Søk

Innhold

6. Boligsparing for ungdom

Sammendrag

Regjeringa vil opne for at middel på konto for bustadsparing for ungdom (BSU) òg kan brukast til å koste på og vedlikehalde eigen bustad.

Etter gjeldande reglar kan BSU-middel berre brukast til å dekkje kostnadar til å skaffe seg eigen bustad og betale ned bustadlån. Etter praksis kan midla likevel òg brukast til å dekkje kostnadar til å føre opp garasje og tilbygg innan fem år etter ervervet av bustaden.

Departementet ser ingen god grunn til å skilje mellom slike kostnadar og andre kostnadar til heving av standarden (påkostingar) på og vedlikehald av bustad. I tillegg inneber reglane som gjeld frå 2021 at dei som allereie eig bustad, ikkje lenger har rett til skattefrådrag for sparing på BSU-konto. Det er då mindre grunn til å avskjere at BSU-midla vert brukte til påkostingar på og vedlikehald av bustaden. I einskilde tilfelle vil ein redusere høvet til i det heile å få brukt BSU-midla, viss ein ikkje tillèt at dei vert brukte til påkosting og vedlikehald.

Det er lagt til grunn at den foreslåtte endringa ikkje vil gje vesentlege provenyverknader, og endringa vil ikkje ha vesentlege administrative konsekvensar.

Departementet syner til framlegg til endringar i skatteloven § 16-10. Endringa skal ta til å gjelde straks med verknad frå inntektsåret 2021.

Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens lovforslag.