2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Dag Terje Andersen, Eva Kristin Hansen og Magne Rommetveit, frå Høgre, Svein Harberg og Bente Stein Mathisen, frå Framstegspartiet, Solveig Horne, frå Senterpartiet, Hans Inge Myrvold, frå Sosialistisk Venstreparti, Freddy André Øvstegård, frå Venstre, Terje Breivik, og uavhengig representant Ulf Leirstein, syner til Riksrevisjonens undersøking av rovviltforvaltninga, Dokument 3:13 (2018–2019).

Komiteen syner til at Riksrevisjonen presiserer at undersøkinga er avgrensa slik at ho berre skal vurdere om «Klima- og miljødepartementet gjennom rovviltforvaltningen, og i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet, legger til rette for å oppnå Stortingets todelte mål om bærekraftige rovviltbestander og en livskraftig beitenæring». Undersøkinga omfattar perioden 2010–2018.

Komiteen syner til at Riksrevisjonen i sin rapport om den todelte målsettinga og korleis ho vert implementert, har seks hovudfunn:

  • Stortingets bestandsmål for rovvilt er delvis nådd, og det er utfordringer med den genetiske levedyktigheten til ulv og jerv i Skandinavia.

  • Sauenæringen er livskraftig nasjonalt, men noen beiteområder har svært høy rovviltbelastning.

  • Forutsetningene om soneforvaltning er bare delvis innfridd, og soneforvaltningen er særlig lite egnet for å ivareta reindriftsnæringen.

  • Lisensfelling fungerer som virkemiddel for å regulere de fleste rovviltbestandene, men skadefelling er i liten grad effektiv.

  • Miljøforvaltningen har for lite kunnskap både om tapsårsaker og om effekter av forebyggende tiltak.

  • Klima- og miljødepartementet har ikke sørget for å avklare uenighet om regionale forvaltningsplaner for rovvilt.

Riksrevisjonen sine funn munnar i rapporten ut i seks tilrådingar til Klima- og miljødepartementet, der Riksrevisjonen meiner departementet bør:

  • vurdere tiltak for å sikre mer funksjonelle forvaltningssoner, som ivaretar både rovvilt og beitenæringene

  • vurdere fordelingen av de nasjonale bestandsmålene mellom forvaltningsregionene for rovvilt

  • vurdere hvordan skadefellingen kan bli iverksatt så effektivt som mulig

  • vurdere hvordan virkemidlene kan innrettes slik at rovviltbelastningen i reindriftsnæringen reduseres

  • sørge for nødvendige avklaringer når det oppstår uenighet mellom miljømyndighetene og rovviltnemndene, for eksempel i arbeidet med å utforme forvaltningsplaner

  • fortsette å utvikle et godt kunnskapsgrunnlag om rovviltbestandene, og forsterke arbeidet med å bygge kunnskap om både årsaker til tap av beitedyr og effekten av forebyggende og konfliktdempende tiltak.

Komiteen syner vidare til at statsråden i Klima- og miljødepartementet har skissert fleire tiltak som er meinte å bøte på dei svake punkta som Riksrevisjonen har peika på. Komiteen merkar seg at statsråden gjev uttrykk for at «rovviltforvaltningen fungerer godt», men at departementet er i gang med å gjere enkelte endringar som i større eller mindre grad fangar opp dei forslaga som Riksrevisjonen kjem med. Komiteen merkar seg særleg at departementet syner til det pågåande arbeidet med å evaluere den regionale rovviltforvaltninga og regionale bestandsmål i regi av Norsk institutt for naturforskning. Komiteen ser òg at statsråden på enkelte punkt ikkje er einig i Riksrevisjonen sine vurderingar/tilrådingar.

I handsaminga av saka har komiteen halde høyring 25. november 2019.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemen frå Venstre, noterte seg òg at fleire synte til at Riksrevisjonen har lagt for lite vekt på andre samfunnsinteresser enn beitedyr. Endeleg merka fleirtalet seg at det blant dei som representerte beitenæringa, var skepsis til dei endringane i den norske forvaltningsmodellen på rovviltfeltet som har vore på høyring (kutt i talet på rovviltregionar, ny nasjonal klagenemnd).

