i Oslo, Kyrkjeleg Pedagogisk Senter,
Kristent Pedagogisk Forum, Human-Etisk Forbund og ein rad høgskular
og universitet er mellom dei mange som åtvarar mot forslaget til
omlegging av faget.
Komiteen syner til
at det sidan faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering
(KRL) vart innført i norsk skule i 1997, har vore gjorde fleire
endringar i faget. Som følgje av at fleirtalet i Menneskerettskomiteen
i FN i 2003 kom til at faget KRL, inkludert fritaksordninga, var
i strid med FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar, vart
det gjort endringar både i opplæringslova og læreplanane i faget. Komiteen syner
til at dei endringane som vart gjorde i lova og læreplanen i 2005,
i hovudsak kom i møte kritikken i dommen frå EMD.
For å unngå tvil om faget var i samsvar med menneskerettane
vart det gjort fleire endringar i opplæringslova i 2008. Komiteen syner
til at til dømes ble namnet på faget endra til religion, livssyn
og etikk (RLE) for å signalisere at alle religionar og livssyn,
inklusiv kristendom, skal ha ei kvalitativt likeverdig handsaming
i undervisninga.
Komiteen syner til at regjeringa
no gjer framlegg om å endre opplæringslova § 2-3 og § 2-4 slik at
namnet på faget religion, livssyn og etikk (RLE) igjen vert endra
og skal heite kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE).
Fleirtalet i komiteen, medlemene
frå Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre,
viser til at dommen frå Strasbourg mot det gamle KRL-faget gjekk ut
på at kristendommen vart gitt kvalitativ forrang gjennom nokre formuleringar
i læreplanen. Fleirtalet viser til at dette er endra
i dagens fag. Dommen var samstundes tydeleg på at ein kan gi ein
religion som har ein spesiell plass i eit samfunn, kvantitativ forrang
i religionsfaget. Fleirtalet meiner det er naturleg
at fagnamnet speglar innhaldet i faget.
Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet,
Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti syner til at
faget før endringa i 2008 hadde kristendom i sjølve namnet på faget. Endringane
som vart gjorde i 2008, var eit kompromiss mellom fleire parti på
Stortinget. Desse medlemene viser til høyringa og
er samde med fleirtalet av høyringsinstansane som meiner det vil
vere lite klokt å gjere endringar som vil føre til ny uro kring
faget. Desse medlemene meiner det viktigaste er å
behalde faget som eit samlande fag i grunnskulen, og at det vil
vere særs uheldig dersom ei namneendring fører til at fleire vel
å søkje fritak frå faget.
Komiteen syner til
at framlegget òg omfattar endringar i læreplanen for faget religion,
livssyn og etikk ved å innføre eit krav om at om lag halvdelen av
undervisningstida i faget skal nyttast til kristendomskunnskap. Komiteen viser til
at kristendommen allereie er kvantitativt vektlagd meir enn dei
andre religionane, og at dette går fram av ordlyden i læreplanen
i faget: «Kristendomskunnskap skal av den grunn ha den kvantitativt
største andelen av lærestoffet». Komiteen er samd
i at kristendommen skal telje meir enn dei andre religionane og
livssyna, ettersom denne religionen spelar ei så viktig historisk rolle
i Noreg. Komiteen meiner dette ikkje er i strid med
kravet om kvalitativt likeverd mellom alle religionar og livssyn.
Fleirtalet i komiteen, medlemene
frå Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre,
viser til at føresegna om at kristendommen skal utgjere om lag halve undervisninga
i faget, er heilt i tråd med det som heile tida har vore intensjonen
for faget. Fleirtalet viser til at då den raud-grøne
regjeringa fjerna føresegna i 2008, vart det uttrykt tydeleg at
kristendommen framleis skulle ha ein større plass i faget enn andre
religionar.
Fleirtalet har merka seg at trass
i dette har faget etter kvart blitt praktisert særs ulikt frå stad
til stad. Ved nokre skular har kristendommen blitt nedprioritert.
Andre stader har den fått høvesvis stor plass. Fleirtalet meiner
vi ved å innføre ei sentral føresegn om at kristendommen skal utgjere
om lag halve faget, vil få eit likare religionsfag over heile landet. Fleirtalet vil
leggje vekt på at faget framleis skal vere eit kunnskapsbasert fellesfag
og gi kunnskap om både kristendom, andre religionar, livssyn og
etikk.
Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet,
Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til framlegget
om å kvantifisere timetalet i faget som lærarane skal bruke på kristendom. Desse
medlemene syner til at det å fastsetje eit krav om tidsbruk
i eit emne bryt med prinsippet som ligg til grunn for alle fag i grunnskulen
om at læraren skal regulere tidsbruken ut frå sitt faglege skjønn
og måloppnåinga til elevane. Desse medlemene meiner soleis
at det bryt med prinsippet i Kunnskapsløftet om at læreplanane er
målstyrte, og at det er opp til læraren å organisere undervisninga
i tråd med kompetansekrava i det einskilde faget.
Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet
og Sosialistisk Venstreparti er uroa for at ei sterkare
regulering av tidsbruken i faget vil avgrense moglegheitene for
lokal differensiering og tilpassa opplæring. Tidsbruken i faget
bør vere grunna på ei pedagogisk vurdering og ikkje ei politisk
markering. Desse medlemene meiner gjeldande ordlyd
i læreplanen er tilstrekkeleg for å reflektere kristendommen sin plass
i det norske samfunnet.
Medlemen i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti meiner
RLE er eit særs viktig fag i skulen. RLE gir kunnskapar og dugleik
til hjelp i arbeidet mot føredommar og diskriminering, og er med
på å fremje gjensidig respekt og toleranse. Faget gir høve til å
ta opp vanskelege spørsmål knytte til liv og død, psykisk helse,
tro og tvil, seksualitet og mobbing, og er ein av få arenaer i skulen
der ein kan diskutere tabu og ungdomsproblem. Denne medlemen meiner derfor
at det er ei feilprioritering å auke vekta på kristendomsundervisning,
fordi det inneber mindre tid til andre viktige tema i RLE-faget. Det
finst heller inga faglege råd som stør ei slik omlegging. Denne
medlemen meiner ei slik politisk styrt omprioritering, utan
grunnlag i faglege råd, er ein heilt uakseptabel måte å drive fagutvikling
på.
Komiteen viser til
framlegget om tekniske endringar i opplæringslova og har ingen merknader.
Komiteen fekk 20. mai 2015 eit
notat frå Sametinget i samband med komiteen si handsaming av proposisjonen,
og sende 21. mai 2015 notatet til Kunnskapsdepartementet v/statsråden for
kommentar. Komiteen viser til statsråden sitt svarbrev
26. mai 2015 og har inga ytterlegare kommentarar utover dette.