Justis- og beredskapsdepartementet legg i proposisjonen
fram forslag om endringar i løyvingane under diverse kapittel i
statsbudsjettet 2015.
På bakgrunn av auka refusjonar frå politiet,
Utlendingsnemnda og Integrerings- og mangfoldsdirektoratet for bruk
av Datasystemet for utlendings- og flyktningsaker (DUF), lønnsrefusjonar
for utlån av tilsette til andre delar av forvaltninga og auka inntekter
som følgjer av formannskap i GDISC i eit år frå oktober 2014, blir
det i proposisjonen foreslått å oppjustere løyvinga på kap. 3490
post 5 med 4,2 mill. kroner mot tilsvarande auke på kap. 490 post
1.
Det blir i proposisjonen foreslått å auke løyvinga med
3 mill. kroner til å auke UDI sin kapasitet på logistikkområdet
knytt til mottak av asylsøkjarar.
For å dekke inngåtte forpliktingar foreslås
posten redusert med 0,8 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på
kap. 490, post 23 Særskilde driftsutgifter, kunnskapsutvikling.
Samla blir det i proposisjonen foreslått å auke løyvinga
med 6,4 mill. kroner.
Det blir i proposisjonen vist til at anslaget
for venta mengd asylsøkjarar i 2015 i Prop. 152 S (2014–2015) blei
auka frå 11 000 til 16 000, og i etterkant har auka ytterlegare.
Berekningsgruppa for utlendingsforvaltninga understrekar uvisse og
anslår innkomstane i 2015 til å ligge i intervallet 30 000–40 000,
med eit punktanslag på 33 000. Som følgje av dei høge innkomstane
har mottakskapasiteten blitt bygd opp raskt, og det er oppretta
mellombels akutt innkvartering. I tillegg har behovet for transittplassar
auka, og det har blitt behov for mellombels innkvartering av personar
som ventar på å bli registrert av politiet. Auka utgifter knytt
til behov for kapasitet i mottak er anslått til 1 439,5 mill. kroner.
Som følgje av løyvingsforslag i Innst. 20 S (2015–2016) blir meirbehovet
redusert med 48 mill. kroner. Kostnadene knytt til opprettinga av
innkomstsentera i Østfold og i Sør-Varanger er estimert til høvesvis
100,6 mill. kroner og 54,3 mill. kroner i 2015. Det blir anslått
eit behov på 14 mill. kroner knytt til transport av asylsøkjarar frå
Kirkenes. Auka utgifter knytt til å auke tryggleiken på mottak blir
anslått til 37,2 mill. kroner. Det er uvisse knytt til anslaga.
På denne bakgrunn blir det i proposisjonen samla
foreslått å auke løyvinga på kap. 490 post 21 med 1 597,6 mill.
kroner.
Som følgje av kortare og meir effektiv avvikling av
intervju blir det foreslått å redusere løyvinga på posten med 13
mill. kroner.
Det blir i proposisjonen foreslått å auke løyvinga på
posten med 0,8 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap.
490 post 1, jf. omtale under kap. 490 post 1.
Som følgje av auka asylinnkomstar blir det i proposisjonen
foreslått å auke løyvinga med 93 mill. kroner.
Som følgje av auka asylinnkomstar blir det i proposisjonen
foreslått å auke løyvinga med 34,4 mill. kroner.
Som følgje av lågare reisekostnader blir det
i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga med 3 mill. kroner.
På bakgrunn av lågare del returar til ODA-land blir
det i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga med 12,6 mill.
kroner.
På bakgrunn av forslag om reduksjon på kap. 490
post 75 blir det i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga med
2,1 mill. kroner.
På bakgrunn av forslag om auka løyvingar under kap.
490 post 21, post 60 og post 70, blir det i proposisjonen foreslått
å auka løyvinga med 1 495,2 mill. kroner.
