Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Det blir i proposisjonen peikt på at det er mest praktisk å setje i verk ei samanslåing frå eit årsskifte.
Inndelingslova har særskilde reglar for gjennomføring av samanslåingar i §§ 25–27.
I samband med konkrete inndelingssaker har det blitt reist spørsmål om det må vere eit ekstraordinært val i dei åra der det ikkje er eit ordinært val hausten før samanslåinga.
Etter inndelingslova § 17 andre ledd bokstav b kan Kongen gjere unntak frå lovfeste fristar og reglar om saksbehandling med vidare «når det blir rekna som nødvendig for å gjennomføre vedtak om grenseendring». Forarbeida legg til grunn at Kongen i § 17 har mynde til å fastsetje særskilt val og tidspunktet for dette.
Heimelen til å gjere unntak etter inndelingslova § 17 er i utgangspunktet vid, men må tolkast i lys av andre rettskjelder. Maktfordelingsprinsippet og omsynet til at prosessar skal vere føreseielege for borgarane og andre rettssubjekt, tilseier at såkalla derogasjonsfullmakter skal tolkast snevert. Inndelingslova § 17 heimlar ikkje unntak frå vallova slik at folkevalde kan bli sitjande lenger enn innbyggjarane valde dei for.
I tillegg til omsynet til at den nye kommunen skal vere operativ frå tidspunktet for samanslåinga, peiker forarbeida på at praktiske omsyn talar for å halde ekstraordinært kommunestyreval samstundes som stortingsval. Forarbeida kommenterer ikkje om kommunar kan slå seg saman utan føregåande kommunestyreval. Forarbeida byggjer på ein underforstått føresetnad om at det normalt skal haldast val hausten før ei samanslåing.
Val av nytt kommunestyre før ei samanslåing tek til å gjelde har etter 1970, så langt departementet har funne ut, blitt gjennomført på tre måtar:
som ordinært kommunestyreval hausten før samanslåinga,
som ekstraordinært kommunestyreval på same tidspunkt som stortingsvalet hausten før samanslåinga, eller
kommunestyret blir valt av og mellom kommunestyremedlemmene i dei einskilde kommunane.
Departementet gjorde i høyringsnotatet framlegg om å kodifisere praksis om samansetjinga av kommunestyret etter samanslåing. Framlegget gjekk ut på at Kongen får heimel til å korte ned valperioden og til å fastsetje at det nye kommunestyret blir valt av og mellom medlemmene i dei valde kommunestyra.
Omsynet til smidige samanslåingsprosessar tilseier at krava til formelle prosessar ikkje bør vere meir omfattande enn nødvendig.
Dette var bakgrunnen for at departementet drøfta i høyringsnotatet om det var føremålstenleg å forkorte kommunestyreperioden for einskilde medlemmer dei første åra etter ei samanslåing, i staden for å gjennomføre ekstraordinært val.
Departementet peikte på at ei slik ordning ikkje grip inn i den legitime forventninga veljarane har om å kunne velje representantane sine kvart fjerde år. Medlemmene blir valde av og mellom dei valde kommunestyra, slik at alle medlemmene i det nye kommunestyret vil vere valde ved frie, direkte og hemmelege val. Det blir med ordninga ikkje gjort endringar i rettane eller pliktene til dei folkevalde. Etter departementet si vurdering svekkjer ikkje slike samanslåingar lokaldemokratiet, og ei slik ordning gjer det mogleg å unngå omfattande prosessar og tett påfølgjande val som kan gå ut over valdeltakinga. Departementet understreka at ein føresetnad for ei slik ordning er at alle dei involverte kommunane sjølve ønskjer det.
Departementet meinte at unntaket frå vallova og kommunelova i samband med samanslåinga av Bodø og Skjerstad kommunar og av Bjarkøy og Harstad kommunar hadde tilstrekkeleg heimel i inndelingslova § 17 andre ledd bokstav b.
Omsynet til at prosessar skal vere føreseielege og tydelege, taler likevel for at inndelingslova får ein eigen heimel der Kongen får høve til å korte ned valperioden og til å fastsetje at det nye kommunestyret blir valt av og mellom medlemmene i dei valde kommunestyra.
Kor mange medlemmer i det nye kommunestyret som skal veljast av og mellom medlemmene i dei einskilde kommunestyra, er eit spørsmål i forhandlingane mellom kommunane. Talet blir endeleg vedteke i den kongelege resolusjonen eller vedtaket frå Stortinget om samanslåinga.
