Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1.5.2 Vurderingar og framlegg frå departementet

Intensjonen med lovendringa frå 2011 var å gjere det mogleg for personar å nekte å stå på valliste, utan at dei måtte gje opp ein fritaksgrunn. Lovendringa inneber ei avgrensing i ombodsplikta, som er eit sentralt prinsipp i norsk rett på dette området. Lovendringa blei kombinert med ei viss innskjerping i høvet til å kunne krevje fritak etter at ein var blitt vald. Dette følgjer av nr. 2 andre punktum.

Nr. 3 i paragrafen blei ikkje endra i 2011. Dette kan gje inntrykk av at det framleis er mogleg å nekte å ta imot val ved å vise til ein fritaksgrunn, sjølv om ein ikkje har kravd å bli stroken av listeframlegget. Eit slikt inntrykk vil ikkje vere i samsvar med føresetnaden som ligg til grunn for endringa av § 3-4 (1).

Departementet meiner at lovteksten i § 3-4 bør presiserast og forenklast for å klargjere den rettslege realiteten. Det bør gå klart fram at den som lèt vere å krevje seg friteken innan den fristen valstyret set, ikkje kan nekte å ta imot val.

Vallova §§ 11-11 og 11-13 fastset at fylkesvalstyret og valstyret skal «underrette de valgte representantene og vararepresentantene om valget og opplyse om retten til å søke om fritak fra valg.»

Sidan ein vurderer det slik at retten til å søkje om fritak frå val etter at ein har blitt vald har falle bort, føreslår departementet at plikta valorganet har til å opplyse om retten til å søkje om fritak frå val, bør opphevast.

Få høyringsinstansar har uttalt seg om å endre vallova § 3-4. Av dei som har kommentert framlegget, støttar alle ei slik presisering av lovregelen.