Innhold

9. Merverdiavgift ved kommunesammenslåing og -deling

9.1 Sammendrag

Unntak fra plikten til å justere merverdiavgift

I revidert nasjonalbudsjett 2017 vart det innført eit unntak frå plikta til å justere kompensasjon for meirverdiavgift etter merverdiavgiftskompensasjonsloven ved overdraging av bygg og anlegg i samband med samanslåing og deling av kommunar. Bakgrunnen for endringa var regjeringa si reform av kommunestrukturen i Noreg, der eit sentralt prinsipp er at samanslåingar og delingar ikkje skal medføre utgifter eller prosedyrekrav for kommunane, sjå nærare Prop. 130 LS (2016–2017) kapittel 14. Samanslåing og deling av kommunar og fylkeskommunar fylgjer reglar i lov 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova).

Det vart ikkje foreslått tilsvarande endringar i meirverdiavgiftsregelverket, fordi det for dette regelverket er sentralt at kommunane fylgjer det same regleverket som private verksemder. I høve til kommunale vass- og avløpsanlegg gjer det seg likevel gjeldande enkelte særlege omsyn. Slike anlegg er regulerte i lov 16. mars 2012 nr. 12 om kommunale vass- og avløpsanlegg, kor det mellom anna er fastsett reglar om kven som kan eige anlegga.

Omsetnad av vass- og avløpstenester frå kommunane utløyser plikt for kommunane til å berekne meirverdiavgift. Motstykket er at kommunane har rett til frådrag for inngåande meirverdiavgift på kostnader til oppføring og vedlikehald m.m. av vass- og avløpsanlegg. Slike anskaffingar er omfatta av justeringsreglane i merverdiavgiftsloven kapittel ni. Justering inneber at kommunen må betale tilbake frådragsført meirverdiavgift på anskaffingar av kapitalvarer dersom desse blir selde eller på annan måte tekne i bruk utanfor avgiftspliktig verksemd. Ei samanslåing eller deling av kommunar er ei hending som utløyser plikt til å justere.

Lov om kommunale vass- og avløpsanlegg § 1 andre ledd definerer vass- og avløpsanlegg som hovudleidningar for vatn og avløp, pumpestasjonar, høgdebasseng, anlegg for handtering og reinsing av vatn og avløp m.m. Det fylgjer av § 1 fyrste ledd at anlegg skal vere kommunalt eigde, og at eksisterande privateigde anlegg berre kan overdragast til kommunar. Kommunale vass- og avløpsanlegg kan berre nyttast til det dei er oppførte for. Av omsyn til kommunane foreslår departementet at det vert fastsett eit unntak frå plikta til å justere meirverdiavgift etter merverdiavgiftsloven ved overdraging av kommunale vass- og avløpsanlegg i samband med kommunesamanslåingar og -delingar.

På denne bakgrunnen foreslår departementet eit nytt sjette ledd fyrste punktum i merverdiavgiftsloven § 9-2. Endringa inneber at det blir fastsett eit unntak frå plikta til å justere inngåande meirverdiavgift ved overdraging av kommunale vass- og avløpsanlegg ved samanslåingar og delingar av kommunar og fylkeskommunar. Ein praktisk konsekvens av endringa er at kommunane ikkje må utarbeide justeringsavtaler med tilhøyrande dokumentasjon for å overføre slike kapitalvarer. Det er presisert i lovforslaget at unntaket berre gjeld der overdraginga skjer som ledd i samanslåing eller deling etter reglane i inndelingslova. Så lenge overdraginga skjer som ledd i ei slik samanslåing, har det ikkje noko å seie om kommunen eig anlegget sjølv, til dømes gjennom eit kommunalt føretak, eller om fleire kommunar eig det gjennom eit interkommunalt selskap. Det er vidare berre anlegg som definerte i lov om kommunale vass- og avløpsanlegg § 1 andre ledd som er omfatta av framlegget.

Departementet syner til framlegg til nytt sjette ledd fyrste punktum i merverdiavgiftsloven § 9-2.

Overføring av justeringsposisjoner

Som fylgje av at det blir fastsett eit unntak frå justeringsplikta, bør det gå klårt fram av lova at pliktene og rettane etter justeringsregelverket automatisk vert overtekne av den nye kommunen etter samanslåinga eller dei kommunane som vart delte. Dette gjeld mellom anna plikta til å justere meirverdiavgift dersom anlegget seinare vert disponert om til bruk i ikkje-avgiftspliktig verksemd, til dømes som fylgje av ei avvikling av verksemda.

Departementet foreslår at same presisering som omtalt i førre avsnitt vert gjord i merverdiavgiftskompensasjonsloven. Som omtalt tidlegare vart det i revidert nasjonalbudsjett 2017 fastsett eit unntak frå plikta til å justere meirverdiavgiftskompensasjon ved kommunesamanslåingar. Det vert uttalt i forarbeida til lova at den nye kommunen etter samanslåinga, eller dei kommunane som vart delte, skal overta rettane og pliktene til å justere, jf. Prop. 130 LS (2016–2017) kapittel 14. Departementet meiner at det av informasjonsomsyn bør gå fram av lova at rettane og pliktene etter justeringsregelverket automatisk blir overførte til den eller dei nye kommunane.

Departementet foreslår eit nytt sjette ledd andre punktum i merverdiavgiftsloven § 9-2 og eit nytt andre punktum i merverdiavgiftskompensasjonsloven § 16 andre ledd. Endringane inneber at den eller dei overtakande kommunane utan vidare overtek rettane og pliktene etter justeringsreglane. Lovføresegna inneber at ein overtakande kommune til dømes vil måtte justere meirverdiavgifta dersom den seinare avviklar verksemda. Den overtakande kommunen har vidare ansvaret for å oppfylle dei dokumentasjonskrava som gjeld etter lova. Det er utan betyding korleis eigarskapet til anlegga er organisert, det vil seie om anlegget er eigd av kommunen sjølv eller av eit interkommunalt selskap. Departementet viser endeleg til at det overtakande avgiftssubjektet vil hefte for eventuelle manglar knytte til etterlevinga av justeringsplikta som skriv seg frå tida før delinga eller samanslåinga.

Departementet syner til framlegg til nytt sjette ledd andre punktum i merverdiavgiftsloven § 9-2 og nytt andre punktum i meirverdiavgiftskompensasjonsloven § 16 andre ledd.

Økonomiske og administrative konsekvenser

Endringane inneber ein reduksjon i dei administrative kostnadene knytte til kommunesamanslåingar. Framlegget vil ikkje ha provenykonsekvensar.

Ikraftsetting og virkningstidspunkt

Departementet foreslår at endringane blir sette i kraft straks og med verknad frå 1. januar 2017. Dermed blir alle kommunar som inngår i kommunereforma, omfatta.

9.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.