Odelstinget - Møte torsdag den 6. mai 2004 kl. 11.34

Dato: 06.05.2004

Dokumenter: (Innst. O. nr. 68 (2003-2004), jf. Dokument nr. 8:49 (2003-2004))

Sak nr. 2

Innstilling fra finanskomiteen om forslag fra stortingsrepresentantene Øystein Hedstrøm, Ulf Erik Knudsen og Gjermund Hagesæter om lov om endring i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane (Unntak fra eiendomsskatt for telekominstallasjon)

Talere

Votering i sak nr. 2

Presidenten: Da sakens ordfører er medlem av Lagtinget, vil Heidi Grande Røys ha ordet på vegne av saksordføreren.

Heidi Grande Røys (SV) [11:39:00]: Odelstinget handsamar i dag eit dokumentforslag frå Framstegspartiet, Dokument nr. 8:49, om å gi unntak for eigedomsskatt for telekominstallasjonar. Fleirtalet i komiteen tilrår å avvise forslaget, og eg skal i det vidare argumentere for det synet, og eg går ut frå at Framstegspartiet, som er mindretalet, vil argumentere for sitt.

Den historiske grunngivinga for at telekominstallasjonar vart fritekne for eigedomsskatt tidlegare, var at dei var eigde av staten og rekna som allmennyttige føremål. I dag er desse derimot eigde av ulike teleselskap som driv på rein kommersiell basis og følgjeleg ikkje kan forvente ein slik føremon. Dette har då Høgsterett slege fast gjennom sin dom av 23. januar 2002 i ei sak mellom Nesset kommune og Telenor Telecom Solutions AS.

Å fjerne retten til å påleggje eigedomsskatt på akkurat desse installasjonane vil vere å favorisere ei bestemt næring. Det kan ein sjølvsagt gjere, men då må ein ha ei god og næringspolitisk grunngiving. Fleirtalet kan altså ikkje sjå at Framstegspartiet har tilstrekkeleg argumentasjon for forslaget.

Forslagsstillarane argumenterer for at eigedomsskatt ikkje bør kunne krevjast inn på slike installasjonar, fordi eigedomsskatt vanlegvis skal vere ei form for kompensasjon som kommunane mottek for kommunale utgifter. Poenget er, som òg finansministeren skriv i sitt brev til komiteen, at eigedomsskatt har ikkje berre denne grunngivinga. Omsynet til å skaffe kommunen inntekter generelt er i dag ei vel så anvend grunngiving som den fyrste.

Forslagsstillarane meiner vidare at eigedomsskatt på slike installasjonar kan bremse breibandbygginga i distrikta. Til det er å seie at kostnadene ved å betale kommunal eigedomsskatt er relativt marginale. Dessutan kan jo kommunar som meiner at dette er eit viktig omsyn akkurat i sin kommune, fritt la vere å skrive ut slik skatt på verk og bruk. Men då er det altså kommunane si avgjerd, og ikkje Stortinget si.

Fleire av organisasjonane som har skrive brev til komiteen i denne saka, har vist til ein komitemerknad frå næringskomiteen i samband med den såkalla breibandmeldinga. Men eg vil jo seie at det er ein forskjell på det komiteen seier i den merknaden, nemleg at dei «savner en vurdering av» forskjellige typar hinder, og nemner denne eigedomsskatten som eitt av hindra, og på den andre sida å støtte eit forslag utan den vurderinga som næringskomiteen har sagt at han «savner». Å bruke den merknaden til inntekt for Framstegspartiets forslag vil ikkje eg vere med på. Då har ein på ein måte òg frykta minst interesse frå kommersielle aktørar i distrikta. Der er òg inntektene frå eigedomsskatten minst. IKT-Norge skriv i sitt brev til komiteen:

«Det er samtidig klart at det hovedsaklig er de store bykommunene som vil få inntekter av betydning. I de grisgrendte strøkene vil inntektene være mer beskjedne.»

Det er klart at dersom nokre kommunar har beskjedne inntekter, er det òg nokre selskap som har beskjedne utgifter. Så å bruke dette som ein distriktspolitisk argumentasjon er ikkje vi med på.