Fleirtalet legg til grunn at beitenæringane er sentrale for norsk matproduksjon og sjølvberging. På same måte er beitenæringane viktige for busetnaden i norske distrikt. Noreg er eit av dei landa i Europa kor beiteressursane har mest å seie for landet sin totale matproduksjon. Berre tre prosent av arealet i Noreg er jordbruksareal; det lågaste talet i heile Europa. Samstundes har Noreg utmarksbeite av høg kvalitet på 45 prosent av arealet på fastlandet. Årleg vert det sleppt over 2 millionar sau og lam, 254 000 storfe, 58 000 geiter og 9 000 hestar på utmarksbeite i Noreg. Desse haustar fôrressursar i utmarka som svarer til det ein ville måtte bruke 10 prosent av Noregs fulldyrka areal for å produsere. Fleirtalet vil peike på at beitebruk bidreg til både økologisk og økonomisk berekraftig produksjon av mat, noko som er viktig no – og som kjem til å verte endå viktigare i åra som kjem. I tillegg understrekar fleirtalet at beitebruk er viktig for kulturlandskapet og det biologiske mangfaldet. Norsk kvit sau trekker mot grasdominerte areal i utmarka og trekker mot artsrik kulturmark når han får beite fritt. Attgroing på grunn av beiteslutt har negativ påverknad på 685 norske artar. Dette er heile 29 prosent av dei artane som er å finne på «Norsk rødliste for arter» (Artsdatabanken).

Fleirtalet vil vidare peike på at reindrift og annan utmarksbruk er sentrale i samisk næringsliv. Dette vert reflektert i det faktum at Sametinget utpeikar to av seks medlemer til dei tre nordlegaste regionale rovviltnemndene (Troms og Finnmark, Nordland og Trøndelag) og ein av fem medlemer til rovviltnemnda i Hedmark.

Reindrifta lir årleg store tap til freda rovvilt, og i nokre område er tapa så store at dei trugar reindrifta sin eksistens. Difor har Sametinget gjentekne gonger bede om ein nasjonal rovviltpolitikk som på ein betre måte hegnar om reindrifta og annan beitebruk, og kor staten syter for at reelle tap til rovvilt vert kompenserte. Fleirtalet syner til at Noreg har internasjonale forpliktingar til å sikre dei samiske beitenæringane si framtid, og at det for lengst er konstatert at norsk rovviltpolitikk trugar dette målet.

Fleirtalet minner om at er eit stort problem for reindrifta, og at det så langt ikkje har kome tiltak som kan bøte på problemet.

Fleirtalet har merka seg at Riksrevisjonen konkluderer med at bestandsmålet for ulv og jerv er overoppfylt dei siste fem åra, medan bjørn og gaupe ligg under bestandsmålet.

Eit anna fleirtal, alle unnateke medlemene frå Sosialistisk Venstreparti og Venstre, merka seg at dei som representerte beitenæringane på høyringa, var svært utilfredse med korleis regjeringa og departementet undergrev Stortinget sine vedtekne bestandsmål for dei ulike rovviltartane, noko som Riksrevisjonen i liten grad har problematisert. Dei la òg vekt på at Riksrevisjonen ikkje har teke inn over seg det faktum at beitebruk i utmark så å seie er utradert i fleire fylke, noko som i stor grad er på grunn av rovviltforvaltninga.

Dette fleirtalet vil peike på at Riksrevisjonen har valt ein snever inngang når ein har vurdert norsk rovviltforvaltning, noko som gjer denne undersøkinga mindre interessant enn om ein hadde valt ei breiare vurdering av om rovviltforvaltninga oppfyller dei rammene, måla og styringssignala frå Stortinget si side som ligg til grunn for norsk rovviltpolitikk, og om norsk rovviltforvaltning i det heile fungerer.