Departementet foreslår i proposisjonen å kodifisere praksis knytt til ein måte kommunestyret kan setjast saman på etter ei samanslåing. Det gjer ein ved å gi Kongen heimel til å korte ned valperioden og til å fastsetje at det nye kommunestyret skal peikast ut av og mellom dei valde kommunestyra.
Departementet merkar seg støtta frå høyringa, men òg spørsmåla som blir stilte. På bakgrunn av høyringa har departementet endra framlegget til lovendring. Endringa går for det første ut på at lova gjer det tydeleg at kommunestyret ikkje kan delegere kompetansen til å velje medlemmer til det nye kommunestyret av og mellom medlemmene sine. For det andre er det gjort klart at det er kommunestyreperioden til einskilde medlemmer som blir korta ned, det vil seie perioden til dei som ikkje blir valde til det nye kommunestyret. For det tredje er verbet «peike» ut bytta ut med «velje».
Spørsmålet er kva ein skal gjere når ei samanslåing tek til å gjelde frå eit årsskifte utan føregåande ordinært kommunestyre- og fylkestingsval. Departementet legg til grunn at det ikkje bør gå for kort eller for lang tid frå det nasjonale vedtaket om samanslåing til samanslåinga tek til å gjelde. Halvtanna år har vist seg tenleg for kommunane.
Departementet meiner at inndelingslova bør tilby praktiske og gode måtar å setje saman eit kommunestyre eller eit fylkesting på ved samanslåingar ved alle årsskifta i valperioden. Departementet meiner at eit indirekte val mellom to ordinære kommunestyre- og fylkestingsval ikkje svekkjer lokaldemokratiet vesentleg når det skjer i samband med noko så ekstraordinært og sjeldan som ei samanslåing av kommunar eller fylkeskommunar. Departementet strekar under at ein føresetnad for å setje saman kommunestyret eller fylkestinget på denne måten ved ei samanslåing er at kommunane eller fylkeskommunane sjølve ønskjer det. Kommunane og fylkeskommunane kan òg vurdere å halde ekstraordinært val i samband med stortingsval dersom samanslåinga tek til å gjelde ved årsskiftet etter eit stortingsval.
Alternativet er å krevje ordinært eller ekstraordinært val i forkant av alle samanslåingar. Etter departementets vurdering vil eit slikt krav påleggje kommunane og fylkeskommunane meir omfattande formelle prosessar enn nødvendig ved samanslåing.
Inndelingslova § 27 har ei føresegn om konstitueringa etter val av nytt kommunestyre eller fylkesting i forkant av at ei samanslåing tek til å gjelde. Kommunestyret i ein samanslått kommune blir konstituert før samanslåinga på same måten som ordinært nyvalde kommunestyre, jf. kommunelova § 17. Departementet legg opp til at desse reglane skal gjelde for alle samanslåingar der kommunestyreperioden blir forkorta og det nye kommunestyret blir valt av og mellom kommunestyremedlemmene før samanslåinga. Departementet vil ta dette inn i dei kongelege resolusjonane.
Inndelingslova § 17 har to ledd. Føresegna gir Kongen heimel til både å gi nærmare reglar for å sikre gjennomføring av vedtak om grenseendring (forskriftsheimel) og til å gjere unntak frå gjeldande reglar i lov eller forskrift (derogasjonsheimel). Framlegget som var på høyring, gjaldt berre derogasjonsheimelen og er ei lovfesting av praksis. Departementet ser ikkje at det er grunnlag for å fremje et lovframlegg om ny formulering av heile § 17.
Departementet gjer i proposisjonen framlegg om å lovfeste ein uttrykkjeleg heimel for Kongen til å gjere unntak frå reglane om kommunestyreperioden og samansetjinga av kommunestyret eller fylkestinget. At dei valde kommunestyra eller fylkestinga vel det nye kommunestyret eller fylkestinget i den samanslåtte kommunen eller fylkestinget av og mellom medlemmene sine, er ei kodifisering av praksis ved tidlegare samanslåingar under vekslande regjeringar. Lovframlegget opnar for å gjere unntak knytt til både val til og samansetjing av kommunestyre og fylkesting.
Departementet viser til at Stortinget har blitt orientert om denne praksisen, seinast i Prop. 121 S (2014–2015) Kommuneproposisjonen 2016 punkt 5.1.1, jf. punkt 5.1.7.
Stortinget hadde ikkje merknader til dette, sjå Innst. 375 S (2014–2015) punkt 5.1.1.7, jf. 5.2.