Søk

Sammendrag

Nærings- og fiskeridepartementet legg i denne lovproposisjonen fram forslag til endringar i lov 6. juni 2008 nr. 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova), lov 26. mars 1999 nr. 15 om retten til å delta i fiske og fangst (deltakarlova) og lov 28. juni 1957 nr. 12 om pensjonstrygd for fiskere (fiskarpensjonslova).

Endringane gjeld administrativ inndraging etter havressurslova § 54 og tilgang på opplysningar frå Folkeregisteret. Sistnemnde er ei teknisk oppfølging av folkeregisterlova, lov 9. desember 2016 nr. 88 om folkeregistrering. I tillegg gjeld endringa ei oppheving av fiskarpensjonslova § 4 fjerde ledd.

Dei foreslåtte endringane som gjeld administrativ inndraging, inneber at det vert teke inn ein heimel i havressurslova § 54 for departementet til å fastsetje i forskrift nærmare føresegner om lovbrot som fører til administrativ inndraging av fangst etter § 54 første ledd første punktum. Lovforslaget opnar for at departementet kan tydeleggjere i forskrift kva lovbrot som fører til administrativ inndraging etter havressurslova § 54 første ledd første punktum. I tillegg opnar lovforslaget for at departementet kan fastsetje i forskrift at enkelte lovbrot som i dag fører til administrativ inndraging etter § 54 første ledd første punktum, ikkje lenger skal gjere det.

Lovforslaget som gjeld havressurslova § 54, har to hovudformål. For det første skal det gjera situasjonen meir føreseieleg for aktørane, ved at ein i forskrift kan tydeleggjere kva for lovbrot som medfører administrativ inndraging. For det andre vil lovforslaget gje forvaltninga større fleksibilitet i val av reaksjonsform, ved at det blir mogleg å fastsetje nærmare føresegner i forskrift om når ein skal la vere å bruke administrativ inndraging i sakstypar der slik inndraging framstår som unødvendig tyngande.

I tillegg vert havressurslova og deltakarlova foreslått endra slik at Fiskeridirektoratet får heimel i lov til framleis å kunne hente opplysningar frå Folkeregisteret utan hinder av teieplikt når det er naudsynt for utøving av oppgåver etter lovene, jf. folkeregisterlova 2016 § 10-2. Dei foreslåtte lovendringane inneber ei vidareføring av rettstilstanden etter lov 16. januar 1970 nr. 1 om folkeregistrering.

Fiskeri- og havministeren har i brev 9. februar 2023 til Stortingets presidentskap oversendt tilleggsinformasjon om bakgrunnen for den delen av lovforslaget som gjeld endringar i fiskarpensjonslova § 4 fjerde ledd, ut over det som står i proposisjonen. Forslag om endringar i fiskarpensjonslova § 4 fjerde ledd går verken fram av proposisjonens kap. 7 Merknadar til dei enkelte føresegnene, eller sjølve lovforslaget på side 14 i proposisjonen. Statsrådens brev er lagd ved innstillinga. Ein viser til komiteens merknadar og forslag om å oppheve fiskarpensjonslova § 4 fjerde ledd nedanfor, og til sjølve lovforslaget i denne innstillinga.

Gjeldande rett er omtala i kapittel 3 i proposisjonen.

Behovet for lovendring

Bakgrunnen for at departementet fremmar lovforslag om endring av havressurslova § 54 er at departementet har sett at det er behov for å tydeleggjere kva lovbrot som fell innunder havressurslova § 54 og kva lovbrot som ikkje gjer det. I tillegg har departementet sett at enkelte typar lovbrot som i dag vert omfatta av havressurslova § 54, kan leie til inndraging som i enkelte tilfelle kan framstå som unødvendig tyngande.

Departementet har særleg sett behov for å sjå nærmare på om det bør gjerast unntak frå administrativ inndraging for enkelte føresegner som har preg av å vere formalbrot. Det kan i enkelte tilfelle framstå som unødvendig tyngande at fangstverdien vert inndregen dersom lovbrotet er knytt til enkelte slike føresegner.

Departementet vurderer det difor som formålstenleg å ta inn ei endring i havressurslova § 54 andre ledd som gjev heimel til å fastsetje nærmare føresegner i forskrift om kva lovbrot som fører til administrativ inndraging, og kva lovbrot som er unnatekne frå administrativ inndraging.

Bakgrunnen for lovforslaget om tilgang på opplysningar frå Folkeregisteret er at folkeregisterlova 2016 § 10-2 stiller krav om at heimel for utlevering av opplysningar frå Folkeregisteret som er omfatta av teieplikt, må følgje av regelverket som gjeld for dei ulike saksområda. Skal Fiskeridirektoratet framleis ha tilgang til opplysningane, må heimelen såleis stå i dei enkelte lovene.

Administrative og økonomiske konsekvensar

Lovforslaget som gjeld havressurslova § 54, vil medverke til meir føreseielege tilhøve for aktørane, ved at departementet i forskrift kan avklare kva for lovbrot som medfører og ikkje medfører administrativ inndraging av fangst.

Ved at det vert opna for unntak frå kva føresegner som skal vere omfatta av havressurslova § 54 første ledd, vil næringa få nokre færre inndragingssaker mot seg samanlikna med dagens rettstilstand, og ein vil i større grad kunne unngå inndraging av fangst ved formalfeil når dette framstår som unødvendig tyngande.

Forslaget legg vidare til rette for mindre ressursbruk i fiskeriforvaltninga og hjå næringsaktørane, ved at det i framtida kan bli nokre færre inndragingssaker samanlikna med i dag. Innsparinga vil likevel vere avgrensa i og med at ein ønskjer å vidareføre inndraging som reaksjon ved dei aller fleste lovbrot.

Endringane som gjeld tilgang på opplysningar frå Folkeregisteret, fører vidare rettstilstanden etter folkeregisterlova 1970. Det vert lagt til grunn at Fiskeridirektoratet kan nytte etablerte grensesnitt for deling av opplysningar mellom Skatteetaten og Fiskeridirektoratet. Forslaget vil difor ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar.

Endringa som gjeld oppheving av fiskarpensjonslova § 4 fjerde ledd, inneber ingen administrative og økonomiske kostnader, då innhaldet i føresegna ikkje lenger er aktuelt i praksis.