Søk

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Eigil Knutsen, leiaren Tuva Moflag, Tellef Inge Mørland, Bjørnar Skjæran, Maria Aasen-Svensrud og Rigmor Aasrud, frå Høgre, Tina Bru, Mahmoud Farahmand, Heidi Nordby Lunde og Helge Orten, frå Senterpartiet, Emilie Mehl, Ole André Myhrvold og Geir Pollestad, frå Framstegspartiet, Hans Andreas Limi og Roy Steffensen, frå Sosialistisk Venstreparti, Andreas Sjalg Unneland, frå Raudt, Marie Sneve Martinussen, frå Venstre, Sveinung Rotevatn, frå Miljøpartiet Dei Grøne, Sigrid Zurbuchen Heiberg, og frå Kristeleg Folkeparti, Kjell Ingolf Ropstad, syner til at Noreg frå 2018 har hatt eit administrativt samarbeid med EU på meirverdiavgiftsområdet, med føremål om å betre innkrevjinga av krav og nedkjempe svik knytt til meirverdiavgifta. Den 2. oktober 2024 vart det underteikna ein avtale om endring av denne samarbeidsavtalen. Dette vart gjort for å styrke arbeidet på feltet, blant anna gjennom å inkludere nye samarbeidsverktøy som til dømes vert nytta i Eurofisc-nettverket. Gjennom endringsavtalen legg ein til rette for at norske skattestyresmakter kan delta i ein felles kontroll av ei verksemd i eit anna land på lik line med EU-statane. Komiteen syner til at endringsavtalen vil gje eit meir effektivt samarbeid på feltet og slik bidreg til å sikre meirverdiavgiftsinntekter til staten. Komiteen stiller seg på dette grunnlaget bak innhaldet i proposisjonen.