Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Kommunal- og distriktsdepartementet legg i lovproposisjonen fram forslag til føresegner om bustadkjøpsmodellar i burettslagslova og eierseksjonsloven. Bakgrunnen for forslaget er at burettslagslova og eierseksjonsloven i dag set grenser for kven som kan kjøpe og eige bustader, noko som igjen avgrensar kor mange bustader som kan tilbydast med bustadkjøpsmodell i eitt og same bustadselskap.
Lovproposisjonen foreslår føresegner som skal leggje til rette for at tilbydarar av bustadkjøpsmodellar kan eige fleire bustader i eitt og same bustadselskap for å tilby desse med leige til eige og deleige i same bustadselskap. I proposisjonen vert det foreslått lovføresegner som definerer leige til eige og deleige, og som gir departementet høve til å fastsetje i forskrift at tilbydarar av slike modellar kan ha ein større andel i burettslag og eigarseksjonssameige.
Lovforslaget inneheld også føresegner som skal bidra til å styrkje forbrukarvernet ved bruk av slike modellar.