Innhold

16. Land-for-land-rapportering

16.1 Sammendrag

OECD og G20 gjennomførte i 2013–2015 eit prosjekt for å finne internasjonalt anerkjende tiltak mot overskotsflytting og utholing av skattegrunnlag, OECD/G20 Base Erosion and Profit Shifting Project (BEPS-prosjektet). Tiltak 13 gjeld mellom anna innføring av reglar om at store fleirnasjonale konsern med konsolidert omsetnad på meir enn 750 mill. euro skal levere ein årleg land-for-land-rapport til skattestyresmaktene. Rapporten skal innehalde nøkkelinformasjon om verksemda i dei ulike landa der konsernet har føretak. Det vart laga ei modellovgjeving som set rammene for korleis rapporteringsplikta skal gjennomførast i kvart enkelt land. Norge deltok i BEPS-prosjektet og har slutta seg til Inclusive Framework til gjennomføringa av BEPS-tiltaka.

I Prop. 120 L (2015–2016) gjorde departementet framlegg om å innføre reglar om land-for-land-rapportering til norske skattestyresmakter. I proposisjonen kapittel 1 vert det uttalt at forslaget i stor grad følgjer modellovgjevinga. Forslaget vart vedteke av Stortinget, jf. Innst. 42 L (2016–2017). Rapporteringsplikta følgjer i dag av skatteforvaltningsloven § 8-12.

Gjennomføring av land-for-land-rapportering er ein minimumsstandard i BEPS-prosjektet. Det inneber at landa skal gjennomføre modellovgjevinga på den måten og med det innhaldet ein er einig om. Reglane skal ikkje gå lengre eller krevje at det blir gitt færre eller fleire opplysningar enn det som følgjer av modellovgjevinga. Denne standarden gjer reglane føreseielege for dei skattepliktige, og den reduserer dei administrative kostnadene deira fordi ein og same land-for-land-rapport kan brukast i alle landa der konsernet har verksemd. Like rapporteringskrav sikrar òg at skattestyresmaktene i dei ulike landa får den same informasjonen.

Modellovgjevinga byggjer på at det som hovudregel er morselskapet i eit fleirnasjonalt konsern som skal levere land-for-land-rapport til skattestyresmaktene i den jurisdiksjonen der føretaket høyrer heime (primær rapporteringsplikt). Skattestyresmaktene i dette landet skal deretter utveksle rapporten med skattestyresmaktene i alle landa der konsernet har føretak. Utvekslinga skjer på grunnlag av avtalar om automatisk utveksling av rapportar. Dersom den jurisdiksjonen morselskapet høyrer heime i, ikkje krev land-for-landrapportering, opnar modellovgjevinga for at jurisdiksjonar der det finst føretak som er ein del av konsernet, kan krevje at dei lokale føretaka, på visse vilkår, leverer land-for-land-rapport til skatteskattestyresmaktene (sekundær rapporteringsplikt).

I skatteforvaltningsloven § 8-12 andre ledd bokstav b er det fastsett at dersom morselskapet til eit norsk føretak høyrer heime i ein jurisdiksjon som ikkje har avtale om automatisk utveksling av land-for-land-rapportar med Noreg, så skal det norske føretaket levere land-for-land-rapport i Noreg. Denne sekundære rapporteringsplikta i norsk rett er noko vidare enn den rapporteringsplikta som følgjer av modellovgjevinga. I modellovgjevinga er kravet for sekundær rapporteringsplikt at det landet der morselskapet høyrer heime, har ein avtale med Noreg som legg til rette for utveksling av opplysningar, men ikkje har inngått ein avtale om automatisk utveksling av land-for-land-rapportar etter den førstnemnde avtalen. For at Noreg skal oppfylle minimumsstandarden i tiltak 13 i BEPS-prosjektet, gjer departementet framlegg om å endre § 8-12 andre ledd bokstav b. Eit norsk føretak får då berre sekundær rapporteringsplikt dersom morselskapet i konsernet høyrer heime i eit land som har inngått ein avtale med Noreg som legg til rette for utveksling av informasjon med Noreg, men som ikkje har ein avtale som opnar for automatisk utveksling av land-for-land-rapportar til skattestyresmaktene.

Departementet syner til forslag til endring av skatteforvaltningsloven § 8-12 andre ledd bokstav b.

Departementet gjer framlegg om at lovendringa tek til å gjelde straks med verknad for rekneskapsår som byrjar 1. januar 2018 eller seinare.

16.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.