Dette fleirtalet legg då til grunn dei tre rovdyrforlika som er fastsette av Stortinget (rovviltforlika frå 2004 og 2011, samt ulveforliket frå 2016), samt Innst. 257 L (2016–2017), kor Stortinget m.a. instruerer regjeringa om korleis Bernkonvensjonen og naturmangfoldlova skal tolkast, og instruerer Klima- og miljødepartementet om å endre rovviltforskrifta.

Dette fleirtalet meiner at Riksrevisjonen med fordel kunne ha sett nærare på dei omstenda som bidreg til at rovviltforvaltninga i Noreg er svært konfliktfylt.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet, og uavhengig representant Ulf Leirstein, viser til at konfliktene dreier seg mye om tolkninger av bestandsmålene for ulv og jerv, spesielt når dette ses i sammenheng med naturmangfoldloven. Disse medlemmer vil påpeke at de bestandsmålene som Stortinget har vedtatt, må overholdes.

Komiteen vil påpeke at det er politisk bred enighet i Stortinget under skiftende flertall om at ulv ikke skal etablere seg i Nord-Norge, nettopp av reindriftshensyn.

Medlemen i komiteen frå Senterpartiet meiner òg at Riksrevisjonen ikkje kan sjå bort frå det faktum at regjeringa ved fleire høve har lagt til rette for ei rovviltforvaltning som ikkje er i samsvar med Stortinget sine vedtak, noko som på ein kraftig måte har auka konfliktane rundt norsk rovviltforvaltning. Denne medlemen vil minne om at det både i 2017 og 2019 var store demonstrasjonar ved Stortinget mot regjeringa si rovviltforvaltning – og til støtte for dei vedtaka om rovviltforvaltninga som Stortinget hadde gjort.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Sosialistisk Venstreparti og Venstre, legg til grunn at det må få konsekvensar for uttak av rovdyr der bestandsmålet er overoppfylt, særskilt i område kor beitedyr er prioriterte.

Fleirtalet meiner at Riksrevisjonen mellom anna burde ha vurdert:

  • Korleis regjeringa i praktisk forvaltning følgjer opp Stortingets vedtekne bestandsmål for rovdyr, og om bestandsmål som er innretta som intervallmål, vert nytta slik at det nedre talet er eit minimum for bestanden sin tilsikta størrelse og det øvre talet eit tilsikta maksimum. Det ville særleg vore interessant om Riksrevisjonen hadde vurdert om den forvaltninga som skjer i tilfelle der bestanden ligg over bestandsmålet, er i tråd med Stortinget sine intensjonar, og om regjeringa sin politikk i slike tilfelle bidreg til at det todelte målet vert oppfylt og beitebruken vert teken omsyn til.

  • Kva som er årsakene til at beitebruken så å seie er avvikla eller sterkt redusert i bjørnesona og ulvesona, stikk i strid med dei føresetnadene som Stortinget har uttrykt fleire gonger. Per i dag artar særleg ulvesona seg som eit ulvereservat, noko som aldri var Stortinget sin intensjon.

  • Om regjeringa vik frå prinsippet om soneforvaltning når regjeringa i beiteprioriterte område legg opp til å hegne om einskilde ulvehannar (med bakgrunn i genetikk) og einskilde bjørnebinner (med bakgrunn i at bestandsmålet ikkje er nådd).

  • Om metodane som vert nytta ved uttak av rovvilt, er gode nok, slik at uttaket kan skje raskt og effektivt.

  • Om tilbodet om midlar til førebyggande rovdyrtiltak er stort nok til å dekke dei verkelege kostnadene og meirarbeidet ved desse tiltaka.

