Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Stortinget ber regjeringa arbeida for ein internasjonal juridisk bindande avtale som regulerer autonomi i våpen og sikrar meiningsfull menneskeleg kontroll.
Stortinget ber regjeringa forsterka norske mineryddingsprogram.
Stortinget ber regjeringa arbeida for eit internasjonalt forbod mot bruk av upresise eksplosive våpen i byar og tettbygde strøk.
Stortinget ber regjeringa forsterka norsk innsats for fred i Sudan.
Stortinget ber regjeringa styrka tilskotsordninga for freds- og nedrustingsorganisasjonar i Noreg i framlegg til statsbudsjett for 2026, og gjera denne meir føreseieleg og langsiktig for organisasjonane.
Stortinget ber regjeringa sørga for at sivil forsking på fred og sikkerheit får auka finansiering og stabile rammevilkår, inkludert at forskingsinstitutt som forskar på fred og sikkerheit, får auka grunnløyvingar.
Stortinget ber regjeringa føreslå eit forbod mot handel og anna næringsverksemd som bidrar til å oppretthalda Israels ulovlege okkupasjon og nærvær i Palestina.
Stortinget ber regjeringa koma tilbake til Stortinget med forslag til reviderte etiske retningslinjer for oljefondet som set ein stoppar for fondets investeringar i selskap som sel våpen til land som bryt FN-pakta og/eller krigens folkerett.
Stortinget ber regjeringa auka Noregs kapasitet til å straffeforfølga brotsverk mot menneskeslekta.
Stortinget ber regjeringa fremja forslag om å styrka det norske bidraget til Den internasjonale straffedomstolen (ICC) med finansielle og menneskelege ressursar i statsbudsjettet for 2026.
Stortinget ber regjeringa greia ut konsekvensane av ei norsk tilslutning til Traktaten om forbod mot kjernevåpen og vurdera korleis Noreg kan fremja traktaten innan det handlingsrommet som Noregs NATO-medlemskap og tryggingspolitiske forpliktingar gir.
Stortinget ber regjeringa syta for at Noreg sluttar seg til FNs atomvåpenforbod.
Stortinget ber regjeringa etablera eit program for vennskapskommunar i samarbeid med KS, for å støtta opp under dette verkemiddelet.
Stortinget ber regjeringa arbeida for at NATO går bort frå strategien om førstebruk av atomvåpen.
Stortinget ber regjeringa støtta Ukraina i forhandlingar om ein rettferdig fred.
Stortinget ber regjeringa ta initiativ til ein internasjonal våpenembargo mot Rwanda for å stoppa krigen i Kongo.
Stortinget ber regjeringa setta ned ein fredskommisjon som skal vurdera korleis Noreg kan styrka det konfliktførebyggande og fredsskapande arbeidet, både i nærområda og globalt.