Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Kommunen kan vedta å ta i bruk ei ordning med elektronisk avkryssing i manntalet på valdagen. Ordninga vil vere frivillig for kommunen. Dersom kommunen vedtek å ta i bruk ordninga, må ho gjennomførast i alle stemmelokala i kommunen.
Ved ei ordning med elektronisk avkryssing i manntalet gjeld reglane om stemmegjeving i vallokalet på valdagen, med unntak av reglane om korleis stemmegjevingar frå veljarar som er manntalsførte i andre delar av manntalet («framande stemmer»), skal behandlast.
Dette inneber at prosedyrane i vallova skal følgjast når det gjeld
retten veljarane har til å stemme etter kvart som dei møter fram
plikta veljarane har til å legitimere seg dersom dei er ukjende for stemmemottakaren
kravet om at veljarane i einerom og usett brettar saman stemmesetelen, leverer han til stemmemottakaren for stempling og sjølve legg stemmesetelen ned i urna
retten veljarane har til naudsynt hjelp når dei har behov for det
forsegling av urner