  • Om rovviltforvaltninga har oppfylt Stortinget sin føresetnad om full erstatning til dei som har tap av husdyr og tamrein til rovvilt. Det er særleg grunn til å minne om Stortinget sine to vedtak av 6. juni 2016, nemleg nr. 770, som lyder: «Stortinget ber regjeringen utrede mulige økonomiske ordninger for tap av eventuelle rettigheter eller belastninger innenfor ulvesonen og viser til ulvesoneutvalgets forslag knyttet til dette spørsmålet» og vedtak nr. 771, som lyder: «Stortinget ber regjeringen legge frem en sak hvor man vurderer mulige ordninger for midler til kommuner med ynglinger innenfor ulvesonen».

  • Om andre samfunnsinteresser enn beitedyr er tekne tilstrekkeleg omsyn til i dei områda av landet som har høgt rovvilttrykk. Dette gjeld både spørsmålet om opplevd tryggleik i lokalsamfunna som vert råka, men òg spørsmålet om korleis rovviltpolitikken pregar næringslivet utanfor beitenæringane (t.d. når det gjeld jakt).

  • At det enno er mange spørsmål knytte til det genetiske opphavet til ulvebestanden i Sør-Skandinavia som ikkje er tilstrekkeleg klara opp i.

Fleirtalet er særleg kritisk til Riksrevisjonen si vurdering av om beitenæringa i Noreg er livskraftig. Fleirtalet vil i samband med dette åtvare mot å sjå seg blind på nasjonal statistikk over talet på sau og talet på beitedyr som er tapte til rovvilt, sidan det er tydeleg at desse tala kamuflerer store lokale og regionale rovviltkatastrofar. Fleirtalet vil peike på at det ikkje kan seiast å vere eit døme på ei vellukka forvaltning at talet på skadar på beitedyr går ned, så lenge grunnen til dette er ein sterk nedgang i talet på beitedyr fordi næringsutøvarar ikkje finn det forsvarleg å halde fram med beitedyr på grunn av rovdyrpresset. Sjølv om talet på sau og lam på utmarksbeite har vore stabilt, har det vore ein kraftig nedgang i fleire område. Dette gjeld sjølv i beiteprioriterte område.

Fleirtalet meiner vidare at prinsippet om at rovviltnemndene skal stå fritt til å vedta forvaltningsplanar for rovvilt, må oppretthaldast, og at departementet skal ha respekt for dei vedtaka om forvaltning som vert gjorde i rovviltnemndene. Det er rovviltnemndene si oppgåve å sikre at omsynet til rovvilt, beitedyr, reindriftsnæring og andre interesser vert ivaretekne innanfor forvaltningsregionane. Det skal ikkje vere slik at Klima- og miljødepartementet skal ha eit generelt høve til å overprøve nemndene si skjønnsutøving.

Dersom rovviltnemndene ikkje vert høyrde og stadig vert overkøyrde, vil det føre til auka mistillit. Fleirtalet meiner dette er særs uheldig.

Eit anna fleirtal, alle unnateke medlemen frå Venstre, vil understreke at rask felling av skadedyr i dei beiteprioriterte områda er særs viktig for å skape tillit til forvaltninga og dei som er sette til å styre dei politiske avgjerdene. Dette fleirtalet ber difor departementet ta på alvor at det ikkje skal vere rovdyr som utgjer skadepotensial, i beiteprioriterte område. Det same gjeld tilhøvet mellom departementet og rovviltnemndene.

Dette fleirtalet vil òg understreke alvoret for reindriftsnæringa, der meir enn ein av tre reinkalvar vert tekne av rovdyr. Dette gjer det utfordrande å drive for reineigarane og set heile næringa under stort press, med dei konsekvensane det har, særleg for samiske næringsutøvarar.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Venstre viser til Dokument 3:13 (2018–2019) – Riksrevisjonens undersøkelse av rovviltforvaltningen – knyttet til om Klima- og miljødepartementet gjennom rovviltforvaltningen, og i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet, legger til rette for å oppnå Stortingets todelte mål om bærekraftige rovviltbestander og en livskraftig beitenæring. Det er gjort en gjennomgang både av bestandsmålene og av beitenæringen, og Riksrevisjonen har kommet med seks hovedanbefalinger.

