Samandrag
Kapittel 2 i meldinga
inneheld ein kort gjennomgang av allmennkringkasting som mediepolitisk
verkemiddel og ei historisk oversikt over kommersiell allmennkringkasting
på tv. Gjennomgangen viser m.a. at det har blitt bruka ulike verkemiddel
for å sikre kommersiell allmennkringkasting på tv sidan byrjinga
av 90-talet.
I kapittel 3 vurderer
departementet kva dei mediepolitiske måla for kommersiell allmennkringkasting
bør vere. Departementet konkluderer med at dei mediepolitiske måla
bør vere a) å halde oppe mediemangfaldet, b) å sikre ein reell konkurrent
til NRK og c) sikre riksdekkande nyheitssendingar som blir produserte
og sende utanfor Oslo.
Kapittel 4 inneheld
ei oversikt over kommersiell allmennkringkasting i andre land, med
hovudvekt på offentleg støtte til kommersiell allmennkringkasting i
andre land. Oversikta viser at det finst døme på at kommersielle
allmennkringkastarar og produksjonsselskap kan få økonomisk støtte
til å produsere innhald som har allmennkringkastingskarakter.
Kapittel 5 gjev ei
oversikt over relevante internasjonale rettslege rammevilkår, særleg
reglane i EØS-avtalen om offentleg støtte og reglane om offentlege innkjøp
i EØS-avtalen.
Kapittel 6 inneheld
eit samandrag av delutgreiinga til Mediemangfaldsutvalet, «Vurdering
av modell for offentlig kompensasjon til kommersiell allmennkringkasting».
Utvalet konkluderer her med at det er usikkert om marknaden vil
kunne finansiere kommersiell allmennkringkasting med hovudsete utanfor Oslo.
Utvalet tilrår ikkje ein bestemt modell, men peikar på at ein modell
som inneber kompensasjon til ein kommersiell allmennkringkastar,
vil vere betre eigna enn eit prosjekttilskot til produksjon av allmennkringkastingsinnhald.
I kapittel 7 vurderer
departementet behovet for verkemiddel som sikrar dei mediepolitiske
måla for kommersiell allmennkringkasting. Det er vurdert om det,
utan statlege verkemiddel, er sannsynleg at det i marknaden kan
vekse fram eit tilbod som oppfyller måla for kommersiell allmennkringkasting,
eller om det er nødvendig med statlege verkemiddel for å sikre dette.
Departementet konkluderer med at det er usikkert om dei mediepolitiske
måla for kommersiell allmennkringkasting kan bli oppfylt av marknaden aleine.
På denne bakgrunnen meiner departementet at det er behov for mellombelse
verkemiddel, for å sikre at dei målsetjingane som regjeringa har
for kommersiell allmennkringkasting, blir tekne vare på på kort
sikt.
I kapittel 8 vurderer
departementet kva for verkemiddel som eignar seg til å sikre kommersiell
allmennkringkasting. Departementet meiner at offentleg kompensasjon
må til for å sikre dei mediepolitiska måla med kommersiell allmennkringkasting.
Departementet legg til grunn at berre éin aktør bør få kompensasjon
for meirkostnadane som følgjer av å ha eit kommersielt allmennkringkastingsoppdrag. Kompensasjonsordninga
vil bli innretta i tråd med gruppeunntaket for tenester av allmenn
økonomisk verdi i EØS-regelverket. Kompensasjonen kan derfor ikkje
overstige nettokostnadane med oppdraget, inkludert ei rimeleg forteneste.
Oppdraget vil bli tildelt etter ein skjønnheitskonkurranse som er
open for alle interessentar. Hovudkontoret og den sentrale nyheitsredaksjonen
til allmennkringkastaren må plasserast utanfor Oslo. Allmennkringkastingsinnhaldet skal
bli levert i form av levande bilete, bli publisert både lineært
og ikkje-lineært. Innhaldspliktene i kunngjeringa blir utforma i
tråd med kunngjøringa som ligg til grunn for den noverande avtalen
som staten har med kommersiell tv-allmennkringkastar. Avtalen skal
vare i fem år. Medietilsynet vil årleg kontrollere at det ikkje
skjer kryss-subsidiering eller overkompensasjon, og ha tilsyn med
at allmennkringkastaren oppfyller pliktene i allmennkringkastingsoppdraget.
Den kommersielle allmennkringkastaren skal i samband med kontrollen
legge fram ein ekstern revisorrapport som dokumenterer at det ikkje skjer
overkompensasjon eller kryss-subsidiering.
Kapittel 9 gjer greie
for dei økonomiske og administrative konsekvensane av tiltaka i
meldinga.