Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Regjeringa v/Landbruks- og matdepartementet gjer i proposisjonen framlegg om endringar i løyvingar under einskilde kapittel og postar i statsbudsjettet for 2016. I denne innstillinga vert berre framlegget under kap. 1137 handsama. Dei andre framlegga i proposisjonen vert handsama av næringskomiteen.
For å dekkje inn forskingsbehov i samband med Chronic Wasting Disease (CWD), som rammar hjortedyr, gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga under kap. 1137 post 50 Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd med 2 mill. kroner, mot tilsvarande auke under kap. 1112 Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet, post 50 Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Veterinærinstituttet.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Christian Tynning Bjørnø, Martin Henriksen, Audun Otterstad, Tone Merete Sønsterud og Marianne Aasen, frå Høgre, Henrik Asheim, Norunn Tveiten Benestad, Kent Gudmundsen og Kristin Vinje, frå Framstegspartiet, Lill Harriet Sandaune og Bente Thorsen, frå Kristeleg Folkeparti, Anders Tyvand, frå Senterpartiet, Anne Tingelstad Wøien, frå Venstre, fung. leiar Iselin Nybø, og frå Sosialistisk Venstreparti, Audun Lysbakken, har ikkje merknader til framlegget.
Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
I statsbudsjettet for 2016 blir det gjort følgjande endring:
|
Kap. |
Post |
Formål |
Kroner |
|
|
|
Utgifter |
|
|
1137 |
|
Forsking og innovasjon |
|
|
|
50 |
Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd, blir redusert med … |
2 000 000 |
|
|
|
frå kr 256 065 000 til kr 254 065 000 |
|
|
Iselin Nybø |
Anne Tingelstad Wøien |
|
fung. leiar |
ordførar |