Odelstinget - Møte onsdag den 5. juni 2002 kl. 12

Dato: 05.06.2002

Dokumenter: (Innst. O. nr. 49 (2001-2002), jf. Ot.prp. nr. 64 (2001-2002))

Sak nr. 3

Innstilling frå kommunalkomiteen om lov om endring i lov 4. februar 1977 nr. 4 om arbeidervern og arbeidsmiljø mv. (informasjon om ledige stillinger)

Talere

Votering i sak nr. 3

Sigvald Oppebøen Hansen (A) (ordførar for saka): Dette lovendringsforslaget er ein konsekvens av at EØS-komiteen den 12. mai 2000 avgjorde å innlemme rådsdirektiv 1999/70/EF om mellombels tilsetjing.

Lovendringa går ut på å innføre ein ny § 55 G i arbeidsmiljølova om at arbeidsgivaren skal informere arbeidstakarane om ledige stillingar i verksemda. Med andre ord vil dette sikre at alle tilsette skal få informasjon om ledige stillingar. Regjeringa går her lenger enn kravet i direktivet, som berre krev dette for mellombels tilsette, og eg synest det er grunn til å gi Regjeringa honnør for det.

Eg vil presisere at denne lovendringa ikkje inneber førerett til ledige stillingar, men ei rein informasjonsplikt for arbeidsgivarane. Bakgrunnen for dette er å unngå diskriminering av mellombels tilsette i forhold til fast tilsette.

Vidare vil lovendringa setje rammer for ukritisk bruk av mellombelse tilsetjingar. I tillegg vil deltidstilsette gjennom den informasjonsplikta som nå blir gjennomført, ha ei større moglegheit til å utvide sin stillingsbrøk. Og det er positivt.

Komiteen helsar lovendringa velkommen og sluttar seg til dei endringane som er føreslegne. Eg registrerer at departementet definerer omgrepet «alle arbeidstakarar» til også å gjelde dei som er i omsorgspermisjon, og eg vil berre be statsråden om å stadfeste at dette også gjeld dei som er sjukmelde/langtidssjukmelde, at dei òg kjem inn under det samme omgrepet.

Statsråd Victor D. Norman: Det er en selvfølge at de som er sykmeldte og langtidssykmeldte, men som fortsatt er ansatt i bedriften, også omfattes av begrepet.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 3.

(Votering, se side 308)

Votering i sak nr. 3

Komiteen hadde innstillet til Odelstinget å gjøre slikt vedtak til

lov

om endring i lov 4. februar 1977 nr. 4 om arbeidervern og arbeidsmiljø m.v. (informasjon om ledige stillinger)

I

I lov 4. februar 1977 nr. 4 om arbeidervern og arbeidsmiljø m.v. skal ny § 55 G lyde:

Arbeidsgiver skal informere arbeidstakerne om ledige stillinger i virksomheten.

II

Loven trer i kraft fra den tid Kongen bestemmer.

Votering:Komiteens innstilling bifaltes enstemmig.

Presidenten: Det voteres over lovens overskrift og loven i sin helhet.

Votering:Lovens overskrift og loven i sin helhet bifaltes enstemmig.

Presidenten: Lovvedtaket vil bli sendt Lagtinget.