Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Landbruks- og matdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingar mv. under enkelte kapittel og postar i statsbudsjettet for 2017.
Inntektene har vore lågare enn budsjettert, og departementet foreslår difor å redusere løyvinga med 90 000 kroner.
Mattilsynet prioriterer arbeidet mot sjukdommen Chronic Wasting Disease (CWD) høgt. Det blir arbeidd for å fjerne smittestoffet som i dag er funne i Noreg, som det einaste landet i Europa. Difor foreslår departementet ein auke i løyvinga over kap. 1115 post 1 på 8,5 mill. kroner.
Mattilsynet har hatt høgare utgifter enn budsjettert til tilskott til erstatningar etter dyrevelferdslova § 4. Departementet foreslår difor å auke løyvinga over kap. 1115 post 71 med 2,0 mill. kroner.
Ifølgje oppdaterte prognosar vil gebyrinntektene til Mattilsynet for 2017 bli på om lag 183,3 mill. kroner. Dette er 10 mill. kroner lågare enn budsjettert. Mindreinntekta skuldast i hovudsak lågare inntekt frå det nye gebyret på tilsyn med fiskehelse og -velferd på grunn av seinare fastsetting av forskrift enn det som var lagt til grunn. Departementet foreslår difor å redusere løyvinga over kap. 4115 post 1 med 10,0 mill. kroner.
Departementet foreslår å auke løyvinga med 500 000 kroner, mot tilsvarande reduksjon på kap. 1142 post 80.
Løyvinga er ei overslagsløyving. Departementet foreslår å auke løyvinga med 165 000 kroner.
Departementet foreslår å redusere løyvinga over kap. 1142 post 80 med 500 000 kroner, mot ein tilsvarande auke under kap. 1142 post 71.
På bakgrunn av oppdaterte prognosar for utbetalingar i 2017 og for tilsegn som ikkje er innfridde per 31. desember 2017, foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 44 mill. kroner og å auke tilsegnsfullmakta med 38,5 mill. kroner, til 79 mill. kroner.
På bakgrunn av oppdaterte prognosar for utbetalingar i 2017 og tilsegn som ikkje er innfridde per 31. desember 2017, foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 26,1 mill. kroner og å auke tilsegnsfullmakta med 26,1 mill. kroner, til 101,1 mill. kroner.
Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 127,3 mill. kroner. Det gir ei samla løyving over posten på 3 430,9 mill. kroner.
I tråd med omtale under kap. 1151 post 75 og post 79 foreslår departementet å redusere løyvinga over kap. 1151 post 51 med 3,0 mill. kroner.
Departementet foreslår å auke løyvinga over kap. 1151 post 75 med 2,8 mill. kroner, mot tilsvarande reduksjon på kap. 1151 post 51.
Departementet foreslår å auke løyvinga over kap. 1151 post 79 med 200 000 kroner, mot tilsvarande reduksjon på kap. 1151 post 51.
På posten blir det ført inntekter frå det statlege lånet Statskog SF fekk ved kjøpet av Borregaard Skoger AS, jf. Prop. 11 S (2010–2011). Styret i Statskog SF har vedtatt å betale 75 mill. kroner i avdrag på lånet i 2017. Departementet foreslår difor å auka løyvinga over kap. 4162 post 90 med 50,0 mill. kroner.
Kimen Såvarelaboratoriet AS har vedtatt å betale inn 204 000 kroner til LMD som aksjeutbyte for 2016. Departementet foreslår difor å auka løyvinga over kap. 5651 post 85 med 204 000 kroner.
På posten blir det ført renter frå det statlege lånet Statskog SF fekk i forbindelse med kjøpet av Borregaard Skoger AS, jf. Prop. 11 S (2010–2011). Det er forventa at føretaket vil innbetale 1,75 mill. kroner i 2017. Departementet foreslår difor å redusere løyvinga over kap. 5652 post 80 med 1,05 mill. kroner.
Departementet foreslår ei fullmakt til å avvikle selskapet ITAS Eierdrift AS.
Etter fleire års teljing av rein i Finnmark vurderer Landbruksdirektoratet at behovet for teljing no er størst i Nordland og Troms reinbeiteområde. Kap. 1142 post 71 Omstillingstiltak i Indre Finnmark gjeld i utgangspunktet Indre Finnmark, men departementet legg opp til å nytte noko av løyvinga på tiltak i Troms og Nordland.