Søk

Innhold

5. Merverdiavgiftsplikt for akupunktur, naprapati og osteopati

Sammendrag

Frå 1. januar 2021 vart det innført plikt til å svare meirverdiavgift for omsetjing og formidling av alternativ behandling. For omsetjing og formidling av naprapati og osteopati vart det, i tråd med framlegget om lovendringar i Prop. 1 LS (2020–2021) Skatter, avgifter og toll 2021 punkt 9.2, vedteke utsett iverksetjing av endringa til 1. juli 2021. Bakgrunnen for utsetjinga var eit ynskje om å sjå an Helse- og omsorgsdepartementet si vurdering av om naprapatar og osteopatar skal få autorisasjon etter helsepersonelloven § 48 fyrste ledd. Omsetjing og formidling av helsetenester av autorisert helsepersonell er halde utanfor merverdiavgiftsloven. Eventuell autorisasjon av naprapatar og osteopatar krev endringar i helsepersonelloven. Ved behandlinga av lovframlegget om meirverdiavgift på omsetjing og formidling av alternativ behandling vedtok Stortinget òg å utsetje iverksetjing av lovendringa for akupunktur fram til 1. oktober 2021.

Helse- og omsorgsdepartementet sende 26. mars 2021 på høyring eit framlegg om å autorisere naprapatar og osteopatar etter helsepersonelloven.

Ei eventuell lovendring for akupunktørar, naprapatar og osteopatar vil ikkje kunne verte vedteken innan 1. juli 2021. Regjeringa foreslår difor at unntaket frå meirverdiavgift for akupunktur, naprapati og osteopati vert vidareført fram til 1. januar 2022. Av di det vart lagt opp til at naprapati og osteopati inntil vidare ikkje vert omfatta av avgiftsplikta, vart det ikkje budsjettert med proveny frå omsetjing og formidling av naprapati og osteopati for 2021. Vidareføring av unntaket fram til 1. januar 2022 har difor ikkje provenyverknad for 2021. Provenytapet av å forlengje unntaket for akupunktur til 1. januar 2022 er anslått til om lag 9 mill. kroner påløpt og 4 mill. kroner bokført i 2021.

Departementet syner til framlegg til endring i romartal II i lov 21. desember 2020 nr. 168 om endringer i merverdiavgiftsloven. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens lovforslag.

Komiteens medlemmer fra Senterpartiet påpeker at Senterpartiet var imot innføring av merverdiavgift på alternativ behandling ved behandlingen av statsbudsjettet for 2021, og viser til Senterpartiets merknader til helsebudsjettet, Innst. 11 S (2020–2021), og forslag fremmet ved behandling av Innst. 2 S (2020–2021).

Disse medlemmer påpeker at regjeringens forslag om å innføre merverdiavgift på alternativ behandling var omstridt, og at mange høringsinnspill til statsbudsjettet for 2021 hadde sterke motforestillinger mot endringen. Disse medlemmer mener forslaget var mangelfullt utredet, og at endringen derfor burde vært utsatt til det var gjennomført en grundig og helhetlig vurdering av lov om alternativ behandling med tilhørende forskrifter inkludert registerordningen.

Komiteens medlem fra Miljøpartiet De Grønne viser til at Miljøpartiet De Grønne var imot å innføre full merverdiavgift på alternativ behandling. Miljøpartiet De Grønne foreslo å redusere fra full merverdiavgift til lav sats på 6 pst. fordi dette er virksomheter som har lite miljømessig fotavtrykk, og som kan være viktig for enkelmenneskers trivsel. Dette medlem fremmet også et forslag om å avvente å innføre mva på alternativ behandling for personellgrupper som ventet på å få behandlet søknad om autorisasjon etter helsepersonelloven til et eventuelt avslag var gitt.