Petter Løvik (H): Eg viser til debatten i Odelstinget om denne saka og har gleda av på vegner av Høgre og Kristeleg Folkeparti å fremje følgjande forslag:
«Odelstingets vedtak bifalles ikke.
Lagtingets anmerkning:
Det henstilles til Odelstinget å henlegge lovforslaget.»
Presidenten: Fleire har ikkje bede om ordet til sak nr. 7.
Votering:
Framlegget frå Høgre og Kristeleg Folkeparti vart med 17 mot 10 røyster ikkje vedteke.
Presidenten: Vedtaket i Odelstinget er dermed godteke av Lagtinget, og lovvedtaket blir å sende Kongen i samsvar med Grunnlova.