Odelstinget - Møte mandag den 5. juni 2000 kl. 13.20

Dato: 05.06.2000

Dokumenter: (Innst. O. nr. 83 (1999-2000), jf. Ot.prp. nr. 35 (1999-2000))

Sak nr. 6

Innstilling fra næringskomiteen om lov om endring i lov 14. juni 1985 nr. 68 om oppdrett av fisk, skalldyr m.v.

Talere

Votering i sak nr. 6

Rita Tveiten (A) (ordførar for saka): Norsk oppdrettsnæring er ei ung næring og er over den fyrste utbyggingsfasen med prøving og feiling. Næringa er no i fyrste rekkje forskings- og kunnskapsbasert. Dette medfører auka ansvar for aktørane i oppdrettsnæringa. Styrkinga av miljøprofilen i oppdrettslova er eit signal til oppdrettsnæringa om auka vektlegging av samfunnsansvaret næringa har for å ta vare på det omkringliggjande miljøet.

Stortinget har nyleg handsama St.meld. nr. 43 for 1998-99, Vern og bruk i kystsona. I denne meldinga vart ulike interesser knytte til kystsona drøfta. Me må makta utfordringa med å ta både nærings- og miljømessige omsyn. Utan suksess i dette arbeidet vert det uråd å henta ut verdiskapingspotensialet i norsk oppdrettsnæring.

Også i denne saka vil eg nemna at det frå forskarhald vert hevda at verdiskapinga frå marin sektor kan koma opp i 200-250 milliardar kr i løpet av ein 30-års periode. Det vil seia at produksjonen i oppdrett må mangedoblast, ikkje berre av laks og aure, men av nye artar, som torsk, kveite, steinbit, røyr, ulike skjelartar samt hummar.

Suksessfaktor nr. 1 er at me greier å ta vare på dei naturgjevne føremoner som me har langs norskekysten. Her finn me eit av dei mest næringsrike havområda i verda. Me har lite avrenning av næringssalt frå land ettersom det er heller liten folkesetnad langs kysten. Havet er reint og etter måten kaldt, kvalitetar som eignar seg framifrå for oppdrett av dei mest aktuelle artane våre.

Miljøfaktoren er ikkje berre suksessfaktor nr. 1 for produksjon av oppdrettsartane, men også ein heilt avgjerande faktor for å lukkast i marknadsarbeidet som må gjerast for at me skal få avsetning for produkta våre. Me har sjølve ein liten marknad og kan ikkje på nokon måte nytta alle produkta sjølve. Vår suksess er avhengig av at store kundegrupper har tiltru til våre produksjonsmåtar og til omgjevnaden våre marine produkt er framstilte i. I høyringsfråsegna vert nett dette perspektivet trekt fram som særleg viktig.

Frå styresmaktene si side må det leggjast monaleg meir vekt på å utvikla eit lovverk som dekkjer oppdrettsnæringa sitt behov i åra som kjem. Då trengst det både fornying og forenkling. Det er difor positivt at Fiskeridepartementet tek sikte på å gjennomføra ein heilskapleg revisjon av oppdrettslova.

Når det no vert etablert heimel i oppdrettslova til å innføra ei godkjenningsordning for anlegg, innretningar og utstyr til bruk i oppdrettsverksemd samt internkontroll og krav til miljøovervaking, må dette sjåast i lys av at oppdrettsnæringa etter kvart vil gjera krav på større areal i kystsona. Det vert viktig å kunna dokumentera den aktiviteten og dei tiltaka som er gjorde for å forvalta bruken av fellesressursen som kystsona er. Av same grunn vert det gjort framlegg som gjev heimel til å kunna innføra forbod mot oppdrettsverksemd i bestemte område. Slik kan konfliktflata med andre interesser minskast.

Ved å få på plass ein miljørevisjon av oppdrettslova vil næringa stå sterkare rusta når dei ulike interessene skal vegast opp mot einannan. Det er gledeleg at næringa sjølv i lag med dei ulike høyringsinstansane er samd i denne revisjonen.

Dei siste åra har gjeve store forbetringar når det gjeld helse- og miljøstatus i havbruksnæringa, men det står framleis att fleire utfordringar. Det gjeld særleg oppdrettsanlegga sine miljømessige påverknader på miljøet omkring, rømmingsproblematikk, lakselus og fiskesjukdomar. I eit slikt perspektiv må framlegget om å innføra ei godkjenningsordning av flytande oppdrettsanlegg sjåast. Ordninga er den fyrste i sitt slag i verda, og næringa sjølv understrekar trongen for ei slik ordning. Det vil kunna skilja ut useriøse aktørar, som er ei bør for ei ekspansiv næring som må ha legitimitet akkurat når det gjeld å kunna ekspandera.

I tråd med at det no vert lagt auka vekt på næringa sitt samfunnsansvar for miljøet omkring anlegget, vert det innført ei ordning med internkontroll som tek sikte på å samordna tilsynet mellom havbruks-, veterinær- og ureiningsstyresmaktene.

Eit system som sikrar at oppdrettslova med forskrifter vert etterlevd, er i oppdrettarane si eiga interesse og vil inngå som ein naturleg del av verksemda sitt kvalitetssikringssystem. Dette vil på si side danna grunnlag for nødvendig dokumentasjon til krevjande kundar, og det kan gje positive konkurransefortrinn i marknadsarbeidet.

