Søk

Sammendrag

Innleiing

Kommunal- og moderniseringsdepartementet gjer i proposisjonen framlegg om auka kostnadsrammer for byggjeprosjektet og brukarutstyrsprosjektet ved Norges miljø- og biovitskaplege universitet og Veterinærinstituttet.

Framlegg til endringar

Kostnadsramma for byggjeprosjektet

Det blir i proposisjonen vist til at Stortinget vedtok nybygg for det nye universitetet på Ås og Veterinærinstituttet i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2013, jf. Prop. 149 S (2012–2013) og Innst. 470 S (2012–2013). Ved handsaminga av Prop. 20 S (2018–2019) Endringer i statsbudsjettet 2018 under Kommunal- og moderniseringsdepartementet, jf. Innst. 118 S (2018–2019) vart indeksjustert kostnadsramme auka med 150 mill. kroner til 7 203,8 mill. kroner i prisnivå per 1. juli 2018. Prosjektet var då planlagt ferdig 1. halvår 2020. Ved handsaminga av Prop. 1 S (2019–2020), jf. Innst. 16 S (2019–2020), vart kostnadsramma auka med 681,7 mill. kroner til 8 015 mill. kroner, i prisnivå per 1. juli 2020. Ved handsaminga av Prop. 1 S (2020–2021), jf. Innst. 16 S (2020–2021), vart kostnadsramma auka med 335 mill. kroner til 8 350 mill. kroner i prisnivå per 1. juli 2021.

Det blir i proposisjonen vist til at pandemien gjer at framdrifta i prosjektet er forseinka. Reglar som avgrensar innreise og krav om auka avstand på byggjeplassar seinkar framdrifta, testinga og dei avsluttande arbeida på byggjeprosjektet. Dette gjer at prosjektet får auka kostnadar. Innflyttinga tok til i desember 2020 og blir avslutta i 2. kvartal 2021. Regjeringa gjer framlegg om å auke kostnadsramma for prosjektet med 150 mill. kroner til 8 500 mill. kroner i prisnivå pr. 1. juli 2021 for å ha naudsynte midlar til å gjere prosjektet ferdig. Regjeringa kjem attende til Stortinget med framlegg til finansiering av dei auka kostnadane i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2021.

Kostnadsramma for brukarutstyrsprosjektet

Det blir i proposisjonen vist til at ved handsaminga av statsbudsjettet for 2015 vedtok Stortinget ei kostnadsramme på 1 080 mill. kroner for brukarutstyr til det nye universitetet på Ås og til Veterinærinstituttet, jf. Prop. 1 S og Innst. 16 S (2014–2015). Indeksjustert kostnadsramme er no 1 220 mill. kroner. Pandemien og reglar som avgrensar innreise gjer leveringa av brukarutstyr forseinka. Montering, testing og klargjering av brukarutstyret er forseinka. Regjeringa gjer difor framlegg om å auke kostnadsramma med 25 mill. kroner til 1 245 mill. kroner. Regjeringa kjem attende til Stortinget med framlegg til finansiering av dei auka kostnadane i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2021.