Søk

Innhold

4. Minstefradrag i pensjonsinntekt

Sammendrag

Regjeringa ynskjer at pensjonistar som har minstenivået i alderspensjonen for einslege og ikkje har andre inntekter, ikkje skal betale skatt. For at dette framleis skal vere tilfellet i 2021 etter at minste pensjonsnivå er auka, må skattereglane for pensjon justerast. Regjeringa foreslår difor å auke satsen for minstefrådraget i pensjonsinntekt frå 32 til 37 pst.

I forliket om 2021-budsjettet vart det semje om å auke minste pensjonsnivå for einslege med 5 000 kroner frå 1. juli 2021. Det vart og semje om å regulere alderspensjonen i folketrygda høgare for alle i 2021, ved at alderspensjonen skal regulerast med gjennomsnittet av pris- og lønsvekst, men ikkje høgare enn lønsvekst. Vidare vart det i samband med nysalderinga av 2020-budsjettet semje om ei eingongsutbetaling på 4 000 kroner i 2021 til dei som var einslege minstepensjonistar i 2020. Dette var ikkje meint å ha varig verknad på pensjonsnivået, men ved behandlinga av Dokument 8:53 S (2020–2021) oppmoda Stortinget regjeringa om at beløpet vert vidareført som ein permanent auke, med verknad frå 1. januar 2021 (vedtak 620). Regjeringa vart òg beden om å leggje inn ein kompensasjon i trygdeoppgjeret for 2021 for at trygdeoppgjeret i 2020 vart gjennomført med utgangspunkt i dagens modell for regulering av alderspensjon, og ikkje med gjennomsnittet av løns- og prisvekst (vedtak 619).

Arbeids- og sosialdepartementet har i Prop. 126 S (2020–2021) gjort greie for regjeringa si planlagde oppfølging og lagt fram forslag om tilhøyrande løyvingar på utgiftssida. Desse fem vedtaka om auka pensjon inneber i sum at pensjonsskattereglane for 2021 må justerast dersom minstenivået i alderspensjonen for einslege framleis skal vere skattefritt i 2021. Det er i proposisjonen omtalt at skattereglane for pensjon vil verte vurderte i revidert nasjonalbudsjett 2021 med sikte på at minstenivået framleis skal vere skattefritt.

Skattereglane for pensjonsinntekt er tilpassa slik at pensjonistar med minstenivået i alderspensjonen for einslege ikkje skal betale inntektsskatt dersom pensjonen er den einaste inntekta. For å oppnå dette, vert skatten fastsett på ordinær måte, med mellom anna personfrådrag og minstefrådrag, og deretter redusert med eit særskilt skattefrådrag for pensjonistar. Skattefrådraget vert trappa ned med pensjonsinntekta, i to trinn med ulike satsar.

Minstefrådrag vert gjeve i løns-, trygde- og pensjonsinntekt når alminneleg inntekt skal fastsetjast. Frå og med 2005 har det vore eit eige minstefrådrag i pensjonsinntekt. Det utgjer 32 pst. av pensjonsinntekta, med eit maksimalt nivå på 88 700 kroner. Minstefrådraget påverkar innslagspunktet for å betale skatt av pensjon. Etter gjeldande skattereglar er innslagspunktet for å betale skatt av pensjonsinntekt om lag 212 500 kroner.

For å syte for at minstenivået i alderspensjon for einslege vert verande skattefritt, foreslår regjeringa å auke satsen i minstefrådraget i pensjonsinntekt frå 32 pst. til 37 pst. Det vil auke innslagspunktet for å betale skatt av pensjon til om lag 218 700 kroner.

Framlegget vil redusere provenyet med om lag 315 mill. kroner påløpt og 160 mill. kroner bokført i 2021. Departementet legg til grunn at endringa vil ha avgrensa administrative følgjer.

Departementet syner til framlegg til endringar i skatteloven § 6-32 fyrste ledd bokstav b. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2021.

Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens lovforslag.