Forslag
fra femte visepresident Ingrid Fiskaa:
Forslag 1
Stortingets godtgjeringsutval vert avvikla,
slik at årleg justering av stortingsrepresentantane, regjeringsmedlemene
og statsministeren sine godtgjeringar vert gjort av presidentskapet
direkte.
Forslag 2
Stortinget ber presidentskapet fremma forslag
om å endra stortingsgodtgjeringslova slik at grensa for godtgjeringa
for stortingsrepresentantane blir sett til 9-prosentdesilen føregåande
år.
Forslag 3
Stortinget ber presidentskapet fremma forslag
om at det vert sett ei grense som sikrar at den maksimale årlege
auken i godtgjeringa til stortingsrepresentantane er eit kronetillegg
som tilsvarer frontfagets prosentvise auke av ei gjennomsnittsløn
året før.
Forslag 4
Stortinget ber presidentskapet fremma forslag
om at regjeringsmedlemmer og statsminister får eit tak på godtgjeringa
på høvesvis 1,4 og 1,75 gonger stortingsgodtgjeringa.
Forslag 5
Stortinget samtykker i at desse godtgjeringane
vert fastsett med verknad frå 1. mai 2025:
Stortingsrepresentantar
|
967 967 kr per år
|
Regjeringsmedlemmer
|
1 355 154 kr per år
|
Statsminister
|
1 693 942 kr per år
|
Forslag 6
Stortinget ber presidentskapet utarbeida forslag
til retningslinjer som sikrar at det blir mindre forskjellar mellom
det generelle lønnsnivået i Noreg og godtgjeringane for stortingsrepresentantar,
regjeringsmedlemer og statsminister.