Innstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Endringar i statsbudsjettet 2022 under Helse- og omsorgsdepartementet (som følgje av endra takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar)

Søk
Til Stortinget

Sammendrag

Helse- og omsorgsdepartementet gjer framlegg om at departementet får fullmakt til å gjere endringar i basistilskot, driftstilskot og folketrygdrefusjonar for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi frå 1. juli 2022. Endringane for legehjelp og psykologhjelp vert gjorde på grunnlag av forhandlingar med Den norske legeforening og Norsk Psykologforening. Endringane for fysioterapi vert gjorde på grunnlag av forhandlingar med dei tre fysioterapeutorganisasjonane Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund. Endringar i refusjonstakstane blir fastsette i forskrifter. Forhandlingane med dei nemnde organisasjonane er enno ikkje avslutta.

Regjeringa vil kome attende til Stortinget med framlegg om eventuelle løyvingsendringar.

Basistilskot, driftstilskot og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar vert fastsette for perioden 1. juli til 30. juni påfølgjande år.

Tingingane med Den norske legeforening og staten, KS og dei regionale helseføretaka om basistilskot, driftstilskot og takstar for tidsrommet 1. juli 2022–30. juni 2023 tok til 20. mai 2022. Tingingane mellom fysioterapeutorganisasjonane og staten og KS om driftstilskot og takstar starta 25. mai. Tingingane om driftstilskot og takstar mellom Norsk Psykologforening og staten og dei regionale føretaka starta 20. mai. Ingen av desse forhandlingane er avslutta. Partane held fram tingingane med sikte på å nå fram til avtalar i løpet av juni.

Spørsmålet om eventuelle endringar i utgiftene til kommunar, regionale helseføretak og folketrygda frå 1. juli 2022 på bakgrunn av forhandlingane med Den norske legeforening, Norsk Psykologforening og fysioterapeutorganisasjonane kan ikkje leggjast fram for Stortinget til handsaming i vårsesjonen. Regjeringa gjer difor framlegg om at det blir gitt fullmakt til å gjere endringar i budsjetta til dei regionale helseføretaka, trygderefusjonane og løyvingane til kommunane som følgje av forhandlingane, samt endra forskrifter. Løyvingssakene vil bli lagde fram for Stortinget seinare.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Tove Elise Madland, Cecilie Myrseth, Even A. Røed og Truls Vasvik, fra Høyre, Sandra Bruflot, Erlend Svardal Bøe og lederen Tone Wilhelmsen Trøen, fra Senterpartiet, Lisa Marie Ness Klungland og Hans Inge Myrvold, fra Fremskrittspartiet, Bård Hoksrud og Morten Wold, fra Sosialistisk Venstreparti, Marian Hussein, fra Rødt, Seher Aydar, fra Kristelig Folkeparti, Olaug Vervik Bollestad, og fra Pasientfokus, Irene Ojala, viser til proposisjonen og slutter seg til at departementet får fullmakt til å gjøre endringer i statsbudsjettet under Helse- og omsorgsdepartementet for 2022 som følge av endrede takster for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi fra 1. juli 2022.

Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

Stortinget samtykker i at Helse- og omsorgsdepartementet får fullmakt til å gjere endringar i løyvingane til dei regionale helseføretaka, kommunane og trygderefusjonane for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi frå 1. juli 2022. Endringane vil bli gjorde på bakgrunn av forhandlingane med Den norske legeforening og Norsk Psykologforening og Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund.

Oslo, i helse- og omsorgskomiteen, den 10. juni 2022

Tone Wilhelmsen Trøen

leder og ordfører