Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1.3.2 Høyringsnotatet

Det vises i proposisjonen til at slik regelen om deling i § 3 andre ledd bokstav b er utforma, tek han bort noko av den ønskjelege fleksibiliteten i lova. Det er ikkje mogleg å gjennomføre ei eller fleire grensejusteringar i samband med ei kommunesamanslåing. Dersom ein søknad berre gjeld samanslåing, blir han behandla som ei samanslåing. Dersom ein søknad gjeld ei samanslåing mellom kommune A og størstedelen av kommune B, medan ein mindre del av B blir lagd til kommune C, blir denne søknaden behandla som deling etter bokstav b. Dei formelle prosessane dette utløyser, kan kommunane oppfatte som krevjande og eit alternativ som omfattar ei grensejustering kan bli oppfatta som eit lite gunstig alternativ lokalt.

Spørsmålet blir om det eigentleg er ein glidande overgang mellom saker som bør reknast som ei samanslåing kombinert med ei grensejustering, og saker der ein kommune blir delt og delane blir lagde til andre kommunar. Dersom ein kommune blir delt i tilnærma like store delar, og dei ulike delane blir lagde til andre kommunar, bør saka bli behandla som deling etter § 3 andre ledd bokstav b, slik ordninga er i dag. Då gjeld dei same prosessreglane som for samanslåing. I saker der kommunen blir delt i ein stor del og éin eller fleire små delar som blir lagde til andre kommunar, kan det vere mindre tenleg at alle delane blir slått saman etter dei same prosessane som ved samanslåing.

Departementet viste i høyringsnotatet til at omsynet til smidige samanslåingsprosessar tilseier at krava til formelle prosessar ved inndelingsendringar ikkje bør vere meir omfattande enn nødvendig.

Departementet sende derfor på høyring eit framlegg om å endre regelen i inndelingslova § 3 tredje ledd slik at det kan gjennomførast grensejusteringar i samband med ei samanslåing. Framlegget var å føye til ei ny tredje setning i § 3 tredje ledd som seier at dersom det er ein mindre del av ein kommune eller eit fylke som skal delast og leggjast til ein annan kommune eller eit anna fylke, kan denne endringa bli behandla som ei grensejustering, medan saka elles blir behandla som ei deling etter inndelingslova § 3 andre ledd bokstav b. Avgjerda om kva for prosess grenseendringa skal følgje, var i framlegget lagd til departementet.

Framlegget i høyringsnotatet i 2015 ville innebere at departementet kan fastsetje at eit område likevel ikkje skal bli behandla etter reglane om deling. Inndelingslova § 1 slår fast prinsippet om lokal medverknad og initiativrett til grenseendringar. I den kommunen eller fylkeskommunen som skal delast og delane leggjast til andre kommunar eller fylkeskommunar, vil kommunestyret, folkevalde, tilsette og innbyggjarane medverke i tråd med reglane som gjeld for delingar. Departementet legg til grunn at det ikkje vil vere monaleg mindre høve til å medverke i den avgivande kommunen eller fylkeskommunen sjølv om eit område i denne situasjonen skal behandlast som ei grensejustering og ikkje ei deling.

I den mottakande kommunen vil det vere ein monaleg skilnad på prosessen om området skal behandlast som ei grensejustering og ikkje ei deling. Ved grensejustering skal det ikkje vere felles kommunestyremøte og ikkje fellesnemnd. Ei grensejustering krev likevel både saksutgreiing og innbyggjarhøyring i tråd med reglane i inndelingslova. Det er dermed mogleg for både kommunestyremedlemmer, innbyggjarar, lag og foreiningar å medverke i førebuinga og gjennomføringa av grensejusteringa. Departementet legg vidare til grunn at ein kommune normalt vil sjå seg tent med å auke talet på innbyggjarar. Det vil normalt gjelde også utan at kommunen får tilskot knytt til inndelingslova.

I høyringsnotatet blei det vist til at departementet hadde vurdert om lova skal fastsetje grensa for kva som skal behandlast som deling etter § 3 andre ledd bokstav b, og kva som skal behandlast som samanslåing og grensejustering. Ei slik grense kunne til dømes vere knytt til geografisk storleik eller til kor mange innbyggjarar saka gjeld. Fordi omsyna og tilhøva i dei konkrete sakene kjem til å variere, meiner departementet at det ikkje er tenleg med faste grenser mellom kategoriane i lova. Saker kan vere svært ulike anten ut frå talet på kommunar som skal ta imot delar av kommunen som skal avviklast, eller ut frå høvetalet mellom innbyggjarar i kommunen som tek imot og den aktuelle delen av kommunen som skal avviklast.

Framlegget i høyringsnotatet var utforma slik at departementet skulle få høve til å bruke skjønn der kommunane blir delte i delar av ulik storleik, og der nokon av desse delane kan seiast å vere «ein mindre del» av kommunen som skal avviklast. Dette gjer saksbehandlinga mindre føreseieleg i forkant, men styrkjer høvet til å finne tenlege prosessar i konkrete saker. Departementet ville ved avgjerda leggje vekt på kva kommunen som skal avviklast har gjort framlegg om eller uttrykt ønske om. Synspunkta til andre kommunar vil òg ha vekt.

Framlegget i høyringsnotatet regulerte ikkje når avgjerda etter den nye setninga i § 3 tredje ledd tredje punktum skulle takast. Høyringsnotatet la til grunn at det må seinast vere når den endelege avgjerda om sjølve samanslåinga eller delinga blir teken. Det er likevel truleg meir praktisk at kommunane får spørsmålet avklart tidlegare i prosessen. Dette vil gi klare rammer for prosessen og for dialogen mellom kommunane. Dersom ei rekkje ulike inndelingsalternativ blir vurderte lokalt, er det ikkje tenleg at Fylkesmannen eller departementet tek ei bindande avgjerd. Så tidleg i prosessen er det meir tenleg at fylkesmannen rettleier kommunane om føringane her og konsekvensane for dei ulike alternativa lokalt.