På bakgrunn av auka refusjonar frå politiet,
UNE og IMDi for bruk av DUF, lønnsrefusjonar for utlån av tilsette
til andre delar av forvaltninga og auka inntekter som følgjer av
formannskap i GDISC i år, blir det i proposisjonen foreslått å auke
løyvinga med 4,2 mill. kroner.
På grunn av lågare utgifter til nemndbehandling enn
tidlegare lagt til grunn, blir det i proposisjonen foreslått å redusere
løyvinga med 2 mill. kroner.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Jan Bøhler, Stine Renate Håheim, Stein Erik Lauvås, Helga Pedersen
og Eirin Sund, frå Høgre, Frank J. Jenssen, Mudassar Kapur, Bjørn
Lødemel og Ingjerd Schou, frå Framstegspartiet, Mazyar Keshvari
og leiaren Helge André Njåstad, frå Kristeleg Folkeparti, Geir Sigbjørn
Toskedal, frå Senterpartiet, Heidi Greni, frå Venstre, André N.
Skjelstad, og frå Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen,
handsamar i innstillinga budsjettkapitla 490, 491 og 3490.
Komiteen viser til sine respektive
merknader og forslag i Innst. 20 S (2015–2016) om endringer i statsbudsjettet
for 2015 under Justis- og beredskapsdepartementet mv. (tilleggsbevilgning som
følge av økning i antallet asylsøkere til Norge) og har elles ingen
merknader.
Komiteen har elles
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å
gjere slikt
vedtak:
I statsbudsjettet for 2015 blir det gjort
følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Utgifter |
490 | | Utlendingsdirektoratet | |
| 1 | Driftsutgifter, blir auka med | 6 400 000 |
| | frå kr 890 892 000 til kr 897 292 000 | |
| 21 | Særskilde driftsutgifter, asylmottak, blir auka med | 1 597 600 000 |
| | frå kr 1 680 500 000 til kr 3 278 100 000 | |
| 22 | Særskilde driftsutgifter, tolk og omsetting, blir redusert
med | 13 000 000 |
| | frå kr 55 477 000 til kr 42 477 000 | |
| 23 | Særskilde driftsutgifter, kunnskapsutvikling , kan overførast,
blir auka med | 800 000 |
| | frå kr 4 171 000 til kr 4 971 000 | |
| 60 | Tilskot til vertskommunar for statlege mottak for asylsøkjarar
og
flyktningar, blir auka med | 93 000 000 |
| | frå kr 279 204 000 til kr 372 204 000 | |
| 70 | Økonomiske ytingar til bebuarar i asylmottak, blir auka
med | 34 400 000 |
| | frå kr 422 133 000 til kr 456 533 000 | |
| 75 | Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, kan overførast,
blir redusert med | 3 000 000 |
| | frå kr 21 089 000 til kr 18 089 000 | |
491 | | Utlendingsnemnda | |
| 21 | Særskilde driftsutgifter, nemndbehandling,
kan nyttast under
kap. 490 post 1, blir redusert med | 2 000 000 |
| | frå kr 11 036 000 til kr 9 036 000 | |
| | | |
Inntekter |
3490 | | Utlendingsdirektoratet | |
| 1 | Retur av asylsøkjarar med avslag og tilbakevending for
flyktningar, ODA-godkjende utgifter, blir redusert med | 12 600 000 |
| | frå kr 138 034 000 til kr 125 434 000 | |
| 3 | Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, ODA-godkjende
utgifter, blir redusert med | 2 100 000 |
| | frå kr 22 189 000 til kr 20 089 000 | |
| 4 | Statlege mottak, ODA-godkjende utgifter, blir auka med
| 1 495 200 000 |
| | frå kr 1 102 345 000 til kr 2 597 545 000 | |
| 5 | Refusjonsinntekter, blir auka med | 4 200 000 |
| | frå kr 11 310 000 til kr 15 510 000 | |
Oslo, i kommunal- og forvaltningskomiteen, den 7. desember
2015
Helge André Njåstad |
leiar og ordførar |