Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1.2.3.4 Framlegget frå departementet

Departementet peiker på at spørsmålet om større innslag av personval bør handle om den prinsipielle problemstillinga om veljarane bør få større innverknad på kven som blir valde til Stortinget. Departementet meiner at det er gode grunnar til å gje veljarane slik auka innverknad, og at ein kan sjå på dette som ei styrking av demokratiet. Departementet peiker på at Vallovutvalet gjorde ei grundig vurdering av spørsmålet og konkluderte med at veljarane bør få meir innverknad på kandidatvalet også ved stortingsval.

I høyringsnotatet drøfta departementet tre alternative ordningar for personval ved stortingsval.

Etter ei samla vurdering føreslo departementet at det ved stortingsval blir innført same personvalordninga som vi har ved fylkestingsval. Dette inneber at veljarane kan gje kandidatar på stemmesetelen éi personstemme. Slik personstemme kan veljarane gje til eit uavgrensa tal kandidatar på lista.

Vidare føreslo departementet at ein føresetnad for at personstemmene skal få effekt, er at ein kandidat må ha fått personstemmer frå minst åtte prosent av veljarane til partiet. Dette inneber ei sperregrense på åtte prosent som må passerast for at valoppgjeret skal ta omsyn til personstemmene. Dersom ingen passerer denne sperregrensa, blir det sett bort frå personstemmene, og den opphavlege rekkjefølgja på vallista avgjer kandidatutveljinga. Framlegget inneber at veljarane ikkje lenger kan stryke eller renummerere kandidatar ved stortingsval.

Departementet la vekt på at denne ordninga allereie er i bruk ved fylkestingsval, og ho er dermed kjend for veljarane. Det inneber også ei vesentleg forenkling av regelverket og utforminga av stemmesetlar. Det har stor verdi at ordningane som blir brukte ved ulike val, er nokolunde like. Så lenge ikkje sterke demokratiske omsyn taler for noko anna, bør ein streve etter ei enkel og forståeleg valordning som er lett å kjenne att.