Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
I høyringsnotatet la departementet fram problemstillinga om førehandsstemmer som er komne inn for seint, og viste til at temaet har vore drøfta og behandla i Stortinget fleire gonger. Departementet gjorde greie for erfaringane frå kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015.
Departementet viste deretter til at problemstillinga er endra sidan den førre drøftinga, ved at ei ny postlov som fritek Posten frå leveringsplikta på laurdagar, er vedteken.
Departementet bad om innspel frå høyringsinstansane på kva tiltak som eventuelt skal setjast i verk for å sikre at talet på for seint innkomne førehandsstemmer held seg på eit så lågt nivå som mogleg, også etter endringane i postlova. Departementet la fram tre alternativ for vurdering.