Disse medlemmer vil påpeke at den rovdyrpolitikken som føres i Norge, skal være innenfor rammene av Bernkonvensjonen og naturmangfoldloven og i samsvar med rovviltforlikene fra 2004 og 2011, flertallsvedtakene om ulv fra 2016 og den todelte målsettingen om at vi skal ha rovdyr og beitedyr i Norge. All forvaltning av rovdyr skal bygge på vitenskapelig og erfaringsbasert kunnskap. Videre skal det legges vekt på regional forvaltning, respekt for eiendomsretten og livskvaliteten for enkeltmennesker og lokalsamfunn. Det er viktig å arbeide videre med målet om reduserte konflikter.

Disse medlemmer viser til at Riksrevisjonen sine funn i rapporten munner ut i seks anbefalinger til Klima- og miljødepartementet, der Riksrevisjonen mener departementet bør:

  • vurdere tiltak for å sikre mer funksjonelle forvaltningssoner, som ivaretar både rovvilt og beitenæringene

  • vurdere fordelingen av de nasjonale bestandsmålene mellom forvaltningsregionene for rovvilt

  • vurdere hvordan skadefellingen kan bli iverksatt så effektivt som mulig

  • vurdere hvordan virkemidlene kan innrettes slik at rovviltbelastningen i reindriftsnæringen reduseres

  • sørge for nødvendige avklaringer når det oppstår uenighet mellom miljømyndighetene og rovviltnemndene, for eksempel i arbeidet med å utforme forvaltningsplaner

  • fortsette å utvikle et godt kunnskapsgrunnlag om rovviltbestandene, og forsterke arbeidet med å bygge kunnskap om både årsaker til tap av beitedyr og effekten av forebyggende og konfliktdempende tiltak»

Disse medlemmer viser til at Riksrevisjonens rapport synliggjør at rovviltforvaltningen fungerer godt, men at det må vurderes nærmere oppfølging på enkelte områder. Disse medlemmer merker seg at Riksrevisjonen gir seks konkrete anbefalinger, og at det på ett av disse punktene reises kritikk mot Klima- og miljødepartementet. Dette gjelder anbefalingen om å sørge for nødvendige avklaringer når det oppstår uenighet mellom miljømyndighetene og rovviltnemndene, for eksempel i arbeidet med å utforme forvaltningsplaner.

Disse medlemmer ser det som viktig at det i rovviltforvaltningen arbeides videre med tiltak, slik at soneforvaltningen blir best mulig og ivaretar både rovvilt og beitenæringene. Disse medlemmer merker seg høringsinnspillene, hvor flere aktører ønsket en god dialog mellom departement og berørte næringer om soneforvaltningen. Hvordan de nasjonale bestandsmålene for de ulike rovdyrartene fordeles mellom regionene, er også en viktig del av dette. Disse medlemmer merker seg at klima- og miljøministeren har hatt flere forslag på høring, og imøteser at forslag til antall forvaltningsregioner for rovvilt, fordeling av regionale bestandsmål for den enkelte rovviltregion og spørsmålet om felles bestandsmål legges fram for Stortinget.

Disse medlemmer påpeker at skadefelling må iverksettes og gjennomføres så effektivt som mulig når slike tillatelser blir gitt. Disse medlemmer merker seg de tiltak klima- og miljøministeren har gjennomført på dette området, herunder den veilederen som er utarbeidet om skadefelling, og de utfordringer som påpekes. Disse medlemmer mener det i oppfølgingen av veilederen er viktig å øke kompetansen hos de kommunale og interkommunale fellingslagene, større grad av kompetanseoverføring mellom fellingslagene og kompetanseoverføring fra Statens naturoppsyn til fellingslagene. Det bør også arbeides videre med tiltak for raskere avdekking av skader, slik at skadefellingsforsøk kan iverksettes så effektivt som mulig.

