Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet Dag Terje Andersen, Eva Kristin Hansen og Magne Rommetveit, frå Høgre, Svein Harberg og Bente Stein Mathisen, frå Framstegspartiet, Solveig Horne, frå Senterpartiet, Nils T. Bjørke, frå Sosialistisk Venstreparti, Freddy André Øvstegård, frå Venstre, Terje Breivik, og uavhengig representant Ulf Isak Leirstein, viser til at komiteen i møte 24. november 2020 vedtok å opna sak, jf. Stortingets forretningsorden § 15 første ledd andre punktum, knytt til opninga av oljeleiting i Barentshavet søraust. Bakgrunnen var eit ønske om å undersøkje om Stortinget fekk all relevant informasjon då Stortinget skulle ta avgjerda om opning av oljeleiting i Barentshavet søraust. Komiteen viser til at saka vart aktualisert gjennom opplysingar i media som vart kjende i samband med plenumsbehandling i Høgsterett i sak om 23. konsesjonsrunde og Grunnlova § 112.

Komiteen viser til at det vart halde høyring i saka 15. februar 2021. Komiteen understrekar at målet med høyringa var å få avklart om Stortinget hadde all relevant informasjon då det vart opna for oljeaktivitet i Barentshavet søraust i 2013, eller om noko vart halde tilbake. Høyringa hadde òg som mål å avdekke kva som er praksis i slike saker i departementet.

Komiteen viser til følgjande problemstillingar høyringa skulle omhandla, men ikkje vart avgrensa til:

  • 1. Har lovverk og regelverk for forvaltninga og informasjonsplikta til Stortinget vorte overhaldne i denne saka?

  • 2. Kvifor vart vurderinga av mogleg negativ forventa lønnsemd ikkje lagd fram for Stortinget før avgjerd om opning av Barentshavet søraust for petroleumsverksemd?

  • 3. Kven kjente til vurderinga i forkant av at saka vart lagd fram for Stortinget (direktorat og/eller departement)?

  • 4. Kva vurderingar låg til grunn for at informasjonen ikkje vart lagd fram for Stortinget før avgjerd?

  • 5. Er informasjonen som ikkje vart lagd fram for Stortinget, av ein slik karakter at det er grunn til å tru at Stortinget ville vurdert saka annleis?

  • 6. Kva visste dåverande statsråd om rapporten og skjebnen til rapporten?

  • 7. Er denne måten å handtere informasjon til Stortinget ved avgjerd om opning av oljefelt eit eingongstilfelle eller eit mønster?

  • 8. Er denne saka berre ei av fleire saker der departementet påverkar verdivurderingane i direktoratet før dei vert lagde fram for politisk leiing/behandling?

Komiteen merkar seg at fem av dei inviterte frå byråkratiet i Oljedirektoratet takka nei til å delta på høyringa. Komiteen understrekar at det var frivillig for desse å delta. Komiteen påpeikar likevel at deltaking frå byråkratiet på lågare nivå enn toppleiinga i denne saka kunne bidrege til å nyansere og svare på spørsmåla komiteen ønskte svar på endå betre. Komiteen understrekar difor at vi leverer innstillinga på det som truleg er eit avgrensa avgjerdsgrunnlag.

Komiteen understrekar at saka ikkje omhandlar i kva grad det var rett eller gale at ein vedtok opning av Barentshavet søraust for oljeleiting.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidartpartiet, Høgre, Framstegspartiet, Senterpartiet, Venstre, og uavhengig representant,viser til at det heller ikkje kom fram noko form for opplysingar som tilseier at informasjon, ut over det som vart lagt fram, ville ha endra utfallet for Stortingets avgjerd i saka.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti understreker at det kontrafaktiske spørsmålet om hvorvidt Stortinget ville ha fattet en annen beslutning dersom opplysningene om nåverdiutregning hadde vært kjent, er vanskelig å si noe sikkert om i ettertid. Dette medlem kan bare vise til hva stortingsrepresentanter og statsråder fra den tiden har uttalt, om at dette ville vært viktige argumenter i de diskusjonene som foregikk den gang. Dette medlem mener at det derimot er grunn til å uttrykke kritikk mot at Stortinget ble informert om mulige verdier i området på 50–200 mrd. kroner, uten at departementet oppga at anslaget ikke var regnet om til nåverdi. Uttrykket som ble brukt i stortingsmeldingen, var nettoverdi, og det offentlige tallgrunnlaget ga heller ikke anledning for å selv regne ut nåverdi, samtidig som det faktisk fantes en nåverdiutregning som ga et vesentlig mer edruelig anslag, uten at dette ble informert om. Dette medlem peker på at nåverdiutregningen viste en 25 pst. sannsynlighet for netto negativ verdi, og mener dette er vesentlig informasjon for Stortingets behandling.

Komiteen viser til tidlegare ressursdirektør i Oljedirektoratet, Rolf Wiborg, sitt skriftlege innspel til høyringa, motteke 10. februar 2021, og merkar seg at han meiner Stortinget ved fleire høve burde fått mykje meir utfyllande informasjon når avgjerder skal takast. Komiteen merkar seg òg at Wiborg påpeikar at han opplevde at Olje- og energidepartementet aktivt gjekk inn og styrte dei faglege prosessane i Oljedirektoratet i si tid som tilsett i direktoratet, og at dette skjedde på ulike nivå i departementet.

