Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2.3 Framlegg om å endre namnet på faget religion, livssyn og etikk (RLE) og tidsbruk i faget

Komiteen syner til at RLE-faget er eit ordinært fag som skal samle alle elevane uavhengig av deira etniske bakgrunn og religiøse eller filosofiske overtyding.

Komiteen vil peike på at det er ein styrke ved faget at det er med på å skape forståing, respekt og leggje til rette for dialog mellom elevar med ulik forståing av trudoms- og livssynsspørsmål.

Komiteen vil difor understreke verdien av å halde faget som eit samlande fag i skulen og ikkje skape uklarheit som kan føre til at foreldre vel å søkje fritak for faget. Komiteen viser til at det er naudsynt at ein i undervisninga i faget held fram med å presentere ulike verdsreligionar og livssyn objektivt og kritisk. Dessutan skal undervisninga framleis vere pluralistisk der ulike livssyn skal anerkjennast som likeverdige.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre, understrekar at undervisning i kulturarven vår stimulerer til allsidig danning og gir rom for undring og refleksjon om viktige religiøse, etiske og filosofisk-kulturelle spørsmål. Vi lever no i eit samfunn som er meir pluralistisk enn nokon gang, og kunnskap om kvarandre, ikkje minst med omsyn til kultur og religion, er heilt naudsynleg for eit godt samfunn fritt for ekstremisme. Med bakgrunn i at det mellom elevane i grunnskulen er ei mengd ulike trusretningar, meiner desse medlemene at det har stor verdi at elevane får god kjennskap til og god kunnskap om dei ulike trussamfunna. Dette set store krav til læraren. Fleirtalet vil understreke kor viktig det er at lærarane har den kompetansen som trengst for å gi undervisning som gir elevane grunnleggjande og god kunnskap om ulike livssyn. God kunnskap om kvarandre sitt livssyn og kulturbakgrunn kan gi betre inkludering, betre kulturforståing og motverke antisemittiske og andre rasistiske haldningar blant elevane. Fleirtalet vil understreke at KRLE-faget vert verande eit ikkje-forkynnande fag med dei same kompetansemåla som dagens RLE-fag.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti er urolege for at regjeringa sitt framlegg til endring av RLE-faget vil svekkje føremålet med faget og så unødig uro og splid. Desse medlemene vil understreke verdien av at det er tillit og felles forståing rundt eit fag som nett har som føremål å skape tillit og forståing.

Desse medlemene syner til ein overveldande motstand blant høyringsinstansane, både til regjeringa sitt framlegg om endring av namnet til faget KRLE og ei tydlegare regulering av tidsbruken i faget. Likestillings- og diskrimineringsombodet, Utdanningsforbundet, Foreldreutvalet for grunnopplæringa, Nasjonalt fagråd for kristendomskunnskap og religionsvitskap, Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn, Norsk Religionspedagogisk Forskningsforum, Pedagogstudentane, Det teologiske Menighetsfakultetet, Det utdanningsvitskapelege fakultetet ved Universitetet i Oslo, Kyrkjeleg Pedagogisk Senter, Kristent Pedagogisk Forum, Human-Etisk Forbund og ein rad høgskular og universitet er mellom dei mange som åtvarar mot forslaget til omlegging av faget.

Komiteen syner til at det sidan faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering (KRL) vart innført i norsk skule i 1997, har vore gjorde fleire endringar i faget. Som følgje av at fleirtalet i Menneskerettskomiteen i FN i 2003 kom til at faget KRL, inkludert fritaksordninga, var i strid med FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar, vart det gjort endringar både i opplæringslova og læreplanane i faget. Komiteen syner til at dei endringane som vart gjorde i lova og læreplanen i 2005, i hovudsak kom i møte kritikken i dommen frå EMD.

For å unngå tvil om faget var i samsvar med menneskerettane vart det gjort fleire endringar i opplæringslova i 2008. Komiteen syner til at til dømes ble namnet på faget endra til religion, livssyn og etikk (RLE) for å signalisere at alle religionar og livssyn, inklusiv kristendom, skal ha ei kvalitativt likeverdig handsaming i undervisninga.

Komiteen syner til at regjeringa no gjer framlegg om å endre opplæringslova § 2-3 og § 2-4 slik at namnet på faget religion, livssyn og etikk (RLE) igjen vert endra og skal heite kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE).

