Departementet foreslår å redusere løyvinga på post
1 med 2 mill. kroner, for å dekke auka løyving på kap. 1300, post
21.
Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga
på kap. 1300 post 21 med 2 mill. kroner.
Utgiftene på posten er rekna til 1,5 mill. kroner
i 2015. Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1300
post 30 med 38,5 mill. kroner.
Stortinget har slutta seg til å avvikle ordninga med
statleg kjøp av flyruta Fagernes – Oslo når kontrakten går ut i
2016. Stortinget slutta seg til at Samferdselsdepartementet kan
setje i gong ein prosess med lokale styresmakter og næringsliv for
å vurdere framtida og potensialet for lufthamna.
Regjeringa meiner at lokale private/kommunale aktørar
må ta over ansvaret for å drive Fagernes lufthamn, Leirin som charterflyplass,
og at private/kommunale aktørar ifølgje Avinor kan drive charterflyplassen
til ein lågare kostnad.
Regjeringa meiner at Avinor AS skal drive Fagernes
lufthamn som charterflyplass fram til lokale eigarar kan overta
ho, men ikkje lenger enn til 1. januar 2019. Oppgradering av rullebanen
ligg ikkje inne i forslaget. Det blir føresett at lokalt næringsliv
frå 2017 skal dekkje delar av Avinors kostnader for å vidareføre
drifta, og at lokalt næringsliv i 2018 skal dekkje halvparten av
Avinors kostnader.
Avinor Flysikring AS blei i 2014 skipa som eit dotterselskap
under Avinor AS, jf. Prop. 97 S (2013–2014) Ein del saker om luftfart,
veg og jernbane.
Samferdselsdepartementet vil opne for at Avinor Flysikring
AS kan levere konsulenttenester innanfor kjerneverksemda i selskapet
utanfor Noreg. Konsulentverksemda må vere lønnsam, og det skal ikkje
vere anna risiko i denne verksemda enn arbeidsinnsatsen i konsulentoppdraget.
Avinor AS planlegg med verknad frå 1. januar 2016
å slå saman Oslo lufthavn AS og Avinor AS. Oslo lufthavn AS er i
dag den einaste lufthamna i Avinor som er organisert som eige dotterselskap.
Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1320
post 23 med i alt 177 mill. kroner. Auken skal gå til å dekkje kostnadar
i samband med jordras på E6 Sørkjosen i Troms, E18 Skjeggestad bru
i Vestfold, brann i E16 Gudvangatunnelen i Sogn og Fjordane, realistisk
budsjettering av utgifter på posten, samt etablering av utbyggingsselskap
for veg, jf. omtale i proposisjonen.
Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga
på kap. 1320 post 30 med 103 mill. kroner, til å dekkje kostnadar
i samband med E18 Skjeggestad bru i Vestfold og Kattmarka-skredet
ved Namsos i Nord-Trøndelag.
Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga
på kap. 4320 post 2 med 80 mill. kroner, jf. kap. 1320 post 23 Drift
og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m.,
med forslag om tilsvarande auke av utgiftene.
I budsjettet for 2015 er det m.a. ikkje teke
omsyn til at terskelverdien for å omtale eit prosjekt i Prop. 1
S blei auka frå 200 til 500 mill. kroner, jf. Meld. St. 26 (2013–2014)
Nasjonal transportplan 2014–2023. Det er behov for å auke ramma for
pliktene til 7 000 mill. kroner, jf. forslag til romartalsvedtak.
Det er behov for å auke den årlege ramma for pliktene
til 1 600 mill. kroner, jf. forslag til romartalsvedtak.
Regjeringa ønskjer å gjere einskilde endringar
i rammene for ordninga med alternativ bruk av ferjetilskott. Det
blir foreslått å utvide perioden det blir rekna innsparing for til
maksimalt 40 år. Vidare blir det foreslått å setje utbetalingsperioden
vesentleg lågare enn perioden det blir rekna innsparing for, og
maksimalt tilsvarande lengda på bompengeperioden. Regjeringa vil
komme tilbake til Stortinget med ei konkretisering av forslag til
endringar i rammene for ordninga.
Samferdselsdepartementet foreslår at kap. 1330 post
63 Tilskott til Fornebubanen, får føydd til stikkordet «kan overførast»
i 2015, slik at løyvinga på posten kan utbetalast i 2016 viss bymiljøavtalen
med Oslo og Akershus ikkje blir inngått i 2015, jf. forslag til
romartalsvedtak.
Det viser seg at dei førebuande aktivitetane
knytt til dei kommande transaksjonane tek lenger tid enn rekna med.
Det er ikkje grunnlag for å foreslå løyvingar.
Prognosane viser at Jernbaneverket vil få eit meirforbruk
på post 23 Drift og vedlikehald, samanlikna med løyvinga for 2015.
Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1350 post 23 med
i alt 470 mill. kroner. Auken blir foreslått dekt inn ved å redusere
løyvinga på kap. 1350 post 30 med 170 mill. kroner og post 31 med
300 mill. kroner, jf. omtale under dei to postane.
Fleire investeringsprosjekt får lågare framdrift enn
lagt til grunn i statsbudsjettet for 2015. Prognosane viser derfor
at det vil bli eit mindreforbruk på post 30 i 2015.
Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap.
1350 post 30 med i alt 252 mill. kroner. Av dette vil 170 mill.
kroner dekkje inn delar av foreslått auke av løyvinga på kap. 1350
post 23 Drift og vedlikehald og 82 mill. kroner delar av foreslått
auke på kap. 1320 Statens vegvesen.
Jernbaneverket har i 2015 hatt lågare utbetalingar
etter inngåtte kontraktar og til grunnerverv på Follobaneprosjektet
enn lagt opp til. Framdrifta er forseinka. Prognosane viser at det
blir mindreforbruk i 2015. For å dekkje inn delar av auken av løyvinga
på kap. 1350 post 23, foreslår departementet å redusere løyvinga
på kap. 1350 post 31 med 300 mill. kroner.
Departementet foreslår å redusere løyninga på kap.
1360 post 71 med 5 mill. kroner.
Departementet foreslår at kap. 1360 post 71
får føydd til stikkordet «kan overførast», jf. forslag til romartalsvedtak.
Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 5577
post 74 med 3,5 mill. kroner.
Samferdselsdepartementet foreslår å løyve 39,9 mill.
kroner på kap. 4370 post 70.
Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 4380
post 1 med 700 000 kroner.