Eigedomsskatten er ein viktig del av lokaldemokratiet. Det er opp til kommunale og fylkeskommunale styresmakter å avgjere om dei vil ha slike inntekter, og vi bør ikkje blande oss borti det, med fritak for verken det eine eller det andre. For éin ting er iallfall sikkert: Hadde vi opna opp for dette, er det mange gode formål som står i kø for å sleppe eigedomsskatt. Dermed vil over tid inntektsgrunnlaget i kommunesektoren smuldre bort. Truleg vil ikkje Framstegspartiet vere så lei seg for det, for skattar er no eingong ein uting i Framstegspartiet sine auge. Men det er iallfall ikkje ei retning som vi ynskjer å støtte.

Med dette vil eg anbefale komiteen si tilråding i saka.

Gjermund Hagesæter (FrP) [11:43:23]: Framstegspartiet er ueinig med fleirtalet og også ueinig i det meste av det saksordføraren nettopp no presenterte. Vi synest det hadde vore viktig å få til eit fleirtal for å fjerne retten til å krevje eigedomsskatt på teleanlegg. Vi er av den oppfatninga at det er viktig å leggje forholda best mogleg til rette for utbygging av mobilanlegg, breiband og annan relatert infrastruktur. Det er openbert at dette er ein ekstra kostnad, og det vil også vere ei konkurranseulempe, som kan medføre at vi får manglande utbygging.

No blir det sagt at dei største kostnadene ved eigedomsskatt på teleanlegg vil vere i tettbygde strøk. Det er nok riktig. Men problemet er ikkje manglande utbygging i tettbygde strøk. Her vil nok ikkje eigedomsskatten hindre utbygging. Men derimot i grisgrendte strøk ute i Distrikts-Noreg, der ein har marginal lønsemd i utgangspunktet, kan dette vere det som medfører at ein ikkje får utbygging. Det vil ikkje Framstegspartiet vere med på.

Det blir også sagt av saksordføraren at kommunane kan velje å la vere å ta eigedomsskatt på verk og bruk, dersom dei meiner det. Det kan dei sjølvsagt. Men her er vi i den situasjonen at kommunen finn ut at det kan vere føremålstenleg for kommunen å leggje eigedomsskatt på verk og bruk, samtidig som dette kan vere negativt for Noreg totalt sett. Derfor meiner vi at retten til å krevje eigedomsskatt på teleanlegg må fjernast, ved ei lovendring i Stortinget.

Vi viser også til breibandmeldinga, som saksordføraren så vidt også tok opp, St.meld. nr. 49 for 2002-2003. Der sa ein det klart at hinder for utbygging av breiband måtte fjernast. Innanfor bransjen har ein oppfatta dette slik at dette var eit klart signal om at det også gjaldt økonomiske hinder som eigedomsskatt på teleanlegg.

Eg synest det er dumt at fleirtalet ikkje sluttar seg til dette utmerkte forslaget frå Framstegspartiet. No er det for så vidt ikkje for seint å snu enno, men eg trur vel ikkje det er så stor von om det. Men eg vil uansett til slutt ta opp forslaget frå Framstegspartiet.

Presidenten: Representanten Gjermund Hagesæter har tatt opp det forslaget han omtalte.

Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 2.

(Votering, se nedenfor)

Votering i sak nr. 2

Presidenten: Under debatten har Gjermund Hagesæter på vegne av Fremskrittspartiet satt fram følgende forslag:

«Vedtak til lov

om endring i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

I

I lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane gjøres følgende endring:

§ 4 annet ledd annet punktum skal lyde:

Til verk og bruk vert m.a. rekna fabrikkar, sagbruk, steinbrot, fiskevær, saltehus, lenser, utbygde vassfall og vassfallsstykke, demningsverk, losse- og lasteplasser og liknande arbeids- og driftsstader, likevel ikkje anlegg som nyttast til slik verksemd som er omfatta av lov 4. juli 2003 nr. 83 om elektronisk kommunikasjon.

II

Loven trer i kraft straks og med virkning fra og med 1. juli 2004.»

Det vil bli votert alternativt mellom dette forslaget og innstillingen fra komiteen.

Komiteen hadde innstillet:

Dokument nr. 8:49 (2003-2004) – forslag fra stortingsrepresentantene Øystein Hedstrøm, Ulf Erik Knudsen og Gjermund Hagesæter om lov om endring i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane (Unntak fra eiendomsskatt for telekominstallasjoner) – avvises.

Votering:Ved alternativ votering mellom komiteens innstilling og forslaget fra Fremskrittspartiet bifaltes innstillingen med 56 mot 12 stemmer.(Voteringsutskrift kl. 11.54.05)