Søk

Sammendrag

I proposisjonen legg Barne- og familiedepartementet fram forslag til ny lov om Opplysningsvesenets fond. Føremålet med lova er å legge det rettslege grunnlaget for å dele fondet sine verdiar og gi eigedomsretten til Den norske kyrkja og staten.

Opplysningsvesenets fond blei danna ved lov i 1821. Fondet har ei rettsleg sjølvstendig stilling (eige rettssubjekt) og er eigar av den formuesmassen som Grunnlova § 116 nemner som «det benefiserte godset til presteskapet». Eigedomsretten til fondet har vore omdiskutert i mange år.

Departementet fann det rett å leggje spørsmålet om eigedomsretten fram for Stortinget til avgjerd og føreslo at verdiane i fondet skulle delast mellom staten og Den norske kyrkja, noko Stortinget slutta seg til, jf. Meld. St. 29 (2018–2019) og Innst. 209 S (2019–2020) frå familie- og kulturkomiteen. Ei slik deling vil ikkje kunne la seg gjere med heimel i den gjeldande lova, der det heiter at eigedommar og kapitalen i fondet ikkje kan givast bort. Lovforslaget skal derfor gjere det mogleg å dele fondet og setje vilkår for delinga både for staten og Den norske kyrkja, innanfor dei vilkåra som går fram av Grunnlova § 116 fyrste punktum, der det heiter at «Kjøpesummar og inntekter av det benefiserte godset til presteskapet skal berre nyttast til gagn for presteskapet og til å fremje opplysinga.»

Opplysningsvesenets fond er sett saman av mange ulike eigedelar. Det blir gjort greie for desse i proposisjonen.

Lovforslaget gir høve til at Den norske kyrkja, utan vederlag, får overført eigedommar og andre eigedelar som har særskilt verdi for kyrkja frå fondet, og blir eigar av desse. Staten blir eigar av dei andre verdiane i fondet. På denne måten blir det rettslege grunnlaget for deling lagt og spørsmålet om eigedomsretten av fondet løyst.

Det blir sett fleire vilkår for at Den norske kyrkja kan overta verdiar frå Opplysningsvesenets fond. Som nemnt skal eigedommane og eigedelane ha særskilt verdi for kyrkja, men Den norske kyrkja kan ikkje overta eigedelar som gir ho ein økonomisk vinst til fordel for si allmenne verksemd. Verdiane Den norske kyrkja vil overta, er i hovudsak prestebustader som er nytta som rekrutteringsbustader for prestar der det ikkje er ein velfungerande bustadmarknad, samt tilskot til å dekkje vedlikehaldsetterslep og driftskostnader knytte til eigedommane kyrkja overtek. Etter gravplasslova § 1 fjerde ledd og trussamfunnslova § 15 fyrste punktum er sokna eigar av gravplassar og kyrkjegrunn. Gravplassar og kyrkjegrunn som Opplysningsvesenets fond eig, kan overførast direkte til vedkommande sokn.

Departementet går inn for at det som hovudregel ikkje blir gitt eigne tilskot frå fondet til Den norske kyrkja i framtida. Dei fordelane som Den norske kyrkja i dag har av fondet, vil etter lovforslaget i all hovudsak falle bort.

Opplysningsvesenets fond har til no hatt ansvaret for å stille bustad til prest til disposisjon. Etter delinga av fondet og overføring av mange prestebustader til kyrkja vil ikkje fondet ha denne oppgåva meir. Likevel er det slik at nokre prestar har avtale om burett knytt til den prestebustaden han eller ho bur i. Det var ein avtale som blei inngått i samband med at buplikta for prestar blei oppheva i 2015, der hovudpunktet er at husleiga er fastsett med utgangspunkt slik ho var når det var buplikt og er soleis lågare enn marknadsleige. Det er Opplysningsvesenets fond som har dekt denne differansen. Desse avtalane vil ikkje falle bort som følgje av delinga av fondet, men fell fyrst bort når leigetilhøva med den einskilde prest blir avslutta. Slik blir ordninga avvikla etterkvart.

Av lovforslaget går det fram at Opplysningsvesenets fond blir eit statleg fond frå 1. januar 2023. Då skal også overføringane til Den norske kyrkja vere bestemt, sjølv om ikkje alle eigedommane faktisk er overførte innan denne datoen. Kyrkja blir eigar av dei overførte verdiane utan andre vilkår enn det som går fram av anna lovgiving. Staten sin eigedomsrett vil vere avgrensa av vilkåra i Grunnlova § 116.

I dag blir fondet forvalta av Kongen. Dette blir ført vidare også etter 1. januar 2023. Det er Kongen som fastset korleis fondet skal organiserast og forvaltast, men likevel innanfor ramma av at grunnkapitalen ikkje kan givast bort eller brukast opp og må haldast rettsleg skildt frå annan formue staten forvaltar. Dette er den mangeårige rettsstillinga til fondet og har si forankring i Grunnlova § 116. Når det gjeld overskotet i fondet, er det Kongen som avgjer korleis det skal nyttast, men då innanfor dei føremåla som går fram av Grunnlova.

Vilkåret for ei deling av fondet mellom staten og Den norske kyrkja er at staten skal auke sin innsats for sikring av dei kulturhistorisk viktige kyrkjebygga i eit omfang som svarer til verdien av fondet på det tidspunktet fondet blir regulert som eit statleg fond. Verdien av fondet per 1. januar 2023 vil vere referansen for den statlege innsatsen.

Departementet understrekar at denne innsatsen ikkje rører ved kommunane sitt ansvar for istandsetjing og vedlikehald av kyrkjene, men skal komme i tillegg.

Dei økonomiske og administrative konsekvensane av lovforslaget for fondet, Den norske Kyrkja og for staten er gjort greie for i proposisjonen.

Proposisjonen inneheld også eit lovforslag for å rette opp ein inkurie i lov 7. juni 1996 nr. 32 om gravplasser, kremasjon og gravferd.