Søk

Sammendrag

I denne proposisjonen foreslår Forsvarsdepartementet naudsynte endringar i forsvarsbudsjettet for 2020 på utgifts- og inntektssida.

Det blir foreslått at 262,5 mill. kroner blir omdisponerte innan budsjettet for å styrke Forsvarets driftseiningar i samband med meirutgifter knytte til covid-19-situasjonen. Meirutgiftene blir foreslått omdisponerte frå reduserte utgifter til reiser og overtid i Forsvaret grunna covid-19.

Det har oppstått utgifter på 166,1 mill. kroner knytte til auka valutakursar. Desse utgiftene er òg dekte innanfor ramma for forsvarsbudsjettet.

Forsvarsdepartementet foreslår vidare å styrke operativ aktivitet i Forsvaret. Det blir foreslått å tilføre Sjøforsvaret 20 mill. kroner knytte til ikkje-planlagde, operative aktivitetar. Luftforsvaret blir foreslått tilført 10 mill. kroner knytte til meirutgifter i samband med vedlikehaldsavtale på maritimt patruljefly P-3 Orion, og Hæren blir foreslått tilført 5,0 mill. kroner som følgje av meirutgifter i samband med nyskaffing av nytt artilleri.

Det blir også foreslått å omdisponere 60 mill. kroner til bygginga av eit treningssenter på Skjold i Troms for allierte styrkar som trener og øver i Noreg.

For å skape best mogleg samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapittel og postar og endringar i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan budsjettet blei vedtatt, blir det lagt fram forslag om endringar i løyvingane til forsvarsbudsjettet for 2020.

På grunn av den komplekse samansettinga av kapitla, med svært variable storleikar, er omgrupperingsproposisjonen eit naudsynt verktøy for å legge til rette for god økonomistyring i forsvarssektoren. Tiltak for å møte endringar i føresetnadene som oppstår i gjennomføringsåret, er såleis handsama, samla og formaliserte på rett måte. Forsvarsdepartementet er opptatt av å halde omfanget av omgrupperingane på eit så lågt nivå som mogleg, samstundes som kravet om realistisk budsjettering blir varetatt.

Totalt utgjer omgrupperinga for 2020 ein foreslått auke i løyvinga til Forsvarsdepartementet på 100,121 mill. kroner. Auken kjem på bakgrunn av ein foreslått auke i løyvinga til inntektene på same beløp.

For ei nærmare omtale av endringane på kapittel- og postnivå blir det vist til proposisjonen.

Grunnlaget for omgrupperinga er vedtatt budsjett for 2020, midlar overførte frå 2019 og seinare endringar gjort av Stortinget. Det er også tatt omsyn til forsvarssektoren sin del av lønskompensasjonen for 2020.