I dokumentet fremmes følgende forslag:

  • «1. Stortinget ber regjeringa seinast hausten 2016 leggje fram forslag til endringar i lov om statsborgarskap som opnar for dobbelt statsborgarskap. Reglane om tilbakekalling, krav om løysing frå anna statsborgarskap og tap av statsborgarskap må tilpassast dette nye prinsippet.

  • 2. Stortinget ber regjeringa seinast hausten 2016 leggje fram forslag til ei overgangsordning som sikrar at dei som har måtta seie frå seg sitt norske statsborgarskap som følgje av erverv av framandt statsborgarskap dei siste 5 åra, vert sikra høve til å få tilbake sitt norske statsborgarskap ved søknad, uavhengig av dei ordinære krava til opphaldstid i riket.

  • 3. Stortinget ber regjeringa seinast hausten 2016 leggje fram forslag om å lempe på språkkrava til danske og svenske statsborgarar som søkjer norsk statsborgarskap.»

I dokumentet vert det vist til at forslaget har til føremål å sikre at utlendingar som søkjer om norsk statsborgarskap får høve til å oppretthalde sitt opphavlege statsborgarskap, samt at norske statsborgarar som søkjer statsborgarskap i eit anna land ikkje er tvungne til å gje frå seg sitt norske statsborgarskap. Eit moderne demokrati bør ikkje tvinge frie menneske til å seie frå seg eit statsborgarskap dei har fått og ønskjer å halde på.

For mange med sterk tilknyting til fleire land er det tungvint og vanskeleg å skulle seie frå seg statsborgarskap, og forslagsstillarane er av den klare meining at høvet til å ha to statsborgarskap vil gjere livet enklare, integreringa betre og rettferds- og inkluderingskjensla sterkare for mange borgarar.

Stoda i andre land

Om lag halvparten av landa i verda tillet dobbelt statsborgarskap.

Noreg er eitt av svært få land der ein mistar statsborgarskapet ved søknad om framandt statsborgarskap, utan høve til unnatak.

Stoda i Noreg

Siste gongen Stortinget tok stilling til spørsmålet om dobbelt statsborgarskap var i innstillinga om lov om norsk statsborgerskap (statsborgerskapsloven), Innst. O. nr. 86 (2004–2005), jf. Ot.prp. nr. 41 (2004–2005). Til grunn for stortingshandsaminga låg innstillinga frå statsborgarlovutvalet (NOU 2000:32), der fleirtalet gjekk inn for at det skulle vere mogleg med dobbelt statsborgarskap. Dei konkluderte med at spørsmål knytt til stemmerett og valbarheit, verneplikt, høve til å yte vern og bistand i utlandet og tryggingsomsyn ikkje talar mot at folk skal kunne ha dobbelt statsborgarskap.

Nordmenn i utlandet

Moglegheit for dobbelt statsborgarskap vil ha stor praktisk nytte for norske statsborgarar som bur og arbeider i andre land.

Dobbelt statsborgarskap vil gjere det mogleg for denne gruppa å oppretthalde tilknyting og identitet i to land, og sikre at det er praktisk enkelt å flytte tilbake.

Praksisen i dag skapar også store problem for mange born med éin norsk og éin utanlandsk forelder.

Utlendingar i Noreg

Per 1. januar 2015 var det nær 670 000 innvandrarar i Noreg ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB).

Det vert i dokumentet vist til at den årlege utviklinga i talet på overgangar til norske statsborgarskap naturleg nok i stor grad følgjer utviklinga for innvandring sju til ti år tidlegare. Når ein ser på den faktiske naturaliseringsraten, som seier noko om andelen av dei som i eit gitt år kan ta norsk statsborgarskap og faktisk gjer det, viser like fullt SSB-rapporten «Overgang til norsk statsborgerskap 1977–2011» at «tilbøyeligheten til å ta norsk statsborgarskap (naturalisering) ikke er like stor de senere årene som man kan få inntrykk av ved å se på antallet overganger alene».

For forslagsstillarane står det klart at regelverket som tvinger søkjarar til å seie frå seg sitt gamle statsborgarskap er ein hovudgrunn til at mange let vere å søkje, trass i at dei fyller kriteriane. Dette er uheldig for integreringa, og hindrar tusenvis av menneske frå full og ikkje minst demokratisk deltaking i det norske samfunnet.

Meir lempelege krav til nordiske statsborgarar

Forslagsstillarane viser til at det er lang tradisjon for at det vert gjort enklare å få norsk statsborgarskap for søkjarar frå andre nordiske land.

Det bør etter forslagsstillarane sitt syn også bli lempa på språkkravet til borgarar frå Danmark og Sverige, som etter søknad ber om dobbelt statsborgarskap.

Det vert vist til dokumentet for nærare omtale av bakgrunnen for forslaget.