Komiteen merkar seg at tidlegare statsråd Åslaug Haga var varsam med å vere konkret, ut over å slå fast at i hennar tid som statsråd hadde departementet avgrensa kompetanse på fornybar energi, og at det var olje og gass som hadde størst fokus. Noko ho forklarte med at fornybar energi etter måten var eit nytt ansvarsområde, og at embetsverket kanskje ikkje var førebudde på ein statsråd som prioriterte det såpass høgt.

Komiteenviser til høyringa med noverande og tidlegare direktør i Oljedirektoratet, og at desse påpeikar at Oljedirektoratet er eit fagdirektorat med ansvar for å formidla fakta og kunnskap om petroleumsverksemda til samfunnet. OD er eit direktorat med få fullmakter til å treffa eigne vedtak, i motsetning til til dømes Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), som mellom anna fattar vedtak knytte til konsesjonar.

Komiteen merkar seg at Olje- og energidepartementet var kjent med den faglege diskusjonen knytt til i kva grad verdivurderinga skulle inkluderast i den planlagde ressursrapporten. Verdivurderinga var klar kort tid før konsekvensutgreiinga for opning av Barentshavet søraust vart trykt og send på høyring. Komiteen merkar seg at notatet med utrekninga, som ikkje vart lagt fram for Stortinget, var klart i mars 2013, medan stortingsmeldinga om opninga av Barentshavet søraust vart behandla i juni same år. Komiteenmerkar seg at utrekninga ikkje var tenkt som ein del av konsekvensutgreiinga for Barentshavet søraust, men viser samtidig til at det ikkje er uvanleg praksis at Stortinget får ettersendt informasjon i enkelte saker der det er relevant.

Komiteen viser til høyringa, der det kjem fram at dialogen mellom Olje- og energidepartementet og Oljedirektoratet normalt sett ikkje føregår på same måte som under den interne behandlinga av konsekvensutgreiinga, og at toppleiinga i direktoratet ikkje er kjent med at intern dialog og saksbehandling har føregått på same måte i etterkant av dette.

Komiteen merkar seg at ansvarleg statsråd i 2013, Ola Borten Moe, meiner Stortinget fekk all relevant informasjon i forkant av opninga av Barentshavet søraust. Han var ikkje kjent med noverdiutrekninga som viste at Barentshavet søraust kunne vera eit tapsprosjekt, men understrekar at utrekninga ikkje la til informasjon som ville endra utfallet av behandlinga av saka. Komiteen viser til at Borten Moe meiner det ville vore mest ryddig å utelate alle verdioverslag i konsekvensutgreiinga om opning av Barentshavet søraust, sidan det er stor uvisse knytt til anslaga. Komiteen merkar seg at Borten Moe opplevde informasjonsflyten som god i OED under si tid som statsråd.

Komiteen merkar seg at høyringa ikkje gav noko klart svar på kvifor OED gav beskjed til OD om at dei nye vurderingane ikkje burde inkluderast i den offentlege ressursrapporten eller verte sende til Stortinget. Komiteen merkar seg òg at representanten frå leiinga i OED som deltok på høyringa, valde å ikkje svare på direkte spørsmål om det er vanleg praksis at OED ber OD endre faglege dokument og innhaldet i desse.

Komiteen merkar seg at Høgsterett konkluderte med at det ikkje vart gjort saksbehandlingsfeil i samband med opningsprosessen for Barentshavet søraust. Komiteen påpeikar at Høgsterett samrøystes slår fast at presentasjonen av verdiutrekningane knytte til opninga av Barentshavet søraust først og fremst er ei pedagogisk vurdering, men at dei slår fast at det ikkje kom fram eksplisitt i alle dokumenta at tala var gitt opp i samtida sin kroneverdi, ikkje i netto noverdi.

Komiteen påpeikar at Noreg er eit lite land, med relativt små fagmiljø der tilsette gjerne byter roller på tvers av ulike forvaltningsnivå og private selskap. Det er ikkje unikt i norsk samanheng, men det krev at ein er bevisst dette og at det stiller store krav til openheit når det gjeld roller og potensielle rollekonfliktar. Dette gjeld òg forvaltinga og det private næringslivet knytt til oljenæringa.

Komiteen har registrert under arbeidet med denne saka at fleire hevdar det kan vera problematisk at statens eigarskap i Equinor i dag tilhøyrer Olje- og energidepartementet, samstundes som OED òg har ansvar for å regulera olje- og energibransjen, velja ut kva oljeselskap som skal få bora på ulike felt, og kven som skal få vera operatør på dei ulike stadene. Komiteen påpeikar at dette kan by på rollekonfliktar, og i alle fall unødvendig mistanke om at det kan by på rollekonfliktar. I tillegg er Equinor i dag det einaste selskapet som er notert på Oslo Børs, som vert forvalta av OED. Resten av selskapa staten er eigar i, som er noterte på Oslo Børs, vert forvalta av Nærings- og fiskeridepartementet. Komiteen meiner det er naturleg at regjeringa vurderer om eigarskapsforvaltinga for alle børsnoterte selskap skal leggjast inn under eigarskapavdelinga i Nærings- og fiskeridepartementet, både for å unngå potensielle rollekonfliktar og for å samla eigarskapet der kompetansen på dette er størst.