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre, viser til at dommen frå Strasbourg mot det gamle KRL-faget gjekk ut på at kristendommen vart gitt kvalitativ forrang gjennom nokre formuleringar i læreplanen. Fleirtalet viser til at dette er endra i dagens fag. Dommen var samstundes tydeleg på at ein kan gi ein religion som har ein spesiell plass i eit samfunn, kvantitativ forrang i religionsfaget. Fleirtalet meiner det er naturleg at fagnamnet speglar innhaldet i faget.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti syner til at faget før endringa i 2008 hadde kristendom i sjølve namnet på faget. Endringane som vart gjorde i 2008, var eit kompromiss mellom fleire parti på Stortinget. Desse medlemene viser til høyringa og er samde med fleirtalet av høyringsinstansane som meiner det vil vere lite klokt å gjere endringar som vil føre til ny uro kring faget. Desse medlemene meiner det viktigaste er å behalde faget som eit samlande fag i grunnskulen, og at det vil vere særs uheldig dersom ei namneendring fører til at fleire vel å søkje fritak frå faget.

Komiteen syner til at framlegget òg omfattar endringar i læreplanen for faget religion, livssyn og etikk ved å innføre eit krav om at om lag halvdelen av undervisningstida i faget skal nyttast til kristendomskunnskap. Komiteen viser til at kristendommen allereie er kvantitativt vektlagd meir enn dei andre religionane, og at dette går fram av ordlyden i læreplanen i faget: «Kristendomskunnskap skal av den grunn ha den kvantitativt største andelen av lærestoffet». Komiteen er samd i at kristendommen skal telje meir enn dei andre religionane og livssyna, ettersom denne religionen spelar ei så viktig historisk rolle i Noreg. Komiteen meiner dette ikkje er i strid med kravet om kvalitativt likeverd mellom alle religionar og livssyn.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre, viser til at føresegna om at kristendommen skal utgjere om lag halve undervisninga i faget, er heilt i tråd med det som heile tida har vore intensjonen for faget. Fleirtalet viser til at då den raud-grøne regjeringa fjerna føresegna i 2008, vart det uttrykt tydeleg at kristendommen framleis skulle ha ein større plass i faget enn andre religionar.

Fleirtalet har merka seg at trass i dette har faget etter kvart blitt praktisert særs ulikt frå stad til stad. Ved nokre skular har kristendommen blitt nedprioritert. Andre stader har den fått høvesvis stor plass. Fleirtalet meiner vi ved å innføre ei sentral føresegn om at kristendommen skal utgjere om lag halve faget, vil få eit likare religionsfag over heile landet. Fleirtalet vil leggje vekt på at faget framleis skal vere eit kunnskapsbasert fellesfag og gi kunnskap om både kristendom, andre religionar, livssyn og etikk.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til framlegget om å kvantifisere timetalet i faget som lærarane skal bruke på kristendom. Desse medlemene syner til at det å fastsetje eit krav om tidsbruk i eit emne bryt med prinsippet som ligg til grunn for alle fag i grunnskulen om at læraren skal regulere tidsbruken ut frå sitt faglege skjønn og måloppnåinga til elevane. Desse medlemene meiner soleis at det bryt med prinsippet i Kunnskapsløftet om at læreplanane er målstyrte, og at det er opp til læraren å organisere undervisninga i tråd med kompetansekrava i det einskilde faget.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti er uroa for at ei sterkare regulering av tidsbruken i faget vil avgrense moglegheitene for lokal differensiering og tilpassa opplæring. Tidsbruken i faget bør vere grunna på ei pedagogisk vurdering og ikkje ei politisk markering. Desse medlemene meiner gjeldande ordlyd i læreplanen er tilstrekkeleg for å reflektere kristendommen sin plass i det norske samfunnet.

Medlemen i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti meiner RLE er eit særs viktig fag i skulen. RLE gir kunnskapar og dugleik til hjelp i arbeidet mot føredommar og diskriminering, og er med på å fremje gjensidig respekt og toleranse. Faget gir høve til å ta opp vanskelege spørsmål knytte til liv og død, psykisk helse, tro og tvil, seksualitet og mobbing, og er ein av få arenaer i skulen der ein kan diskutere tabu og ungdomsproblem. Denne medlemen meiner derfor at det er ei feilprioritering å auke vekta på kristendomsundervisning, fordi det inneber mindre tid til andre viktige tema i RLE-faget. Det finst heller inga faglege råd som stør ei slik omlegging. Denne medlemen meiner ei slik politisk styrt omprioritering, utan grunnlag i faglege råd, er ein heilt uakseptabel måte å drive fagutvikling på.