Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Regjeringa v/Nærings- og fiskeridepartementet gjer i proposisjonen framlegg om endringar i statsbudsjettet 2016. I denne innstillinga vert berre kap. 925 og kap. 927 handsama. Andre framlegg i proposisjonen vert handsama av næringskomiteen.
Løyvinga på posten vert motsvara av inntekter frå Fiskeriforskingsavgifta, jf. kap. 5575 post 74 Fiskeriforskingsavgift. Det er høgare anslag for førstehandsverdien på omsetjing av fisk i 2016 enn det som er lagt til grunn ved budsjetteringa av posten.
På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å auke løyvinga under post 22 med 31,3 mill. kroner.
Løyvinga på posten vert motsvara av inntekter frå Fiskeriforskingsavgifta, jf. kap. 5575 post 74 Fiskeriforskingsavgift. Det er høgare anslag for førstehandsverdien på omsetjing av fisk i 2016 enn det som er lagt til grunn ved budsjetteringa av posten.
På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å auke løyvinga under post 22 med 2,5 mill. kroner.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Christian Tynning Bjørnø, Martin Henriksen, Audun Otterstad, Tone Merete Sønsterud og Marianne Aasen, frå Høgre, Henrik Asheim, Norunn Tveiten Benestad, Kent Gudmundsen og Kristin Vinje, frå Framstegspartiet, Lill Harriet Sandaune og Bente Thorsen, frå Kristeleg Folkeparti, Anders Tyvand, frå Senterpartiet, Anne Tingelstad Wøien, frå Venstre, fung. leiar Iselin Nybø, og frå Sosialistisk Venstreparti, Audun Lysbakken, sluttar seg til framlegga i proposisjonen.
Komiteen har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
I statsbudsjettet for 2016 blir det gjort følgjande endringar:
|
Kap. |
Post |
Formål |
Kroner |
|
|
|
Utgifter |
|
|
925 |
|
Havforskingsinstituttet |
|
|
|
22 |
Fiskeriforsking og -overvaking, kan overførast, blir auka med |
31 300 000 |
|
|
|
frå kr 117 100 000 til kr 148 400 000 |
|
|
927 |
|
NIFES |
|
|
|
22 |
Fiskeriforsking og -overvaking, kan overførast, blir auka med |
2 500 000 |
|
|
|
frå kr 5 800 000 til kr 8 300 000 |
|
|
Iselin Nybø |
Martin Henriksen |
|
fung. leiar |
ordførar |