Disse medlemmer mener det må settes inn tiltak for å finne løsninger på hvordan ulike virkemidler kan innrettes for å bedre situasjonen for reindriftsnæringen. Disse medlemmer merker seg at Riksrevisjonen stiller spørsmål ved om de tiltakene som er gjennomført og som er planlagt, er tilstrekkelige for å redusere rovviltbelastningen for tamreinnæringen. Disse medlemmer imøteser derfor ytterligere tiltak fra Klima- og miljødepartementet for å følge Riksrevisjonen på dette punktet.

Disse medlemmer merker seg at det er til dels store sprik mellom forskning og reindriftsnæringens egen oppfatning av utfordringene, og det må søkes større klarhet i dette slik at effektive tiltak kan settes inn.

Disse medlemmer påpeker at regional rovviltforvaltning står sentralt i dagens rovviltpolitikk, og det er viktig at rovviltnemndene har hovedansvaret for sine regioner. Det skal være en høy terskel for Klima- og miljødepartementet å overprøve de planer nemndene utarbeider. Samtidig må departementet, som overordnet instans og ansvarlig for at Stortingets vedtak etterfølges, sørge for raskere avklaring av eventuelle uenigheter enn det som har vært tilfelle fram til i dag. Det er uheldig at det oppstår langvarig usikkerhet om viktige forhold slik som soneinndeling i den enkelte region. Disse medlemmer forutsetter at Klima- og miljødepartementet følger opp dette.

Disse medlemmer understreker viktigheten av kunnskap om rovviltbestandene, årsaker til tap av beitedyr og effekten av forebyggende og konfliktdempende tiltak. Dette skal være høyt prioriterte oppgaver i rovviltforvaltningen. Disse medlemmer har merket seg Riksrevisjonens vurderinger om mangelfull kunnskap om ulike tapsårsaker på beitedyr. Av hensyn til både mest mulig korrekt erstatningsutmåling, konfliktdemping og iverksetting av mest mulig effektive og presise tiltak er det viktig at slik kunnskap kommer på plass så raskt som mulig.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti mener Riksrevisjonens rapport er balansert og gir et bilde av en rovviltforvaltning som i hovedsak fungerer godt. Dette medlem merker seg at også andre hensyn enn undersøkelsens temaer er relevante for rovviltpolitikken, slik som andre næringsinteresser ut over beitenæring, og viser forståelse for dette. Dette medlem peker likevel på hva som er undersøkelsens formål, og at komiteen behandler de temaene som rapporten belyser. Dette medlem understreker videre viktigheten av å nå bestandsmålene for rovvilt, viktigheten av at naturmangfoldlovens bestemmelser følges, og at Norge er forpliktet av internasjonale konvensjoner til å sikre levedyktige bestander av rovvilt. Dette medlem viser til at nasjonale myndigheter generelt og departementet spesielt har et særlig ansvar, og forutsetter at departementet oppfyller disse krav og kriterier.

Dette medlem vil understreke at mye av konflikten som oppstår, skyldes mangel på god, tilgjengelig kunnskap. Dette medlem har registrert at klare forskningsresultater som ville ryddet av veien mange misforståelser, aldri når avisspaltene. Dette medlem savner en mer aktiv rolle fra offentlige myndigheter (som Miljødirektoratet, Fylkesmannen og Statens naturoppsyn (SNO)) når det er en tilspisset debatt i offentligheten om rovdyrspørsmål, gjerne når konkrete situasjoner oppstår.

Dette medlem er kjent med at naturveiledningsdelen av SNO er bortfalt, og at deler av denne oppgaven er overført til de offentlig godkjente rovdyrsentrene. Det er vanskelig å se at disse har instruks eller kapasitet til å bidra aktivt i pågående rovdyrdebatter når situasjoner oppstår. Dette medlem vil påpeke at det er et stort behov for at mediene får saklig, objektiv informasjon bygd på de høyst kompetente og anerkjente forskningsmiljøene i Skandinavia på rovdyras økologi.

Dette medlem vil understreke at god formidling av forskningsresultater om rovdyras vandringsmønster, næringsvalg og farlighet ville senket konfliktnivået i mange tilfeller.