Kommunal- og distriktsdepartementet legg i lovproposisjonen fram
forslag til føresegner om bustadkjøpsmodellar i burettslagslova
og eierseksjonsloven. Bakgrunnen for forslaget er at burettslagslova
og eierseksjonsloven i dag set grenser for kven som kan kjøpe og
eige bustader, noko som igjen avgrensar kor mange bustader som kan
tilbydast med bustadkjøpsmodell i eitt og same bustadselskap.
Lovproposisjonen foreslår føresegner som skal leggje til rette
for at tilbydarar av bustadkjøpsmodellar kan eige fleire bustader
i eitt og same bustadselskap for å tilby desse med leige til eige
og deleige i same bustadselskap. I proposisjonen vert det foreslått
lovføresegner som definerer leige til eige og deleige, og som gir
departementet høve til å fastsetje i forskrift at tilbydarar av
slike modellar kan ha ein større andel i burettslag og eigarseksjonssameige.
Lovforslaget inneheld også føresegner som skal bidra til å styrkje
forbrukarvernet ved bruk av slike modellar.