Avtale mellom Noreg og Den europeiske union
(EU) om administrativt samarbeid, nedkjemping av svik og innkrevjing
av krav på meirverdiavgiftsområdet vart underteikna 6. februar 2018
og tok til å gjelde 1. september 2018. Målsettinga med avtalen er
å ha eit rammeverk for gjensidig bistand i kampen mot grensekryssande
meirverdiavgiftssvindel og ved innkrevjing av meirverdiavgift på
tvers av landegrensene. Avtalen har fungert godt og er eit effektivt
middel for dei norske skattestyresmaktene.
Den 2. oktober 2024 vart det i Brussel underteikna ein
avtale om endring av avtalen om administrativt samarbeid på meirverdiavgiftsområdet.
Sidan avtalen vart inngått i 2018, har EU-statane
vidareutvikla samarbeidet sitt for å kunne nedkjempe grensekryssande
meirverdiavgiftssvindel på ein meir effektiv måte. Hovudmålsettinga
med endringsavtalen er å få nokre av dei nye samarbeidsverktøya
som EU-statane no nyttar, inn i avtalen. Eitt av dei nye samarbeidsverktøya
er teke inn som ein del av samarbeidet i Eurofisc-nettverket. Dette
gjeld koordinerte administrative under-søkingar (såkalla «follow-up
actions»). Eurofisc-nettverket har deltakarar frå skatteadministrasjonane
i EU-statane. Noreg deltek her gjennom avtalen frå 2018. I Eurofisc-nettverket
vert målretta opplysningar utveksla på ulike risikoområde for meirverdi-avgifta,
og som oppfylging av dette kan ein gjennomføre koordinerte administrative
undersøkingar i respektive land. Endringsavtalen er viktig for Noreg
for å sikre at våre kontaktpersonar i Eurofisc òg kan delta i slike
koordinerte administrative undersøkingar på bakgrunn av risikoanalysar
som vert gjort i nettverket. Endringsavtalen sikrar vidare at norske
skattestyresmakter kan delta ved sams kontroll av ei verksemd i
ein annan stat på same vilkår som gjeld for skattestyresmakter frå
EU-statane, med tilgang til lokale, dokument og dialog med den næringsdrivande.
Avtalen er inngått med heimel i lov 28. juli
1949 (dobbeltbeskatningsavtaleloven) § 1 nr. 2 og nr. 3, og er ikkje
ein del av EØS-avtalen.
Avtalen er inngått på norsk og alle dei offisielle
språka til medlemsstatane i EU. Som vedlegg til proposisjonen følgjer
avtalen på norsk og engelsk.
Generelle merknader og merknader til dei enkelte artiklane
er omtala i kapittel 2 og 3 i proposisjonen.
Dokumenta i saka er tilgjengelege
på sakssida på stortinget.no.