Det vert også gjort framlegg om å vidareføra ordninga med buffersoner, som skal avgrensa kontaktflata mellom oppdrettsfisk og villfiskstamma. Ettersom det dreiar seg om areal som næringa disponerer på vegner av fellesskapet, og at det er snakk om eksklusive konsesjonar, er det etter fleirtalet sitt syn rimeleg at det vert innført heimel for innkrevjing av gebyr knytt til dei utgiftene offentlege styresmakter har i samband med oppdrettsnæringa. Men det må understrekast at det må synast måtehald med kva utgifter næringa skal hefta for.

Mindretalet, Høgre og Framstegspartiet, ynskjer å venta med eit slikt gebyr til det er gjort ein samla revisjon av oppdrettslova, og ynskjer i samband med det at det vert gjennomført ein gjennomgang av næringa si avgifts- og gebyrbelastning på ulike område.

Når det gjeld straffansvar, må oppdrettsnæringa jamstillast med andre næringar som det er naturleg å samanlikna seg med. Det kviler eit stort ansvar på aktørane i næringa ettersom det handlar om Noreg sitt omdømme som påliteleg leverandør av sjømat i ein internasjonal marknad. Det forpliktar.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 6.

(Votering, se side 482)

Votering i sak nr. 6

Komiteen hadde innstillet til Odelstinget å gjøre slikt vedtak til

lov

om endringer i lov 14. juni 1985 nr. 68 om oppdrett av fisk, skalldyr m.v.

I

I lov 14. juni 1985 nr. 68 om oppdrett av fisk, skalldyr m.v. gjøres følgende endringer:

§ 2 nytt femte ledd skal lyde:

For å sikre at anleggene har forsvarlig teknisk standard kan departementet gi forskrift om at denne loven skal gjelde for produksjon av varer og tjenester til oppdrettsvirksomhet.

Votering: Komiteens innstilling bifaltes enstemmig.Videre var innstillet:

§ 14 skal lyde:

§ 14 (gebyr)

Departementet kan gi forskrift om gebyr for behandling av søknader og for andre oppgaver som gjøres av offentlige myndigheter innenfor denne lovens virkeområde.

Skyldig gebyr er tvangsgrunnlag for utlegg.

Presidenten: Presidenten har forstått at Fremskrittspartiet og Høyre vil gå imot – det nikkes.

Votering: Komiteens innstilling bifaltes med 47 mot 21 stemmer.(Voteringsutskrift kl. 18.38.50)Videre var innstillet:

Nåværende § 14 blir ny § 15.

Nåværende § 14 a blir ny § 16.

§ 16 nytt annet ledd skal lyde:

Departementet kan gi forskrift om at bare godkjente anlegg, innretninger og utstyr kan brukes i oppdrettsvirksomhet. Herunder kan departementet gi forskrift om produksjon, emballering, transport, lagring og salg m.v. av varer og tjenester til oppdrettsvirksomhet, samt godkjenne bransjestandarder. Departementet kan gi forskrift med krav til utredning, dokumentasjon og informasjon i forbindelse med en slik godkjenningsordning.

Nåværende annet ledd blir nytt tredje ledd.

§ 17 skal lyde:

§ 17 (internkontroll)

Departementet kan gi forskrift om at den som driver virksomhet som omfattes av denne loven, ved internkontroll skal sikre at krav fastsatt i eller i medhold av denne loven overholdes.

§ 18 skal lyde:

§ 18 (miljøovervåking)

Departementet kan gi forskrift om at den som driver eller har søkt om å drive virksomhet etter denne loven, skal gjennomføre miljøundersøkelser og dokumentere miljøtilstanden der oppdrettsanlegg er lokalisert eller søkes lokalisert.

På bakgrunn av miljøundersøkelsene eller annen dokumentasjon, kan departementet sette vilkår til drift av oppdrettsanlegg samt sette i verk eller gi pålegg om nødvendige tiltak.

§ 19 skal lyde:

§ 19 (forbud mot oppdrettsvirksomhet i bestemte områder)

I områder med særlig verdi for akvatiske organismer kan departementet fastsette forbud mot, eller sette særlige vilkår for oppdrettsvirksomhet, dersom dette anses nødvendig for å bevare de akvatiske organismer i deres livsmiljø.

Nåværende § 15 blir ny § 20.

I kapittel IV blir nåværende § 16 ny § 21.

Nåværende § 17 blir ny § 22.

Nåværende § 18 blir ny § 23.

Nåværende § 19 blir ny § 24.

Nåværende § 20 blir ny § 25.

§ 25 nytt første og annet ledd skal lyde:

§ 25 (straffansvar)

Den som forsettlig eller uaktsomt overtrer bestemmelser eller vilkår gitt i eller med hjemmel i denne loven, straffes med bøter eller fengsel i inntil 1 år. På samme måte straffes medvirkning og forsøk.

Foreligger særlig skjerpende omstendigheter, kan fengsel i inntil 2 år anvendes, om ikke strengere straffebud får anvendelse.

Nåværende annet ledd blir nytt tredje ledd.

I kapittel V blir nåværende § 21 ny § 26.

II

Loven trer i kraft fra den tid Kongen bestemmer.

Votering: Komiteens innstilling bifaltes enstemmig.

Presidenten: Det voteres over lovens overskrift og loven i sin helhet.

Votering: Lovens overskrift og loven i sin helhet bifaltes enstemmig.

Presidenten: Lovvedtaket vil bli sendt Lagtinget.